Viser innlegg med etiketten * Kvardagslykke og små gleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten * Kvardagslykke og små gleder. Vis alle innlegg

mandag 5. mars 2018

Feel good - tips

Feel good- tips: Finn minst 3 ting du er takknemlig for kvar dag.

Eg pleier å skrive nesten ei side kvar dag, eller seier det til meg sjølv.
Både små og store ting. Og det gjer ikkje noko om det er litt av det samme du var takknemlig for i går.




lørdag 24. februar 2018

Kva gjer du for deg sjølv?


Spør deg sjølv kvar dag: kva skal eg gjere for meg sjølv i dag?
Og kvar dag bør du gjere noko som er for deg sjølv, der du tar vare på DEG og gjer ting du liker.
Ved å gjere dette vil du få eit bedre liv, bedre helse og det vil også smitte over på dei rundt deg.

lørdag 8. april 2017

Følte at noko mangla i livet mitt


Tidligare laga eg ein del kort og hold på med ulike hobbyprosjekt. Det å kunne bruke ulike materialer og få lage noko har alltid gitt meg mykje glede. 
Dette har blitt nedprioritert dei siste åra, og for nokre måneder sidan innsåg eg at det var noko som mangla i livet mitt. Noko eg trengte, men som ikkje var der... og det gjekk etterkvart opp for meg at det var nettopp dette- å kunne laga noko fordi eg hadde lyst til det og ikkje fordi eg måtte eller hadde bestillinger på det.

Så no "øver eg opp" kreativiteten min igjen, gjer det eg føler for og prøver å sette av tid til dette så ofte eg kan.

torsdag 21. april 2016

Gavekort-shopping

Handelshuset bytta navn til Amfi Førde denne veka, og i den anledning får vi kunder muligheten til å skrape lodd kvar dag. Handelshuset har hatt liknande konkurranser før, uten at eg har hatt noko særlig hell- men denne gongen var det min tur å vinne. Artig å skrape og få full pott på første forsøk :)

Eg og minstejenta hadde fri i dag og tok turen til Førde for å hente dei nye brillene hennar. Vi henta gavekortet i samme slengen og kunne gå i butikker og shoppe litt "gratis".
Vi fekk også ta ein titt på den nye maskoten Amfelia.

Eg fekk gavekort, mens minstejenta fekk drops og kjærlighet fra Amfelia og kontoret.


Ho fekk også velge seg ein ting som vi betalte med gavekortet. 
Det var stas!

Det blei kjøpt litt nyttige ting, og nokre litt mindre nyttige. Og eg må nok bort ein gong til for å bruke resten.


mandag 5. oktober 2015

Ein fin høstdag

Det er deilig med flotte høstdager som i dag, den måtte nytes utendørs.

Eg og dei yngste reiste i banken for å tømme sparebøssene deira (banken arrangerer ofte opplegg i høstferien), mens den eldste gjerne blei igjen heime og laga horn til oss.

Då vi kom heim kledde vi godt på oss (sidan vi bur på skyggesida der sola ikkje kjem til lenger), og gjekk tur i skogen.

Vi hadde tilbudet om å bli med ein anna gjeng på tur i dag, men sidan eg veit at dei eldste ikkje hadde blitt med dit så tok vi heller ein tur sammen her heime. Det smakte godt med nybakte horn og varm drikke (rett i koppen og solbærtoddy) ute i den kjølige høstlufta.

I ein travel kvardag er det lett å gløyme å bruke tida sånn. Eg hadde mange ting eg burde ha gjort i heimen, men dette er ein mykje meir verdifull opplevelse å ha med seg enn at huset ser tipp-topp ut.

Sammen er ein fin plass å vere ♥


fredag 3. august 2012

Blomster på døra

Gutten min bruker traktoren til det meste. Ein dag fekk han traktoren opp trappene og halvveis inn utgangsdøra, og kom med blomster til mammaen sin *skjønningen*



fredag 30. mars 2012

Fra storebror til lillesøster

Ein dag hadde storebror med seg ein pakke heim fra barnehagen. Den var til lillesøster som han er så glad i.

Han hadde vevd eit lite teppe til ho <3


tirsdag 19. april 2011

Små og store gleder (veke 15)

Fargen rosa og ein frisk blomsterbukett

Nokre gonger kan det vere lurt å bevisstgjere seg sjølv på nokre av dei små gledane man har i livet. Dette kan vere spesielt viktig når livet føles litt tungt og trist. Her om dagen las eg ein artikkel om ein mann som var ganske langt nede. Han begynte å blogge, og kvar dag blogga han om ei glede han hadde opplevd den dagen. Dette gjorde til at han etterkvart såg mykje lysare på livet og kom seg ut av den tunge tida. Eg synest å hugse at han til slutt laga ei bok om desse gledene også. (Desverre hugser eg ikkje kva han heitte eller bloggadressa hans, veit nokon av mine lesere det?)

