Viser innlegg med etiketten Pyntetips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pyntetips. Vis alle innlegg

søndag 6. juli 2014

DIY: Eigne pyntekort til Project Life

(Diverse pynt og mønsterark. Kronediesen er fra Provocraft/Cuttlebug, doily og ornament er stansa ut med Silhouette, og barnefigurane har nokon laga for meg. Den norske teksten har eg printa ut fra Word.)

Eg liker Project Life for det gjer det enklare og raskare for meg å få bildene mine i fine album. Core kit'ene har egentlig alle korta eg treng, men når eg skal gå gjennom albumet og fylle det med pyntekort så liker eg å ha litt andre kort også. Eg foretrekker å ha eit godt utvalg med pyntekort liggande sånn at prosessen med å få albumet ferdig går fortare.

(Hjort fra October Afternoon. Sommerfugl fra Crafty Individuals. Alv fra The Greeting Farm. Hus fra Autumn Leaves. Diverse Magnolia).

Pyntekort med stempeltrykk, og Magnolia-motiv som eg har fargelagt. Eg har mange stempel etterkvart, men mange av dei har blitt lite brukt. Derfor er det kjekt å kunne bruke dei i Project Life albuma mine.

Mange mønsterark er fine å bruke som dei er, uten ekstra pynt på. Så av og til deler eg opp nokre av mønsterarka mine i 3x4 og 4x6 størrelser og har dei liggande til eg har ei passande side å bruke dei på. (Det er ein fin aktivitet å holde på med mens eg ser på tv eller er sammen med familien i stua).

4x6 kort med diverse enkel pynt. To av korta har ungane tegna på, til feriealbumet vårt.

Kartong eg har delt opp i 3x4 størrelse og prega med embossingfoldere fra Cuttlebug. Desse er fra Provocraft/Cuttlebug.

(Alv og prinsesse fra Scrap and Tubes. Småjenter, traktor og bamse fra Digiweb Studio. Ugle fra PixelPaperPrints. Alv med tryllestav fra Babystar Design.)

Etter at eg begynte med Project Life er eg blitt glad i å kjøpe clip art på nettet (det fins også mykje gratis). Desse printer eg ut, enten ved å sette dei inn i eit Word dokument eller printe ut via printerens fotoutskrift-program (på 4x6 kort). Dei er også fine å bruke til vanlige kort og andre papirprosjekt.

(Kamera fra Sarah Hurley. Rosa og blått kort fra Lori Whitlock. "Family memories" og "It's a beautiful day.." fra Designer Digitals. Kaffikoppen er fra Etsybutikken Illustree. "Love this life" og "If you want to.." er freebies fra Becky Higgins.)

Eg kjøper også andre digitale element (som PL kort og -kits, digi stempel o.l) eller printer ut freebies eg finn på nettet. På Pinterest-boardet mitt Project Life cards & freebies samler eg mange gratis PL kort som kan skrives ut.

Nokre av bilda i dette innlegget har eg vist tidligare i bloggen min. I fjor la eg ut dette innlegget: Printer ut kort og pynt til Project Life, og i mars skreiv eg eit innlegg om Project Life korta eg laga i appen Rhonna Design.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.


onsdag 2. mai 2012

I minstejentas babyalbum del3

Her er nokre av pynte- og tekstkorta eg har laga til minstejentas album. Eg fyller albumet med tekst og bilder, og der eg har ein plass til overs set eg inn eit pyntekort eller ein del av eit fint mønsterark.

Desse korta laga eg då eg var på hobbykveld med nokre veninner. Dei andre strikka eller hekla, mens eg hadde med meg papirstæsj og laga pyntekort. Korta hadde eg skjært opp i riktig størrelse på forhånd.

Mens ungane scrappa så satt eg ved sidan av og stempla på desse blanke korta (kartong). Desse skal eg bruke til å skrive tekst på (tekstkort).

Stempla tekstkort (og eit pyntekort med rådyr på)

Stempla pyntekort

Stempla tekstkort der eg har fargelagt motiva, desse er i str 10x15 cm.

Desse tekstkorta laga eg i fjor, her er fleire av denne typen: Tekstkort til mitt og babyens 365 album.

