Vi har ei rød "kiste" med utkledningskle, eller dvs. vi hadde. Den har etterkvart blitt så full at vi måtte finne ein større boks å ha det i.
Uansett så elsker dei små å kle seg ut, og då er det greit å ha kle og utstyr liggande på ein fast plass sånn at dei er enkle å finne fram (og rydde på plass igjen etterpå).
- Pandamaska er kjøpt på Nille
- Den gamle skjorta hadde ein av ungane med seg i barnehagen ein gong, der dei fekk klippe og male på den og bruke når dei hadde sjørøver som tema.
- "Kina"skjorta har eg frå då eg var lita
- Prinsessekjolen solgte dei på Lindex ein gong, så då fekk jentene kvar sin til jul.
- Hundemaska er egentlig ein papptallerken, kjøpt i eit sett med fleire dyr på Rema 1000
- Ballettdrakta brukte eldstejenta ein gong vi var hos fotografen
- Marihøne-drakta er arva
- Morgenkåpa i silkestoff har vi to av, sidan jentene fekk kvar si av ein slektning.
- Brannhjelmen fekk vi då det var Brannverns-veke
- Vinger må alle små prinsesser ha
- Eldstejenta vann den blå Barbie-kjolen i ein tegnekonkurransen (fra filmen Prinsessa og Fattigjenta)
- Ein svart heksekjole som eg har kjøpt
- Ein rosa silkekjole som mamma kjøpte til meg eller søstra mi då vi var små
Så ungane har litt å velge mellom når dei kler seg ut (vi har ein del meir enn på bildene), og ekstra kjekt er det for kusiner og veninner å komme på besøk- for då kan dei også få kle seg ut som prinsesser når dei er her.
Har dere utkledningskle til deres små?
Gøy gøy gøy å kle seg ut!!!! vi har littegrann, men vil nok bli mer etter hvert. Ungene liker det kjempegodt!
SvarSlettklem
Lise