Her er nokre av mine gleder som eg opplevde forrige veke

  • Den første nydelige og varme vårdagen
  • Sesongens første is utendørs (og spesielt ungenes glede over dette)
  • Etter å ha tenkt på det lenge fekk eg endelig bestillt meg frisørtime
  • Eg har bestillt meg nye solbriller (med styrke) etter å ha hatt dei samme solbrillene i over 10 år (sidan den gongen eg begynte med briller).
  • Ein kafètur med ei veninne det var lenge sidan eg hadde prata med
  • Eit par nye kaniner i vinduskarmen
  • Ein tur oppover i skogen, for endelig var snøen vekke!
  • Eg har ferie i 2 veker!
  • På basar med mange kjente og gode naboer, og så er det veldig kjekt når ungane vinn.

  • Ein tur innom H&M og handle litt nytt til alle mine små
  • Å endelig bli ferdig med ei fotobok, det skjer ikkje så ofte.
  • Vårens første lam kom til verden
  • Ein klem fra mine små
  • Å sjå eldstejenta lese bok for minstemann
Her er ein artikkel kvinneguiden har skreve om emnet: Små og store gleder

lørdag 19. februar 2011

Utekos og kvardagslykke

Gå ein liten tur med familien i skogen og grille pølser

Drikke varm kakao

Sjå på naturens små kunstverk..

.. og minstemanns små påfunn- to pølser er bedre enn ei :)

Utekos og kvardagslykke

tirsdag 24. november 2009

Frost

For eit par veker sidan var det kaldt. Vi har mista sola for i år og derfor føles det kanskje litt ekstra kaldt når eg ser ut glaset. Det er mørkt pga at fjellet lager skygge over landskapet og frosten dekker det meste.
Vi ser såvidt at sola skin på fjelltoppane, men det hjelper ikkje oss som bur her i skyggeland. Sola gjer at det føles enda kaldare og mørkare her som vi bur...

Himmelen er blå og sola skin, men hos oss er det mørkt og kaldt.... Det er faktisk lysare hos oss når det er lettskya og sola ikkje skin gjennom skydekka. Då er dagslyset likeins overalt.

Men det er fint òg...
Når bakken og alt anna er dekka med kvite frostkrystaller.
Når ungane fryder seg, fordi det har komt noko som likner på snø, og det går såvidt an å ake og å gå på ski.


Og det er med dei kalde og mørke skuggane, som med regnet som har prega høsten... vi kan ikkje gjere noko med det. Ein kan ikkje la det plage seg, for det har inga hensikt. Ein må heller finne dei små og store lyspunkta i kvardagen. Desse tinga som vi kanskje ikkje tenker over, men som betyr så mykje.





Winter is the time for comfort, for good food and warmth, for the touch of a friendly hand and for a talk beside the fire:  it is the time for home.  ~Edith Sitwell


I am grateful for the lawn that needs mowing, windows that need cleaning, and floors that need waxing because it means I have a home.  ~Author Unknown

tirsdag 13. oktober 2009

Det fine med regn ♥


Det fine med regn er at elver og bekker blir fulle av 
vatn, rørsle og liv ♥

fredag 25. september 2009

Nydelige høstdager og ting eg er takknemlig for i dag


Mange er lei av regnet som har prega både sommeren og høsten, og eg synest også at alt er mykje bedre når det er sol og fint. Men det at det regner gjer meg egentlig ingenting (sjølv om eg liker opplett bedre). Eg tenker heller over kva ting som gjer meg glad, istedenfor å tenke på kva eg ikkje er fornøgd med.
I løpet av ein dag "stopper eg opp" fleire gonger, og tenker over dei små tinga som gjer meg glad og som eg set pris på.  Berre i løpet av dagen i dag har det blitt mange små og store ting.


Dette er noko av det som har gjort fredagen min så fin:

♥ Jentekvelden som varte til over midnatt i natt
♥ Dei flotte hjortane som eg køyrer forbi
♥ Naturens mange nydelige farger
♥ Mykje god musikk på radioen når eg er ute og køyrer
♥ Fotoapparata mine

♥ Dei flotte kollegaene mine
♥ Dei skjønne ungane eg jobber med
♥ Merke at eg lærer dei små på jobben nye ting
♥ Ein stille og rolig pause, heilt for meg sjølv *nyte*
♥ Blomstrane eg fekk på jobben i dag (forsinka bursdagsgave)
♥ Handle litt på salg (til ungane)
♥ Nye scrappeblad


♥ Då eg henta jenta mi i ein bursdag, var vi innom den lokale matbutikken. Der kan vi forsyne oss med varm drikke. Og vi tok med oss kvar vår kopp med kakao då vi køyrte heim att. Er ikkje så ofte vi gjer det.

