Viser innlegg med etiketten Hobbyrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobbyrom. Vis alle innlegg

torsdag 6. august 2015

Project Life oppbevaring

Eg har holdt på med Project Life i 4 år og etterkvart som det har komt fleire PL produkt for salg så har også hobbyrommet mitt blitt meir og meir prega av det.

I denne skuffa blei dei første PL-tinga mine plassert (som heimelaga kort og mitt første Cobalt Core kit), men etterkvart har tinga spredt seg meir i heile rommet.

I denne kurven har eg diverse temakort-pakker.

I boksen til venstre oppbevarer eg basic tekst-kort, og i boksen til høgre oppbevarer eg pyntekort. Begge er inndelt etter farge. Eg har også ein boks der eg oppbevarer tema-kort til td. jul, bursdag, årstid o.l.

Sidan eg lager eigne album for reiser vi er på så har eg ein del kort og pynt som passer til temaet "reise" og "sommer". Eg bruker ofte isbokser til oppbevaring av kort, og i ein av dei har eg samla sommerlige kort. Når eg har mykje pynt innen eit bestemt tema bruker eg ofte zip lock poser i ulike størrelser til å oppbevare dette i. I denne posen oppbevarer eg kort og pynt innen temaet "reise".

I nokre zip lock poser samler eg pynt som passer til eit bestemt Core kit, mens andre som sagt er inndelt etter tema. Desse to er inndelt i temaene "sommer" og "jul/vinter".

Eg har nokre Crop in Style- mapper som eg bruker til diecuts og klistermerker. Då eg skulle lage babyalbum til minstejenta fylte eg ei mappe med dette og anna pynt som kunne passer i babyalbumet.

Diecuts, klistermerker, tags o.a til babyalbumet i Crop in Style.

Clip it Up'en har blitt brukt til diverse pynt som eg sjelden brukte, så derfor bytta eg ut den gamle pynten med pynt til PL albuma mine. Her har eg bla. stempel, enamel dots, alfa-klistermerker og andre klistermerker

Ein alt-mulig-boks til diverse pynt og stæsj.

Mønsterark som høyrer til Core kit'ene, eller som matcher desse, oppbevarer eg i denne veska fra Panduro.

On-the-go veska mi, som brukes både når eg er på hobbyrommet og som er enkel å ta med seg i stova når eg held på med PL albuma mine der. Når eg set inn bilder i albuma og skriv tekster (som eg tidligare har notert på iphonen) så sit eg gjerne i stova sammen med ungane. Når eg pynter albuma liker eg å sitte på hobbyrommet der alle pyntetinga er.
Oppi denne veska har eg det eg trenger av penner, tusjer, saks, eit lite utvalg tekstkort (gjerne fra Core kit'et eg bruker), tags, saks o.l.

Dette var eit innblikk i korleis eg oppbevarer litt av Project Life tinga mine. 
Eg har tidligare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge.


fredag 27. april 2012

I minstejentas babyalbum del2

Litt om teksten og pynt eg bruker i albumet.

Eg bruker ipod touch og app'en Awesome Note til å notere små og store ting, bla. har ungane kvar si dagbok der eg skriv litt om dei med jevne mellomrom. Dei første vekene og månedane til minstejenta så noterte eg ting i dagboka hennar daglig, og på slutten av vekene eller måneden satte eg meg ned og skreiv litt av dette på eit tekstkort til albumet hennar. Ved å gjere dette såpass ofte så fekk eg mykje av teksten i albumet på plass med ein gong.

Når eg vil kose meg med litt papirhobby, og veit at det kanskje berre blir tid for det ei lita stund, lager eg gjerne tekstkort eller pyntekort til albumet. Ovenfor har eg eit par tekstkort- det eine er pynta med rubons, mens eg på det andre berre har brukt rester av eit mønsterark. Mønsterark kan vere pynt i seg sjølv (som på det eine pyntekortet) eller eg bruker kort som eg har stempla på.

Her har eg brukt eit nydelig mønsterark i eit par tomme fotolommer, og tenker at dei kanskje ikkje treng meir pynt enn motivet som er på dei.

Her er eit knippe nydelige mønsterark som eg ønsker å bruke i albumet hennar når eg har brukt opp litt av det andre eg har laga klart.

Det å skjære opp kort til pynt eller tekst er ein fin ting å holde på med når eg ser på tv eller hovudet mitt må vere ein anna plass enn med det eg held på med ;) Når eg set meg ned med ungane for å scrappe med dei så har eg vanskelig for å konsentrere meg om mitt eige fordi det er så mykje dei lurer på eller vil snakke om. Og då er dette ein akkurat passe aktivitet for meg.

Dei store korta passer i ein fotolomme og er ca 10,2 x 15 cm, dei mindre korta er halvparten så breie.

Simple Stories' "Baby steps" er ein nydelig serie som eg bruker i albumet hennar.

