Viser innlegg med etiketten Layouter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Layouter. Vis alle innlegg

onsdag 25. april 2012

I minstejentas babyalbum del 1

Minstejentas album er eit ring-album, og eg vart som sagt inspirert av Becky Higgins' Project Life då eg skulle lage det. Album og dei fleste fotolommane er fra WeRMemoryKeepers (kjøpt hos Bikuben). I dette første innlegget tenkte eg å vise litt bilder fra korleis albumsidene ser ut. I seinare innlegg kjem det bla. pynt og kort eg har laga til dette, pynt eg bruker, oppbevaring m.m

Sida ovanfor er den første sida i albumet. Eg delte eit mønsterark opp i 6, kvart "kort" er ca 10x15 cm sånn at dei passer i fotolommane. Etterkvart kjem eg kanskje til å bytte ut fleire av mønsterark-korta med bilder. Og så kan eg bruke korta ein anna plass i albumet. Det kjem kanskje litt meir pynt på denne sida etterkvart også, for albumet er langt fra ferdig enda.

Den første tida på sjukehuset

Når eg framkaller bilder så setter eg ofte sammen to bilder på eit 10x15 bilde. Og så deler eg bildet i to når eg har framkallt det. Her har eg limt det oppå eit mønsterark-kort.

Denne sida er fra ein dag vi var hos ei veninne som er fotograf. På det eine tekst-kortet har eg skreve om korleis det gjekk med fotograferinga, og på det andre har eg skreve om korleis jenta mi var då ho var 2 veker gammel.


Litt nærmere... I nokre fotolommer er det bilder, i andre er det kort av mønsterark, minner eller anna pynt.




På albumsida ovanfor har eg pynta nokre av bildene/korta med ord. Desse har eg skreve i eit word-dokument og printa ut.

Her vises det bedre:

Eg synest dette er ein enkel og fin måte å lage album på. Det å lage vanlige, store scrappesider er blitt litt nedprioritert ei stund. Så dette er eit akkurat passe stort format for meg. Eg kan fylle albumet med bilder (uten å måtte lime dei inn), og når eg får ei ledig stund så kan eg sette meg ned med det for å skrive litt tekster eller pynte litt i det.


Tidligare innlegg eg har skreve om albumet hennar:
I innlegget I minstejentas album  viste eg nokre scrappa sider i albumet.
Og i kategorien Scrapping: Babyalbum er alle innlegga samla.

tirsdag 6. desember 2011

I minstejentas album

I minstejentas album set eg mesteparten av bildene inn i fotolommer, men då eg fekk mønsterark-pakken i serien "Baby Steps" (fra Simple Stories) scrappa eg nokre av bildene fra ein fotoserie eg tok av vesla. Dei nydelige arka passer veldig godt i babyalbummet hennar.
(Tekst til nokre av bilda vil bli skreve på dei store tekst-korta når eg får tid)









Alle innlegga om babyalbummet kan du lese her: Babyalbum

Desse fotolommane har eg brukt til desse sidene:
bilder lånt fra bikuben.com
 

søndag 29. mai 2011

LO med eldstejentas tegna figurer på

For nokre år sidan ba eg eldstejenta tegne nokre figurer på syrefritt papir som eg kunne bruke på ein layout. Ting tar jo litt tid, men tegningane har eg spart på og no fekk eg lyst til å lage ein LO med figurane hennar på. Det er koselig å sjå kva figurer ho tegna på den alderen og det å bruke dei som pynt på ein LO er ein fin måte å få vist dei fram på. Eg har også med bilder fra ho var på den alderen, og teksten handler om kva ho likte og kva favoritter ho hadde då.

Detaljer:
Teksten skreiv eg på eit ark med bølgekanter. Til tittelen har eg brukt minibokstaver. Og i tillegg til dei tegna figurane så har eg også brukt fargerike knapper.




Miniknapper som pynt på eit av bilda

mandag 16. mai 2011

LO:Solskinn

Ein LO om solskinnsjenta mi og hennar nye tunika.

