Viser innlegg med etiketten Foto: Fra gamle dager. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto: Fra gamle dager. Vis alle innlegg

lørdag 13. mars 2010

Scanner bestemors gamle bilder

Eg lånte med meg bestemors bilder for å scanne dei. Dette er fleire måneder sidan, men i dag fekk eg tatt siste rest av albuma. Samtidig som at det er ein ting eg har hatt lyst til å gjere, så er det òg ein ting eg har følt at eg måtte gjere. Kanskje mest for min eigen del, men også for søstra mi, ungane mine og andre i familien. Dette er minner som vi ikkje vil miste. Dyrebare skatter frå ei tid som ein gong var..

Lille meg

tirsdag 22. september 2009

70-tallskjøkken


Fann dette bildet blandt dei gamle bildene som eg held på å scanne. Kor bildet blei tatt er eg usikker på, men kjøkkenutstyret er vårt (muligens dette er bryllupsgaver mamma og pappa fekk den gongen dei gifta seg). *mimre*

lørdag 12. september 2009

Bestemors gamle fotoalbum

Photobucket
Mamma og søskna hennar
Då eg besøkte bestemor så fekk eg lyst til å sjå på gamle bilder. Det endte med at eg tok med meg mange gamle fotoalbum heim. Planen var å scanne dei gamle bildene med mamma, besteforeldre og oldeforeldre på. Grunnen var i utgangspunktet at eg fekk lyst til å ha desse bilda, av dei eldre i slekta- fra dei var små og til dei blei litt eldre. Kanskje kan eg komme til å sjå likheter mellom dei og mine eigne små?

Photobucket
Eg og bestemor satte oss ned med dei eldste bilda, og ho fortalte meg litt om kven som var avbilda. Eg fekk også vite mykje som eg ikkje visste fra før, og noterte for fullt mens bestemor snakka om korleis livet var den gongen. Ein gong skal eg lage ei fotobok med bildene som eg scanner, og legge ved bestemors kommentarer og minner :)

Då eg kom heim og fekk sett nærmare på alle bilda kom eg fram til at eg også måtte scanne bilder med tante, onkel, søskenbarn og andre som eg veit kven er. Dette er dyrebare minner. Og kven veit kven som vil arve dei ein gong? Derfor kan det vere fint å ha sitt eige eksemplar, som eg kan dele med dei som ønsker det. Og i tillegg er det jo veldig greit å kunne ha eit par digitale backup'er av dei.

Photobucket