Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

tirsdag 13. oktober 2015

Eplemuffins ♥

Annakvar veke er vi på barneforening sammen med andre barn og voksne i grenda. Då pleier vi å ha med oss mat som vi setter på eit felles bord, og så har vi eit koselig måltid sammen. Då dei eldste var mindre baka eg mykje, men dei siste åra har det blitt mindre av dette og eg har ofte kjøpt noko på butikken istedet.
Men sidan vi har ein del frukt liggande må jo dette brukast, så derfor laga eg og minstejenta eplemuffins i dag.


Vi mangla nokre ingredienser, men heldigvis fann eg ein Toro-pose i skuffa, så då blei det muffins likevel. Nokre gonger lager vi ting fra grunnen av, mens vi andre gonger ikkje gjer det ;)
Eg var innom denne linken for å få litt tips : Eplemuffins ~ Det søte liv
Minstejenta fekk hjelpe til ho også.

Epler måtte vi ha


Eplemuffins på avkjøling

Vi måtte selvfølgelig smake på dei for å kjenne om dei var gode. Så tar vi med oss resten på barneforening, og lar ein vere igjen her heime som pappaen kan kose seg med når han kjem fra jobb.



onsdag 19. oktober 2011

Eldstejentas bløtkake til dåpen

Då minstejentas dåp nærma seg så hadde eldstejenta på 11 lyst til å lage ei kake, helst ri marsipankake. Men sidan vi allerede hadde bestilt dåpskaka i marsipan, så fekk ho heller lage ei bløtkake med marsipanpynt. Ho ville lage rosa roser, og måtte derfor farge marsipanen rosa først. Ho tok på seg hansker for å ikkje få den sterke fargen (fra Wilton) på hendene.

Då ho hadde fordelt fargen jevnt og fint i marsipanen kunne ho begynne å lage roser... mange roser...

Vi snakka sammen på forhånd om ideer til korleis pynte den, det er greit å ha ein plan, og ho kom fram til at ho ville ha roser og også ein sommerfugl på kaka. Vi fyllte kaka ilag, og eg dekka den med krem etterpå. Så då var det berre for ho å pynte den.
Ho la på sommerfuglen sin og pynta den med sølvkuler og spiselig glitter.

Ho måtte ha eitt eller anna på sidene av kaka, og eg foreslo desse mjuke dropsa som eg hadde liggande. Eg og mellomstejenta hjalp ho med å plassere dei på kaka.

~Det ferdige resultatet~

torsdag 11. november 2010

La ungane lage farsdagskaka

Eitt år fekk jenta mi lage farsdagskake til pappaen sin (med litt veiledning fra meg). Først måtte ho ha sukker i fløyta.

Vispe litt krem..

Eg delte kakebotnen, og så fyllte ho den med bringebærsyltetøy...

... og krem

Etter å ha fyllt kaka og smurt litt krem på toppen, måtte den pyntes

Og slik blei kaka til slutt. Mmmmmm ..

tirsdag 5. oktober 2010

Ein fin dag å lage eplemuffins på

I fleire år har eg tenkt at eg skulle prøve å lage eplekake, men det har blitt med tanken. Men i dag laga eg og mellomstejenta eplemuffins, og det er jo nesten det samme :) Den fristande oppskrifta fann eg i eit av dei siste Kamille-blada, og dei blei kjempegode! Vi måtte selvfølgelig ha muffinsformer som matcher årstida vi er inne i.

Kamilles oppskrift på eplemuffins:
100 g smør
2 stk eple
1 ts malt kanel
2 stk egg
1,5 dl sukker
1,5 dl hvetemel
1 dl havremel (vi brukte små havregryn)
1 ts bakepulver

Smelt smøret og sett til avkjøling.
Rens og del eplene i passe biter. Vend dem i kanel.
Visp egg og sukker til eggedosis.
Tilsett mel blandet med bakepulver og det avkjølte smøret. Bland inn kaneleplebitene til slutt.
Fordel røren i muffinsformene, og sett dem utover en stekeplate.
Stek muffinsene midt i ovnen ved 225 grader i ca. 10 minutt. Avkjøles på rist.

... Vi steikte våre i 13-15 minutt for å få dei skikkelig steikt, og så laga vi dobbel porsjon av oppskrifta. Då fekk vi 24 gode muffins :)

torsdag 17. juni 2010

Bursdagsgodis

Eldstejenta ønska Brownies til bursdagsselskapet sitt. Det var visst berre sånn kake ho og veninne likte :)

... og muffins i Hannah Montana-former (sidan vi hadde igjen nokre fra i fjor).