Tekstkort og pyntekort. Her har eg brukt tekstkort og pynt fra diverse produsenter.

Nokre pyntekort må eg lage mens eg held på med albumet sånn at det heile passer litt sammen. 

Her har eg brukt ein del diectus, blondeserviett og klistermerker. På bildet nederst til venstre har eg delt eit klistermerke i to og satt det på eit mønsterark som eg hadde i to fotolommer.



fredag 27. april 2012

I minstejentas babyalbum del2

Litt om teksten og pynt eg bruker i albumet.

Eg bruker ipod touch og app'en Awesome Note til å notere små og store ting, bla. har ungane kvar si dagbok der eg skriv litt om dei med jevne mellomrom. Dei første vekene og månedane til minstejenta så noterte eg ting i dagboka hennar daglig, og på slutten av vekene eller måneden satte eg meg ned og skreiv litt av dette på eit tekstkort til albumet hennar. Ved å gjere dette såpass ofte så fekk eg mykje av teksten i albumet på plass med ein gong.

Når eg vil kose meg med litt papirhobby, og veit at det kanskje berre blir tid for det ei lita stund, lager eg gjerne tekstkort eller pyntekort til albumet. Ovenfor har eg eit par tekstkort- det eine er pynta med rubons, mens eg på det andre berre har brukt rester av eit mønsterark. Mønsterark kan vere pynt i seg sjølv (som på det eine pyntekortet) eller eg bruker kort som eg har stempla på.

Her har eg brukt eit nydelig mønsterark i eit par tomme fotolommer, og tenker at dei kanskje ikkje treng meir pynt enn motivet som er på dei.

Her er eit knippe nydelige mønsterark som eg ønsker å bruke i albumet hennar når eg har brukt opp litt av det andre eg har laga klart.

Det å skjære opp kort til pynt eller tekst er ein fin ting å holde på med når eg ser på tv eller hovudet mitt må vere ein anna plass enn med det eg held på med ;) Når eg set meg ned med ungane for å scrappe med dei så har eg vanskelig for å konsentrere meg om mitt eige fordi det er så mykje dei lurer på eller vil snakke om. Og då er dette ein akkurat passe aktivitet for meg.

Dei store korta passer i ein fotolomme og er ca 10,2 x 15 cm, dei mindre korta er halvparten så breie.

Simple Stories' "Baby steps" er ein nydelig serie som eg bruker i albumet hennar.

I denne veska har eg samla ein del pynt som eg kan bruke i albumet hennar. Crop in Style's Paper sticker binder.

På høgre sida i veska er det eit par store plastlommer til oppbevaring av pynt, og på venstre sida er ulike plastlommer. I midten ligg ein emballasje til eit babyplagg- ypperlig til å oppbevare dill og dall inni.
Inni denne veska har eg bla. kles-merkelapper, hennar første sokker, rubons, diecuts og anna papirpynt, klistermerker, bling, tekstkort m.m

Eg har fleire av denne typen veske fordi dei er så fine å oppbevare småting i på ein oversiktlig måte. Man kan få kjøpt lommer i ulik størrelse og design. Perfekt for alle mine diecuts.


Og også for større ting som samlepakke for klistermerker og mønsterark.


onsdag 25. april 2012

I minstejentas babyalbum del 1

Minstejentas album er eit ring-album, og eg vart som sagt inspirert av Becky Higgins' Project Life då eg skulle lage det. Album og dei fleste fotolommane er fra WeRMemoryKeepers (kjøpt hos Bikuben). I dette første innlegget tenkte eg å vise litt bilder fra korleis albumsidene ser ut. I seinare innlegg kjem det bla. pynt og kort eg har laga til dette, pynt eg bruker, oppbevaring m.m

Sida ovanfor er den første sida i albumet. Eg delte eit mønsterark opp i 6, kvart "kort" er ca 10x15 cm sånn at dei passer i fotolommane. Etterkvart kjem eg kanskje til å bytte ut fleire av mønsterark-korta med bilder. Og så kan eg bruke korta ein anna plass i albumet. Det kjem kanskje litt meir pynt på denne sida etterkvart også, for albumet er langt fra ferdig enda.