I denne veska har eg samla ein del pynt som eg kan bruke i albumet hennar. Crop in Style's Paper sticker binder.

På høgre sida i veska er det eit par store plastlommer til oppbevaring av pynt, og på venstre sida er ulike plastlommer. I midten ligg ein emballasje til eit babyplagg- ypperlig til å oppbevare dill og dall inni.
Inni denne veska har eg bla. kles-merkelapper, hennar første sokker, rubons, diecuts og anna papirpynt, klistermerker, bling, tekstkort m.m

Eg har fleire av denne typen veske fordi dei er så fine å oppbevare småting i på ein oversiktlig måte. Man kan få kjøpt lommer i ulik størrelse og design. Perfekt for alle mine diecuts.


Og også for større ting som samlepakke for klistermerker og mønsterark.


mandag 16. januar 2012

Oppbevaring av bånd


Sånn oppbevarer eg bånda mine:
Nokre sorteres etter farge

I denne bånd-veska oppbevarer eg bla. bånd med tekst


Eg kjøpte ein del nye bånd då eg begynte å dekorere hårklemmer. Då syntest eg dette var ein grei måte å oppbevare nokre av dei på. Mulig at eg gjer dette med fleire av bånda mine... Eg bruker ringer som man kan åpne og lukke, og det er enkelt og inspirerande å sjå bånda eg har.


Ei bøtte med ric rac bånd

Ei sko-eske med div båndpakker

Ei sko-eske med bla. blondebånd

onsdag 11. mai 2011

"Scrapping-on-the-go"- veska mi

Charms lett sortert etter tema, jentepynt, guttepynt, rondeller og anna småpynt.

Nokre gonger tenker eg at eg får ikkje scrappa ofte nok. I perioder kan det gå måneder mellom kvar gong eg får laga ei side. Og sånn er det jo berre, scrapping blir ikkje prioritert først, og når eg først gjer det så skal det jo vere fordi eg har lyst og ikkje fordi eg føler at eg MÅ. Men no har eg komt fram til at litt av grunnen kan vere at eg har så alt for mykje stæsj, og hobbyrommet føles fullt. Samtidig som at eg ikkje klarer å kvitte meg med noko, for det meste er jo kjøpt fordi eg ser det for meg på eit prosjekt.
Mykje av det eg har på hobbyrommet mitt er sortert etter tema, type og farger. Men i påska fann eg ut at eg skulle lage ein "mini-versjon" av det eg har. Noko som er lett å ta fram, lett å ha oversikt over, og lett å sette på plass igjen. Idèen om ei "scrapping-on-the-go"-veske blei til.

Denne veska kjøpte eg hos Panduro for litt sidan, og passa perfekt til formålet mitt.

5 små plastbokser med inndelte rom

Rødt, lilla og blått

Den øverste boksen (det øverste bildet) blei brukt til div småpynt. Mens eg i dei resterande boksane fann fram eit lite utvalg av pynten eg har og sorterte det etter farger. Eg fann bla. fram litt blomster, bånd, knapper, brads, chipboard, diecuts og anna.

Gult, oransj og grønt... farger det viste seg at eg ikkje hadde så mykje av

Rosa og brunt har eg derimot mykje meir av (og blått)

Kvitt og svart, og diverse tags.

Og no når dette er gjort ser eg for meg at det blir litt enklare å sette seg ned å scrappe, samtidig som eg har fått ein oversikt over kva eg faktisk har. Den er også lettvint å ta med seg om eg skal scrappe i stova eller heime hos venner.

søndag 24. mai 2009

Hobbyrommet mitt

Her er nokre bilder fra hobbyrommet mitt, bla. litt måter eg oppbevarer stæsjet mitt på. Eg har nok litt vèl mykje scrappeting, det skal eg innrømme (det kjem jo så mykje fint og nytt heile tida!). Men eg har jo tenkt å få brukt alt... ein gang... når eg får tid :)


Sånn ser det ut bak døra. På døra heng det ei stor mappe med mange lommer i til div småting som eg vil ha lett tilgjengelig. Ved sidan av står det ei cd hylle med bla. blomster og div esker med dill og dall i. I den store hylle ved sidan av er det litt forskjellig. Øverst på toppen står det skoesker; i dei har eg temaene Vinter, jul, Magnolia, 2 med minner og Lim.
I Øverste hylla står det nokre små album, ein boks med div alfabet og permer med stempler i.
I den nest øverste har eg skoesker igjen (som eg har fått fra søstra mi som jobba i skobutikk tidligare)- i dei har eg ting som passer til temaene; jente, gutt, kjærlighet og vennskap, køyretøy m.m
I midterste hylle har eg div til Cuttlebug og QK.
Nest nederst er der 3 Crop in Style-mapper (ei til klistermerker og bling, ei til div alfa og rubons og ei til diecuts).
I nederste hylle står det bleiebokser, der jentene har scrappetinga sine oppi.

