Viser innlegg med etiketten ~ Reise: Reisemål og attraksjoner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ~ Reise: Reisemål og attraksjoner. Vis alle innlegg

lørdag 6. februar 2016

Vinterferie-sider laga i Project Life appen

Vi har ikkje vore på vinterferie tidligare pga. jobb, gård og andre ting - men i fjor var det vår tur. Vi køyrte over fjellet og hadde ei fin langhelg på Per's hotell på Gol. Derifra var det kort vei til ulike ski-plasser, og vi hadde også muligheten til å bade i Tropicana. Det kunne vere greit å ha ein backup dersom været skulle bli dårlig og vi ikkje kom oss på ski.

(klikk på bilda for å sjå dei i større utgave)

Ein dag i Hemsedal med slalåm, leik og litt langrenn. Kartet (øverst til venstre) er funne på nettet.

Neste dag testa vi ut ein ny plass og her var det mykje meir sol, og bedre lagt til rette for både slalåm og langrenn. Mannen og dei tre eldste stod på slalåm, mens eg og minstejenta leika i bakkane, kosa oss i kafeen og varmestova, og såg på dei andre.

Den siste dagen tenkte vi å bade litt før vi reiste heimover, men sidan det var så nydelig vær testa vi heller ut ein anna ski-plass.

Det var ein herlig vinterferie med mange gode opplevelser og nydelig vær. Og då vi kom heim var det fort gjort å sette sammen bildene i Project Life appen.

-------

Eg har tidigare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge


lørdag 11. oktober 2014

Glimt fra mitt feriealbum: I dyreparken

(klikk på bildene for å sjå dei i større format)

I dag vil eg dele litt fleire sider fra feriealbumet fra i fjor sommer. Då var vi innom dyreparken og der blei det selvfølgelig tatt mange bilder. Eg tok også vare på "tags" fra ting vi kjøpte og brosjyrer som eg satte inn i albumet vårt.
På den venstre albumsida (ovenfor) har eg bilder fra veien til inngangen og bla. eit bilde eg tok gjennom appen Instaweather (den viste dagens vær på bildet eg tok). Korta er fra Project Life kit'et "Honey".
I midten av sidene har eg satt inn eit par Kaptein Sabeltann- minner.

Vi var ein tur innom "Afrika" for å sjå på dei flotte dyra der.
I lommane uten bilder har eg brukt mønsterpapir fra DCWV (Safari Chic) og rubons fra Creative Imaginations/Marah Johnson (Safari) + ein tag fra eit kjøpt klesplagg.

Løvene var staselige dyr.
Ark og rubons er fra samme produsent som eg nevnte ovenfor.

Tiger, rød panda og hjortedyra var også flotte.

Her har eg satt inn kartet over dyreparken. Eg delte det i to og putta det i ein 12x12 og ein A4 lomme.

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


mandag 13. mai 2013

Feriealbum 2012 -del 3 (project life)

På stranda og campingplassen på Norsjø Feriesenter. 
Eg har laga og printa ut runde lapper i Word,  desse bruker eg til kortere tekster og limer dei direkte på bilda. 

Ein A4 plastlomme med Norsjø Kabelpark si brosjyre.

Eg har printa ut mange freebies (og kjøpte digi filer) som eg har funne på nett. Desse bruker eg for å fylle opp dei tomme lommane :)

Ein tur innom Fagernes camping. Der hadde dei ein flott leikeplass og nyoppussa sanitæranlegg med eit flott toalett-, dusj- og stellerom for dei minste.


Dei hadde eit artig kort forma som ein bubil, så denne putta eg ned i eit par lommer i albummet. Eg måtte dele den i to for å få plass.

Ein tur til Ålesund. Litt skuffa over campingplass-tilbudet der oppe. Den som var i sentrum var full, og den som vi fann i nabobygda var nok mest brukt av fiskere. Men når der ikkje var leikeplasstilbud på campingen så fekk iallfall ungane brukt fantasien sin til å komme på andre ting å gjere.
Ungane elsker bilda eg tok i godtebutikken.

Atlanterhavsparken i Ålesund er verdt eit besøk. Mykje interessant å sjå og gjere på.

Eit fantastisk rom med god steming der man fekk sjå fiskane på nært hald.

Alnes fyr utanfor Ålesund.  Vesla fekk ein Timmy- bamse i byen, så den måtte også få vere med på bilder.




onsdag 24. april 2013

Ferialbum 2012 -del 2 (project life)

På stranda på Norsjø feriesenter

Eit 10x15 kort med mønsterark fra Clementine-papirpakken og diecut fra MME (trur eg).