Detaljer:
Boble (pebble) over ein detalj på mønsterarket (kaninen). Jordbær-Mathilde (fra ein tags eller eska til ein leike) med ein papirblomst bak.

Prima-blomst med ein dekorativ brads i midten.

Kaninene og huset i mønsterpapiret er halvveis klippt ut for så å la dei vere foran tekst-tag'en. På den eine sida av tekst-tag'en har eg pynta med ein hekla blomst, blondebånd og ric rac bånd.

Stor Prima-blomst med rondell og brads i midten. Søtt bånd. Ein "Kids"-tag fra eit gammelt barneplagg. Og ein dekorativ pebble med kaniner.

Filtbånd, hekla blomster, pyntenål, sommerfugl med brads og kvite streker som ramme på bildene.

lørdag 14. mai 2011

LO: Kul gutt med badebriller

Ein enkel LO med bilde av min badende gutt på. 

På denne LO'en fekk eg brukt ein av blomstrane som eg hekla tidligare i år. I tillegg brukte eg også filtbord (swirl), dråpecharm, blå bling og brads i midten av hekleblomsten.

Eg brukte både glitterbokstaver (thickers) og mini-bokstaver.

Denne hjerteblingen var ikkje på då eg tok bildet av LO'en, men blei satt på etterpå fordi eg ville ha den der. I tillegg har eg tegna oransj ramme rundt bildet for å få inn ein litt anna farge enn berre blått.

søndag 1. mai 2011

LO: Spekkhoggarane i SeaWorld

Ein dobbel LO om Shamu og spekkhogger-showet vi såg på i SeaWorld.

I teksten på denne LO'en har eg bla. skreve litt om spekkhoggarane i SeaWorld (litt info som dei små kan lære av). Eg har ikkje brukt noko særlig pynt pga det dekorative mønsterarket, men eg har laga bølgekant på tekstfeltet. Eg har også brukt ein del småbilder (nokre har eg tatt sjølv, og andre er lånt på nettet).

Denne LO'en handler om spekkhogger-showet som vi såg på nyttårsafta 2009. Ikkje så mykje pynt på denne heller, men eg har brukt rubons og bølgekant på tekstfeltet, svarte linjer på bilda for å lage ei ramme på dei, og tre brads øverst på arket.

søndag 24. april 2011

LO: Sea World og suvenirmynter

Ein LO med tema fra SeaWorld, denne gongen om suvenirmyntane som vi laga sjølv i suvenirmynt-maskinene som stod rundt om i parken. Det var stas for dei små å få vere den som sveiva og laga mynten, så det måtte vi bytte på.

Detaljer:
Eg har brukt thickers-bokstaver til tittelen og pynta dei med bling. Ellers har eg brukt mini-alfa, delfin-rubon og tekst-tag fra Maya Road.

To blomster oppå kvarandre med prima-bling i midten, og så tegna eg rammer på bildene med kvit penn. Litt streker og litt bobler.

Mannen laga hol i myntene for meg, eg satte i ringer og hang dei på eit ric-rac-bånd.

onsdag 30. mars 2011

LO: A dream come true (delfin og SeaWorld)

Ein LO eg har laga til søstra mi, fra hennar fine oppleving i SeaWorld. Tekstfeltet er tomt sånn at ho kan skrive på sin eigen tekst (følelser ho hadde, tanker ho tenkte, dato og sånne ting).

Detaljer:
Brukte thickers-bokstaver på tittelen, og pynta den første bokstaven i kvart ord med rosa perler.

Eg tegna swirler med sølvtusj, og svarte streker som ramme på bilda i tillegg til den blå kartongen som eg festa bak på bilda.

Tekstfeltet klippte eg ut fra eit linjert mønsterark, og brukte ein punch for å lage dekorative kanter på det. Eg pynta tekstfeltet med rub ons fra SeaWorld, og eit par blomster med perle i.