Her er hylla med Cuttlebug og Qk ting. Eg har to CB permer til CB dieser, 2 QK permer og 2 Cookie Cutter-permer. I isboksen står det litt store dieser og nyere dieser som eg ikkje har satt på plass enda. Og så Cuttlebugen min til høgre.

Her er øverste delen av hylla. Med permer og skoesker i den store hylla, og div små bokser og blomster i cd-hylla.


Om å gjere å utnytte plassen. Denne hylla må eg flytte når eg skal inn i skapet, og foran hylla står det ein stol. Men eg trengte litt meir oppbevaringsplass (merkelig nok hehe). Øverst har jentene litt meir av scrappetinga sine, og Cuttlekids. Alle metallboksene i midten er fra då eg forelska meg i Maya Road sine ting, og kjøpte mange sånne.




Ved sidan av døra på den andre sida har eg dette: Ein lav hylle med diverse i... Kva som er på toppen kjem eg tilbake til. Til høgre, på sida av hylla heng det to små trådkurver med blomster og bling i.
Til høgre i hylla har eg papirhyller, svarte bokser til babypynt og familiepynt. Kurver til diverse. Og nederst er ein kasse med biler og ein boks med div bilder i.
Til venstre i hylla er det også papirhyller øverst, to bleiebokser i midten (til jentenes leiker) og nederst er det enda to bleiebokser (ja.... eg er veldig glad i desse boksene) der vi oppbevarer A4 kartong (som jentene bruker mest) og div papirpakker.
På golvet har eg eitt bilteppe og eitt teppe med paradis på, som ungane kan leike på.

Eit bilde som er litt nærmare.
Oppå hylla står det blomsterflasker, QK magpiehylle (med QK alfa i)og ein boks fra biltema med alfa-diecuts i.
Oppå biltema-boksen står det enda meir blomster og rød med raindrops i.
I den blå toten har eg diverse journaling-tags.
Oppå Magpie-hylla har eg to bokser med bånd, en boks med metallpynt og to bokser med knapper.

Enda eit nærmere bilde ;)
I papirhyllene oppbevarer eg kartongen min, sortert etter farger. Veeeeldig glad i desse hyllene!
I Ole Brum boksen har eg stæsj bla til temaene Tur og Sommer.


I denne mappa oppbevarer eg store kartongrester.


Kartongen prøver eg å sortere etter farge. Jentene får også låne litt av dette når dei lager LO'er eller trykker ut diecuts.


Dei mindre kartongrestane oppbevarer eg i denne mappa.


Dette er nokre av mappene som eg oppbevarer mønsterark i. Dei to rosa mappene er jentene sine.


Her er enda ei mappe. Nokre mønsterark sorterer eg etter farge, mens andre blir sortert etter produsent eller tema (temaer som jente, gutt, barn, disney, familie, dyr, ferie, køyretøy, vennskap, vintage m.fl.)

3 mapper med temaene; gutt, jente og diverse. Her har eg litt rub ons og anna papirpynt.


Enda ei hylle på andre sida av sofaen (ein sovesofa som brukes som gjesteseng). I dei tre lilla permane oppbevarer eg brads etter farge og tema, eyelets, raindrops og div anna småpynt. Og så synest eg Miffy er veldig søt :)
I hylla under har eg ei båndveske og div esker med bla filtpynt, alfa, lim m.m
Ved sidan av denne hylla ser dere også glimt av IKEA-hylla mi. Tidligare hang eg opp masse små poser med diecuts på den. No heng eg opp div fin pynt som eg vil sjå på (og bruke).

Denne settehylla har eg fra då eg var lita, den blir brukt til å oppbevare monterte stempler i.


Dings til å oppbevare tusjer i. Eg fallt for denne fordi det såg så greit ut at den kunne stå sånn, og ein då ville ha tusjene lett tilgjengelig..
Men det er som oftest sånn den blir liggende.. tar mindre plass då.

Her er toten som eg oppbevarer det eg bruker mest oppi. Love it
På denne sida har eg div penner til ulikt formål og limpenner.
Oppi den har eg div utstyr som eyeletsetter, papirkniv m.m

I den lille skuffa oppbevarer eg cat's eye og fargeprover. Oppafor har eg også nokre nåler hengande.

På denne sida har eg div farga penner, 3D puter og små sakser (ei til papir og ei til stempel).
Inni toten oppbevarer eg ei lita skjærematte, linjaler, tags, stempler o.l

Ja, eg veit eg har mykje... nesten så det er litt flaut. Men eg må jo innrømme at eg liker å handle scrappeting, og det aller meste som eg kjøper kjøper eg fordi eg ser for meg at eg skal bruke det til det og det bildet.
Eg har blitt mykje flinkere til å ikkje handle så mykje, for eg har jo meir enn nok å ta av.
Innimellom får eg også besøk av venner som hjelper meg med å bruke litt- koselig å treffes og scrappe eller lage kort sammen.