♥ Kom heim (var sliten og trøtt) og sette meg i godstolen, med ungane rundt meg. Såg pinocchio- filmen. Drakk kaffi av favorittkoppen. Og åt grandiosa-pizza. (Er sjelden vi et grandiosa, og sjelden at vi koser oss sånn på fredagskveldane- det blir mest sånt på lørdagskveldane-).

♥ Las alle dei fine kommentarane som dere har lagt inn i bloggen min dei siste dagane. Tusen takk!! Eg prøver å besøke alle som legg igjen kommentarer, men ligg litt etter med sånt for tiden. Men med tiden vil eg besøke dere alle!

♥ Akkurat no set eg stor pris på senga mi, som eg snart skal finne. Og ser fram til at eg kan sove lenge i morgon ♥

mandag 14. september 2009

Takknemlig for

Ute skinner sola, og dagen er fin :) Jordbærpiken har skreve om ting ho er takknemlig for i dag, og eg følger hennar eksempel. Her er det eg er takknemlig for i dag:

♥At eg fekk fiksa pc'en og bloggen min :)
♥ Det er SOOOOL
♥ Den fine alvekoppen som eg har drukke av i dag.
♥ At det er mandag og eg har fri
♥ At datarommet mitt er mykje ryddigare enn det har vore på lenge
(pga hylla som mannen laga til meg i helga som medførte rydding)
♥ Det eg har fått gjort i huset til no i dag
♥ Koselig samtale med veninna mi på msn
♥ Ein gledelig nyhet fra ei anna veninne
♥ Dei gode pærene som er komt tilbake i butikken
♥ Glad-musikken som strøymer fra høgtalarane
♥ Pakken som kom med posten i dag ♥
♥ Den koselige barnehagen som minstemann går i


I dag har eg tatt bilde av den nydelige utsikten vår, i solskinn. Tenker å kanskje bruke den som skrivebords-bakgrunn på pc'en når høstvèret setter inn igjen og når dagane blir kaldare. Då kan eg sjå på den solrike utsikten på pc'en istedenfor den kalde og grå utsikten som er ute ♥

Eg laga meg ei liste over kva eg måtte få gjort i dag, men eg har berre fått gjort halvparten (stryker over for kvar ting som er gjort). For at det skulle kjennes litt bedre så har eg no skreve opp alle dei tinga eg har gjort i dag, som ikkje stod på lappen fra før, og strøke over desse også. For då ser eg at eg har faktisk fått gjort litt i dag likevel ♥

torsdag 10. september 2009

Sett pris på vèret og tenk positivt

I går då eg køyrte heim fra jobb blei eg, som så mange gonger før, veldig fascinert av vèret på min veg. For kvar nye retning eg tok, så forandra himmelen seg. Fra grått og regn, til kvite skyer og så regn igjen. Og deretter glimt av sol og blå himmel for så å sjå gråe skyer langt ned i fjella, før det letta igjen.


Eg synest det er så fint å sjå korleis vèret kan forandre seg, berre i løpet av ein køyretur.
Mange har kommentert at dei er lei av regnvèr no, og det skjønner eg jo. Men det hjelper jo ikkje at ein plager seg sjølv med sånne tanker. Ein kan ikkje gjere noko med vèret her og no. Prøv heller å finne positive ting med regnet, eller prøv å ikkje tenke på det. Tenk heller på alle tinga i kvardagen som du set pris på i løpet av ein dag. Tenk på positive ting eller tenk tilbake på minner som får deg i godt humør- hent fram denne følelsen og behold den, istedenfor å tenke negative tanker som berre gjer dagen meir negativ og humøret dårligare.

Her klarner det opp, og eg blir glad over å sjå blå himmel :)
Eg veit sjølv at regnet kan gjere tankane og livet tungt. Når vi mister sola i oktober og får den tilbake i mars, så er det fantastisk å endelig få sol gjennom vindua ein tidlig vårdag. Alt blir så mykje lettare då. Men eg har begynt å tenke meir positive tanker. Til no har det fungert veldig bra. Det at det har vore regn veldig lenge har egentlig ikkje plaga meg. For vi er jo heldige som har eit litt varierande vèr. Og vi set meir pris på dei solrike dagane, når vi har hatt regn ei stund. Det merka eg sjølv i forrige veke då det var eit fantastisk vèr på torsdagen.
Eg prøver også å tenke over alle dei fine tinga rundt meg, kvar dag. La dei positive tankane styre dagen min, istedenfor å tenke så mykje på det negative. Det prøver eg å skyve vekk, ved å finne gode tanker å tenke.


Her skin det enda meir opp- herlig!

Det begynner å skye til, men sjå så vakkert det er når solstrålane presser seg gjennom skyene!