Mellomstejenta hadde prinsessetema i selskapet sitt.


Til mellomstejentas selskap måtte eg lage sjokoladekake uten egg i, sidan ei av veninnene var allergisk mot egg. Men eg kunne visst ha spart meg å lage denne, sidan den knapt blei eten av :)

Muffinsene var også uten egg, og desse blei det ete litt fleire av. Hipp Hurra for jenta vår som (snart) er 7 år!!

Det var også populært med is i kjeks. Eg fekk ein kommentar på at det var nesten som å vere i butikk, der man kunne velge kva smaker man ville ha på isen. Det likte dei tydeligvis.


Denne isen var ny for meg; melkesjokoladeis. Og den var goooood *nam*

Og godteposer måtte vi jo... og det er eit stadig tilbakevendande spørsmål... kor mykje skal vi ha oppi? Eg kan tenke meg at alle foreldre har sine eigne meininger om dette :)


Dette var innholdet i mellomstejenta sine godtepose; to tatoveringer, prinsessefløyte, fruktkarameller, hestedrops, liten kjærlighet-på-pinne, hjertesjokolade og to diamantringer.

Eldstejenta fordelte dette på godteposane "sine": Hjerte-nøkkelringer, Hannah Montana-blyanter, hestedrops, fruktkarameller, hjertesjokolader og pulver"pinner".

Eg synest det er kjekt å ha oppi litt anna enn berre snop.

lørdag 8. mai 2010

Gode mini-hamburgere

Mellomsjentas mini- hamburger

Forrige dagen fann eg nokre søte minihamburger-brød på Rema1000- og dei måtte prøves ut. Men mini-hamburgere såg eg ikkje så dei måtte eg lage sjølv. 
Og det er noko eg lenge har tenkt på; å lage karbonader eller kjøttkaker. Eg er så heldig å bu i nærheten av svigermor, og har innimellom fått smake dei gode kjøttkakene hennar.
Derfor har eg lenge tenkt at eg skulle prøve å lage nokre sjølv (har jo ikkje gjort det sidan den gongen eg gjekk på skule), men det har aldri blitt... før no.

Dei blei litt tjukke, men vart ganske gode.
I går fann eg mini-hamburgere på butikken, så eg kjøpte dei for å sjå om dei smaker bedre :)

fredag 23. april 2010

Ein middagsfavoritt

Dette har blitt ein familiefavoritt her i huset; kylling-nuggets (kjøpt på Rema1000).

Når vi ein sjelden gong har vore på McDonalds, så har det hendt at eg har bestillt nuggets til ungane ,istedenfor hamburger, fordi eg visste at dei ikkje kom til å ete hamburgeren likevel. Men dei har egentlig ikkje likt nuggets'ene heller.
Derfor var eg spent første gongen eg hadde desse nuggets'ene til middag her i huset. Kva kom ungane til å meine? ....Men dei elska denne middagen, og no er det stor stas når vi set dette på bordet :)

søndag 21. februar 2010

Kakebakst

Eldstejenta og mannen laga muffins.

Vi feira bursdag i helga, så det har ikkje blitt tid til så mykje anna enn forberedelser og selskap. På fredag såg eg for meg at eg kom til å stå på kjøkkenet til langt ut på natt. Men så var eg så heldig å få god bake-hjelp fra mann og barn, og då blei alt gjort på mykje kortare tid.


Oreokake må lages i fleire omganger. No er krem og kjeks på plass...

Minstemann er ikkje så glad i sjokoladekake og ønska seg derfor gele til bursdagen; så gråtass-gele it is. Denne var det eldstejenta som laga (med litt hjelp til å håndtere den på det varmaste).

Men vi andre er glade i sjokoladekake og måtte ha litt av den sorten også. Mellomstejenta og mannen laga denne.

Sidan alle hjalp til var det godt å kunne sette seg ned seinare på kvelden og nyte litt av fredagen.

søndag 7. februar 2010

Ungane elsker å raspe gulrøtter

Ungane liker å vere med å lage mat, og det å raspe gulrøtter er intet unntak. For å gjere skrelle-prosessen litt enklare så bruker dei ostehøvelen til dette :) Etterpå får dei raspe så lenge dei vil, og ofte må dei dele på denne oppgåva- for alle vil jo helst vere med.

søndag 31. januar 2010

Kanin-boller, lokomotiv-boller og andre boller...