Køyretur, shopping og måltid på McDonalds. Vi brukte GPS'en på iphonen min, og det tok eg skjermbilde av.

Eit besøk ved slusene. Nok ein gong bilder av kart og oppslagstavler som stod der.

Eit 10x7,5 cm kort (fra Clementine kolleksjonen) og eit bilde av vesla i samme størrelse. Eg synest dette kortet er litt voldsomt... nesten litt rotete. Men det blir  "roa ned" når eg set på ein pynt av eitt eller anna slag.

Då eg satte sammen albumet etter ferien trong eg å fylle nokre tomme lommer. Då ba eg ungane tegne kvar sine kort med minner fra ferien. Dette er det minstejenta som har tegna :)



søndag 21. april 2013

Feriealbum 2012 -del 1 (project life)

Framsida i albumet.

Dette er feriealbumet fra 2012. Eg har brukt Project Life kitet "Clementine" i tillegg til litt pynt og gratis kort som eg har funne på nettet. På framsida har eg skreve ein oversikt over plassane vi har besøkt og severdigheter vi har sett og vore med på.

Stoppa på ein rasteplass på vegen...

Eit mindre bilde (av barnas sko) på eit 10x15 kort.

Ungane fekk fylle ut kvar sine kort med kva som hadde vore kjekt den første dagen på tur.

Dette er eit stempel med bilskilt og bokstaver. Dette passa perfekt å bruke til dei ulike plassane vi ferierte på.

Eg lager ofte kollasjer med fleire bilder på i str 10x15 cm sånn at eg får plass til fleire bilder i albuma mine. (dette gjer eg i det gratise redigeringsprogrammet Photoscape).
På kollasjen med 6 bilder har eg brukt instagrambilder.

Eit besøk i Bjørneparken.


Kortet med tremønster (i midten) er eit gjennomsiktig mønsterark (fra Hambly trur eg). Det rutete mønsterarket er fra Clementine papirpakken.

Eg tok eit bilde av eit kart i parken. Etter at eg framkalla bildet tegna eg inn ruta vi gjekk.

Her har eg også brukt eit gjennomsiktig mønsterark (rosa ruter, i midten). Då ser man gjennom til neste side.

Her har eg også med bilde av eit kart som eg tegna inn køyreruta på etter framkalling. Og her er bilskilt-stempelet brukt til å skrive  Norsjø (campingplassen vi var på).

Forsettelse kjem...

onsdag 17. oktober 2012

Atlanterhavsparken i Ålesund

Då vi var på ferie i sommer besøkte vi akvariet i Ålesund; Atlanterhavsparken. Det var eit kjekt besøk både for store og små. Det å vere i akvarier eller parker med dyr er alltid ein hit blandt ungane, uansett kva alder dei har.

Vi såg mange fisker og sjødyr både i akvarier, tanker og basseng.

I kontaktbassenget kunne ungane ta på og holde bla. sjøstjerner, fisker og skjell.

Stryker ein fisk

Løfter ei krabbe (trur eg det var)


Ute kunne vi bla. sjå pingviner og leike i sandkassen der det var nedgravd eit stor vågekvalskjelett. Men det som var mest populært blandt ungane var dette flotte anlegget med elver og basseng. 

Her laga dei sluser...

... og sendte båtane gjennom dei. Her kosa dei seg og holdt på med leeenge :) Både 12 åringen, 9 åringen og 6 åringen. 1 åringen fekk ikkje vere oppe i sjølve anlegget, men fekk stå utanfor der ho leikte med vatn, bøtter og spader.

Fascinerande fiskeliv

Ein anna aktivitet ungane likte spesielt godt var å fiske krabber i krabbebassenget. Her fiska dei med reker som agn, og det var veldig spennande å sjå om krabbene tok tak i agnet og om dei klarte å fiske dei opp av vatnet :)


søndag 19. desember 2010

Julestemning i Magic Kingdom (WDW) del 2

I julebutikken i Magic Kingdom var der mykje fint, blandt anna fine julestrømper med Disneymotiv på...

...og mykje forskjellig juletrepynt. Ungane fekk velge kvar sin juletrepynt som eit minne fra turen, så no ser vi fram til å pynte årets juletre med desse.

Julekranser i lyktestolpane

Fancy juletre

Juleparade med dei ulike Disney-figurane


Og sjølve julenissen kom heilt til slutt i paraden.