Det skyer meir til.... Nydelig variasjon på himmelen

...Og skyene letter igjen

Eg har hatt lett for å føle meg innestengt og nedtrykt når det regner sånn som det gjer no. Og det er kanskje ikkje så rart når regnet går loddrett ned, og får alt til å føles tungt. Men no har eg hatt mange fine dager- fordi eg har forandra litt måten å tenke på.
Tenk så deilig å gå ein tur ut i regnet og få litt frisk luft (deilig!) for så å komme inn igjen og då sette stor pris på å vere komt innendørs.
Tenk på gleden ungane har av å vere ute i regnet (så lenge dei er tørre og varme) :)
Tenk så koselig å dempe belysningen og tenne masse stearinlys, og nyte roen og tilværelsen.
Eller slå på mest mulig lys i eit rom, og føle seg våken og opplagt. Eg liker å ha det lyst rundt meg.
Ein kan sette på musikk som gjer ein glad. Eller gjere ting sammen med ungane som gjer dere alle glade.
Dette var nokre av mine regnvèrs-tanker i dag :)
No ønsker eg dere alle sammen ein god og positiv dag vidare, uansett kva vèr du har rundt deg
Over skyene er himmelen alltid blå og sola skinner.


Alle snakker om været, men ingen gjør noe med det.
Mark Twain


Har en ikke solen, må en lage en.
Victor Hugo


Loving Clouds
How I love to watch the clouds
Peacefully, peacefully drifting by
Silently upon the breeze
They ease across the clear blue sky.

How they build and roll and tumble
Just like angels out to play
Dancing with the sylphs and fairies
Head o'er heels along the way.

Each new shape is quite amusing:
Puffs to great majestic towers
Building for their loving gift
To bless the earth with vital showers.
by Craig Nicholson

torsdag 3. september 2009

Lykke- etter regn så kjem sol


Så deilig at det var sol i dag!!!
Då eg fulgte jentene til bussen i dag tidlig var det så friskt og fint ute. Litt skyer, litt sol og deilig frisk sjøluft. Eg trudde at vi berre hadde regn i vente, sidan det stort sett har vore grått vèr i det siste, og derfor hadde eg ein del ting eg hadde tenkt å gjere inne i huset i dag.
Eg sa til jentene at dei måtte ha på seg jakker som tålte regn, for det blei sikkert vått i dag òg.

Då eg kom inn i huset att satte eg og minstemann oss i sofaen og las litt blader og bøker. Men istedenfor at det blei gråere ute, så forsvann skyene meir og meir. Var det virkelig så fint vèr ute som det virka som?
Og ja... ute på trappa skein sola fra nesten blå himmel. Så godt det var med litt sol igjen!

Go' koppen min er god å drikke av når det er grått og trist ute, men den var ekstra god i dag når sola skein :) Eg fann solbrillene mine lengst nede i veska (er mange veker sidan dei sist blei brukt) og tok med meg ut boka som eg held på å lese i. Minstemann fann trillebåra si, og "jobba" med gras og sand.

Eg prøver innimellom å tenke gjennom kva som har gjort meg glad og kva eg har satt pris på i løpet av ein dag. Eg pleier også å spørre ungane om dette når eg sit på sengekanten deira om kvelden; har dagen deira vore fin? Har det skjedd noko som var kjekt eller som dei blei glad for? For å også bevisstgjere dei litt på dei små og gode tinga i livet.
På sånne dager er det ikkje vanskelig å komme på mange sånne ting.
Dette er noko av det som har gjort dagen min så fin i dag:
  • Sol, varme og frisk luft
  • Synge eit par sanger sammen med minstemann, mens eg laga fart til han på dissa.
  • Ha fri fra jobb. Og ha muligheten til å nyte denne fine dagen ute i sola sammen med minstemann (og ei god bok- er ikkje så ofte eg tar meg tid til å lese bøker).
  • Glede minstemann med å lage "nistemat" til lunsj som vi kunne ete ute.
  • Sommerfugler som flaug rundt oss innimellom (men dei var vanskelige å ta bilde av ;) ).
  • Nyte stillheten og kun høyre på fuglesangen fra skogen.
  • Bladet Mamma, som kom i posten i dag.
  • Ta i mot to blide jenter som kom heim fra skulen.
  • Måltidene vi hadde sammen, heile familien (middag og kveldsmat). Og den fredeliga stunda eg og mannen har sammen etterpå, når ungane er mette og har sprunge fra bordet.
  • At då vi begynte med tran og sana sol igjen i dag, så likte ungane det forsatt- sjølv om det er mange måneder sidan sist.
  • Å få den vanlige kosen og klemmen fra minstemann, før pappaen skulle legge han om kvelden.
  • Den gode samtalen med kvar av jentene då eg la dei.
  • Litt tid til scrapping og blogging.


Fotoverden var det i dag skreve ein artikkel, av Miriam, om signering av bilder. Tusen takk for tipset :)