Den første tida på sjukehuset

Når eg framkaller bilder så setter eg ofte sammen to bilder på eit 10x15 bilde. Og så deler eg bildet i to når eg har framkallt det. Her har eg limt det oppå eit mønsterark-kort.

Denne sida er fra ein dag vi var hos ei veninne som er fotograf. På det eine tekst-kortet har eg skreve om korleis det gjekk med fotograferinga, og på det andre har eg skreve om korleis jenta mi var då ho var 2 veker gammel.


Litt nærmere... I nokre fotolommer er det bilder, i andre er det kort av mønsterark, minner eller anna pynt.




På albumsida ovanfor har eg pynta nokre av bildene/korta med ord. Desse har eg skreve i eit word-dokument og printa ut.

Her vises det bedre:

Eg synest dette er ein enkel og fin måte å lage album på. Det å lage vanlige, store scrappesider er blitt litt nedprioritert ei stund. Så dette er eit akkurat passe stort format for meg. Eg kan fylle albumet med bilder (uten å måtte lime dei inn), og når eg får ei ledig stund så kan eg sette meg ned med det for å skrive litt tekster eller pynte litt i det.


Tidligare innlegg eg har skreve om albumet hennar:
I innlegget I minstejentas album  viste eg nokre scrappa sider i albumet.
Og i kategorien Scrapping: Babyalbum er alle innlegga samla.

mandag 23. april 2012

Vårt familiealbum 2012 (Project Life)


Då eg skreiv dette innlegget: Project Life: 52 veker i bilder og andre familie-fotoprosjekt, så var planen at årets familiealbum skulle vere ei fotobok som eg laga på pc'en. Etter mykje tenking fram og tilbake (og inspirasjon fra alle andre som bruker Project Life) så har eg komt fram til at eg i år skal bruke vanlig fotoalbum (ring-album) med fotolommer, og framkalle bildene.

Eg er, som mange andre, langt på etterskudd når det gjeld å få framkallt bilder. Bilda eg tok dei 5-7 åra etter at eg blei mamma for første gong (i 2000) har eg limt inn i album. Planen var å pynte masse i desse albumma, men der ligg eg også på etterskudd. Men etter å ha sett gjennom desse albumma no i helga så har eg innsett at pyntinga ikkje er det viktigaste. Bilda og teksten er det viktigaste- og dette er på plass.

Men så er det nokre år der eg ikkje har satt så mange bilder i album. Planen var å lage fotobøker  med desse, men der er eg ikkje komt skikkelig igang. Eller rettare sagt- det blir ikkje prioritert.
Men istedenfor å prøve å oppdatere meg på dei åra eg ikkje har fått i album, så skal eg heller ta 2011 og 2012 først. Og når det passer, ein eller anna gong, så skal eg gå litt lenger tilbake i tid. Men eg har jo laga skjermsparere av mange bilder fra tidligare år- så ungane får jo sett desse også.

Vårt familiealbum 2012 (Project Life)
Det som tar tid med fotoalbum (uansett om det er å lage fotobok på pc'en eller framkalle bildene) er å sjå gjennom kva bilder eg vil ha med, kanskje redigere dei litt, og skrive inn teksten. Og teksten er, for meg, nesten like viktig som bildene. Derfor prøver eg i år å skrive teksten på forhånd, og ikkje etter at bildene er komt på plass.

Dette er klart på forhånd:
Album og fotolommer er kjøpt inn (fra WeRMemoryKeepers)
Kort til tekst er laga, printa ut eller kjøpt (eg skal skrive eit innlegg om dette seinare)

Teksten i albumet:
Eg skriv ned ting i kvardagen etterkvart som det skjer. Det kan vere små ting, som eit av barnas uttrykk, kva dei gjer, rutiner eller ting vi gjer som familie. Eller ei oppsummering av den aktuelle veka. Dette tar berre nokre minutt. Og om eg ikkje rekk det så noterer eg stikkord i almanakken min, eller eg skriv om større begivenheter på ipoden.

Nestle-emballasje sidan eg prøver dette produktet som Buzzador, og eldstejentas nye telefon.

