Viser innlegg med etiketten * Meg og mine. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten * Meg og mine. Vis alle innlegg

mandag 17. april 2017

Fototips


Ta bilde av noko dei små liker å holde på med. Spill og det dei speler på endres fort, og kan vere kjekt å sjå tilbake på. Dette bildet er tatt for nokre år sidan då ei av jentene mine spelte sitt favorittspel på pc'en. Legg også merke til mobilene som ligg ved sidan av :)


søndag 18. september 2016

Sommerferien 2016 i fotobok

Det er alltid kjekt å få ei ny fotobok i posten. Eg ligg på etterskudd med album fra tidligere år, men feriebildene er stort sett komt på plass sånn at resten av familien også kan sjå dei.
Grunnen er nok at eg lager sidene mens vi er på ferie, og då tar det ikkje lange tida å få dei i bok og framkalle den når vi kjem heim.

Her er nokre av sidene fra årets ferie. Sidene er laga i Project Life appen.
Første dagen på sommerferie

Vi var ein tur bortom svenskegrensa

Fint å gå tur i skogen

Ein dag i Tusenfryd

Mykje gøy i parken


Norsjø ferieland er ein av våre favoritt-campingplasser

Ein utflukt for å sjå på slusene


I alle album så prøver eg å få med opplevelsene vi har og plassene vi er på. Men det som er vel så viktig er bildene der fleire av oss gjer noko sammen. Bilder som gir oss ein god følelse og som bringer fram dei kjekkaste minnene. Nokre av desse sidene er meir private så dei blir nok ikkje delt her.



søndag 7. august 2016

Ein dag med slåttearbeid på gården

Om sommeren tilbringer kuene og sauene nokre måneder på fjellet, mens vi på gården jobber med å få vinterens fòr i hus. 2-3 gonger i løpet av sommeren bruker vi eit par veker på dette, og då er det ikkje rom for så mykje anna.
I går delte eg nokre glimt fra dette på snapchat så eg tenkte eg kunne dele nokre av dei her også.

Graset i dei bratte bakkane blir slått med slåmaskin, raka sammen og traktoren med vossakasse får det i hus.

Jentene mine imponerer med sin arbeidsvilje og styrke. Graset samlast i silotalja og "armane" slås på plass med slegger.

Teknologien hjelper til med å få graset opp i siloene

Greit med ting som forenkler jobben litt

Edderkoppen

Når graset er komt i riktig silo jamnast det ut før neste haug kjem


Alle bidrar

Vi har ein gutt på avlastning hos oss, så derfor slepp guttane litt unna gårdsarbeidet denne dagen. Det er nok dei to eldste som gjer den største jobben (i tillegg til min mann)


Nokre gonger om dagen rumler magen og kroppen treng påfyll. Minstejenta fann ut at ho kunne vere dørvakt og passa på at ingen gjekk inn med skitne sokker og sko (likevel blir det merkelig mykje gras innendørs i huset når det er slåttetid)

Mange støvler får seg ei pustepause

Glad for at eg har denne kremen i min eigen nettbutikk. Hendene mine blir gjerne såre av å holde på med raking og gafling over lengre tid, men denne gjer at det går fort over og dei blir klare for ei ny økt.

På slutten av dagen blei litt av graset slått i rundballer så då fekk silo-arbeidarane fri.

På snap deler eg familieliv, gårdsliv og glimt fra min eigen business. 
Du er velkommen til å følge meg viss du har lyst




torsdag 23. juni 2016

Barnas planer for sommeren

Så var det den tida på året igjen. Tida som skulebarna gjerne ser fram mot i lang tid, og når den endelig kjem så blir dagene roligere.... Dei første dagane er dei gjerne litt rastløse, og veit ikkje heilt kva dei skal finne på. Men så kjem dei raskt inn i det og dei neste sommervekene flyr avsted.