Det nærmer seg minstemanns bursdag, så i dag har vi baka boller som vi skal fryse ned og ta opp igjen då. For å gjere noko litt ekstra ut av det, fann vi fram figur-kakeformer; lokomotiv og kaniner.

Jentene, som hadde vore ute på skitur med pappaen, kom inn i rett tid og rakk å vere med på kakebaksten.



Ferdigsteikte lokomotiv-boller

.... og litt skillingsboller...

Ein liten smakebit har det blitt, og enda litt meir skal vi kose oss med til kveldsmaten i kveld.

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hos Foreldremanualen.

torsdag 3. desember 2009

Når en pepperkakebaker baker pepperkaker... og litt pepperkakeformer

No er dette riktignok kakemenn da, men pytt.... Denne koselige kakebakinga fann stad for litt over ei veke sidan då vi laga kakemenn hos mamma. Jentene overnatta der og laga pepperkaker etter at eg og minstemann hadde reist heim.

Kjekt å prøve ut litt eigne vri'er før dei voksne får sleppe til

Eg er veldig glad pepperkakeformer, og har ein del frå den gongen eg var Cacas forhandler. Desse som er på bildet er riktignok ikkje frå den tida. Den gule (hestehovud) har mamma liggande frå den gongen eg (eller søstra mi) var med i Pennyklubben for mange år sidan.
Dei rosa formene fekk jentene i adventskalendaren i fjor (prinsessekrone og sommerfugl).

Jada... denne frøkna veit kor tjukk kakedeigen skal vere... men det er morsomt å lage nokre kakemenn som er litt utenom det vanlige av og til...

Kakebaksten i ovnen; bla. nisse med sekk på ryggen, engel, mikke mus (måtte ha mange av denne sidan vi snart skal til Disney World), juletre og jente med hestehaler.
Nam nam... det blei tatt meir enn ei smaksprøve etterpå...

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hos Foreldremanualen.

mandag 30. november 2009

God hjelp med kakebaksten


Jentene elsker å få vere med på å lage mat, derfor var det stor stas å få vere med på å lage årets ristopper. Eldstejenta var på juleverkstad, og då fekk mellomstejenta den gøyale oppgåva. Ho var med på dette i fjor også- og med dreven hand piska ho egg og sukker, og fyllte muffinsformene med sjokoladedekkte gryn.



Når ho står sånn så ser eg kor høg ho er blitt. Det er sånn innimellom... at eg tenker at no har ho (eller søskna) blitt så store. Det føles som om dei veks i rykk og napp (noko dei gjerne gjer). Småbarnspreget forsvinn meir og meir, og den lille ungen blir meir og meir ei JENTE.


mandag 26. oktober 2009

Prinsessepasta på menyen

Stas for mine søte små når det stod prinsessepasta på menyen ♥
Eg kjøpte denne pastaen på europris for ei stund sidan (i tillegg til Cars-pasta), og no hugsa eg endelig på å bruke den :)

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hosForeldremanualen.

tirsdag 28. juli 2009

Jordbær, blåbær og andre bær + svar på kommentarer

Har ikkje ete jordbær på over ei veke, så då eg var i byen i dag og såg ein jordbær-selger som solgte det- så måtte eg kjøpe litt og har kosa meg med det i kveld. Han hadde skreve på ein plakat at det var siste dagen han hadde jordbær for salg- så no er sesongen over.... Forhåpentligvis har vi kanskje litt i frysen som vi kan kose oss med i vinter.
Men vi kan no kanskje nyte bringebæra og blåbæra littegrann til, og snart er det jo bjørnebær-tid :) (Svigerinna mi har bær-gård, så vi får litt godsaker derifra)

*Nam, jordbær*


* I forgårs kosa eg meg med denne mixen (blåbær, bringebær og litt rips)*

* Min sjokoladefavoritt i sommer; bringebærtopper *

Svar på kommentarer:

* Neet: Søkte litt på nett for å sjå om eg fann ein nettbutikk til der eg kjøpte koppene fra. Butikken heiter Kitch'n og har nettside; http://www.kitchn.no/ (men eg fann ikkje koppane då eg var ein rask tur innom nettbutikken)

* Favorita67: Bakgrunnen i bloggen har eg lånt fra http://thecutestblogontheblock.com/

* Eirin: Så bra at du fann litt stæsj til Hannah Montana bursdagen :)

Takk for alle kommentarer- det er så koselig å få besøk av dere og eg setter pris på at dere legger igjen spor etter dere :) Og takk for alle utfordringane eg har fått i det siste, eg skal prøve å ta dei :)