Bildene i albumet:
Eg skal prøve å ha kun ei dobbelside med bilder og tekst pr veke. Om det blir for mange bilder (det blir det lett!) så kan eg sette inn ein ekstra fotolomme eller eg lager eit bilde med fleire bilder på. Det blir veeeldig mange bilder i familien vår- vi har mange historier å fortelle både sammen og kvar for oss. Men skal eg bruke alle desse bildene så blir det mange fulle album. Med Project Life skal eg prøve å kun ha med dei viktigaste bildene, men også andre minner. Og ein av dei positive sidene med å bruke ring-album er at eg kan sette inn andre ting også- som tegninger fra ungane, diplomer og andre ting- det treng ikkje nødvendigvis berre å vere bilder.

Om eg prioriterer det så kan eg i løpet av året framkalle bildene til 2012- albumet. Men det har ingen hast- det kan gjerast neste år også.

Her har eg satt inn tekst og pyntekort fra påskeveka. Desse fann eg som freebie hos Lovely Living.

Her er tekst fra ein anna veke- den veka eg blei tante igjen. Og her har eg også satt inn kollasjen fra Take Twelve som eg skreiv om her: Take twelve (12 bilder den 12. kvar måned). Eg printa ut bildene på eit A4 ark og plasserte det i ein plastlomme.

Her er nokre pyntekort eg har laga. Desse lager eg når eg har ei lita stund for meg sjølv og eg ønsker å gjere noko kreativt. Desse er mest med tekst- enten skreve sjølv eller fra Silhouette-maskina mi. Men eg har laga nokre meir dekorative til minstejentas album.

Desse pyntekorta har eg klippt ut av eit mønsterark.

Litt om Becky Higgins' Project Life:
Sitat fra Becky Higgins
"Several years ago I had a hard time keeping up with the memory-keeping that I wanted to do. I solved my own problem, developed a system that works, and now Project Life is available all over the world. On my site you'll find fun videos, yummy recipes, inspiring ideas, and some great freebies. I'm so glad you're here. Welcome!"


Becky Higgins har laga produkter som skal gjere det enklast mulig å ta vare på minnene på ein fin måte. Ho har laga album, mange ulike fotolommer (og fleire design er på vei) og ein boks med alt man treng for å fylle eit album.

Her er det tekst-kort, pyntekort og klistermerker. Nok til eit heilt album. Sidan eg liker å holde på med papir, så lager eg jo litt tekst- og pyntekort sjølv. Men for dei som vil gjere dette på den aller enklaste måten, så treng dei egentlig berre dette kit'et (i tillegg til album, fotolommer, bilder og ein penn).  Derfor ser eg for meg at eg kanskje kan gjere dette for dei bilda (fra tidligare år) som eg ikkje har fått i album enda. Kjøpe eit album, fotolommer og dette kit'et, og dermed lage eit enkelt, men dekorativt, album.

Her kan du sjå kva produkter ho har laga: Becky Higgins' products og her kan vi i Europa kjøpe produkta hennar: Project Life Europa. Ein del ting er utsolgt (då det kom i nettbutikken blei mange av produkta utsolgt med ein gong), men mykje meir er på vei...
For dei som liker å lage fotobøker på pc'en så kan man også lage dette med hennar design. Meir info finn man på nettsida hennar.

Her har eg brukt nokre av korta hennar til framsida i vårt 2012 album. Korta er på plass, no gjenstår berre bilda og litt tekst.

Dei fleste fotolommane i albuma våre er fra WeRMemoryKeepers, fordi dei var dei einaste eg fekk tak i i fjor. Men no har eg i tillegg kjøpt desse konvolutt-lommane (ca str 30,5 x 30,5 cm) fra Becky Higgins, til oppbevaring av større minner i barnas barnehage- og skulealbum.

Eg bruker Project Life-måten til mange av albuma mine; minstejentas album, USA albumet vårt, barnas skule- og barnehagealbum (eg venter spent på Becky Higgins skule-produkt som skal bli lansert snart) og til "Boka om meg".

Becky Higgins' blogg med masse inspirasjon om korleis bruke Project Life.
Pinterest-tavla mi med  inspirasjon fra andre som bruker PL