Men for å kanskje få litt meir ut av ferien, og for å ha ei ideliste å sjå på når dagene kan bli kjedelige (og Ipaden eller mobilen alt for ofte blir tatt fram) så laga eg ei Sommerliste til mine eldste i dag. Eg printa ut ei til kvar, og to er allerede fylt ut.

Lista laga eg ganske raskt i Word, så det er mulig at eg kjem på fleire punkt til neste års sommerliste etterkvart.


søndag 22. mai 2016

Det er herlig på stølen

I forrige veke var familien på årets første stølstur sammen. Vi måtte gå gjennom beitet på veien, men dyra var raske å flytte seg når vi kom nærmare.

Når alle er med så har vi nokre faste plasser der vi stopper for å ta oss ei lita pause.

Det er for det meste oppoverbakker

Men heldigvis nokre flater innimellom

Utsikten blir bedre og bedre di høgare opp vi kjem

Endelig  ved målet

Man må hugse på å skrive seg opp i boka. I år klarte minstejenta å skrive sitt eige navn.

Vi liker å spele, og minstejenta var klar nesten før eg var komt inn døra.

Ungene liker å finne fram den gamle radioen, sette batteria i og leite etter ein passende radiokanal vi kan høyre på.

Flagget blir også satt ut

Det å vere på stølen gir ro i sjelen

Eit måltid på stølen handler om meir enn berre maten. Det å gjere noko sammen, på denne fredfulle plassen...og så smaker jo maten ekstra godt når man er her, sjølv om den er er ganske enkel.

Eg liker å ta bilder av ungene når dei gjer noko sammen. Dei er nokre av dei mest verdifulle bildene i familiealbuma, og viser dei i etterkant at dei også har det kjekt ilag (sjølv om dei nokre gonger er irriterte på kvarandre). 

Stølen er ein fin plass å vere

På veg ned att måtte vi  leike litt i snøen

Eldstejenta (som er den raskeste av oss) bruker 35 minutt på å gå/springe opp hit, mens vi bruker litt meir enn 1,5 time når vi går alle ilag. I år klarte minstejenta å gå heile veien. Det var litt tungt innimellom, men ho klarte det- så det var jo kjempebra :)

I fjor tok vi konfirmasjonsbildene til eldstejenta på stølen, dei kan du sjå her: Konfirmasjonsbilder


tirsdag 3. mai 2016

Ein fin formiddag med minstejenta

På med prinsesseskoa...
Minstejenta er ikkje så glad i å skifte kle om morgonen, så på fridagene våre går ho gjerne i nattkjolen litt lenger enn ellers ho pleier.

Minstejenta er heime med meg to dager i veka (i tillegg til helga). 

Når dei eldste har reist på skulen koser vi oss ofte litt med barne-tv eller Netflix.

Så er det på tide å finne på noko. Kanskje perle litt på dette nye perle-settet?

Ho hadde ikkje klart å perle det aleine, men med veiledning og hjelp så går det fint. Tidligare perla ho ikkje så mykje, men etter at det viste seg at ho såg litt dårlig.. og fekk briller i høst- så går det mykje bedre.

Men det er begrensa kor mykje man orker å perle på ein gong. Det var noko anna ho heller hadde lyst til. Denne Cuttlekidsen fekk storesøstrene for nokre år sidan, men dei er ikkje så interessert i hobbyaktiviteter lenger. Men vesla er...

Ho har mange ulike former å velge mellom

Ville perle på dette brettet også- sol og blomst.

Det var nokre glimt fra formiddagen vår. 
Storebror kom heim til lunsj sidan han har halv dag på tirsdager. Mens storesøstrene kom heim til vanlig tid.
Andre ting vi har gjort i dag er bla. prøving av dress til 17. mai, vask av bunadsskjorter, lekser... No har ei reist ut i båt med venner, mens dei andre får sauer og lam inn i fjøsen før fjøstid.

Ha ein fin tirsdag videre :)