Viser innlegg med etiketten Lister. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lister. Vis alle innlegg

mandag 8. mars 2010

Mine favoritt notat-apps til ipod touch

Før vi reiste til Florida i desember skreiv eg om eit par notat-apps som eg hadde kjøpt til ipod touch'en min. No har eg hatt tid til å teste dei ut litt:

Notat-app'en som eg først fallt for var MobileNoter. Denne kunne eg synkronisere med eit av mine favorittprogram på pc'en; Microsoft Office OneNote (der eg kan skrive ned alt eg har av notater på ein fin og oversiktlig måte).
På pc'en skreiv eg ned alt av info som eg ønska å ha med meg på reisa; billettnummer, telefonnummer, tips om flyreise, Disneyparker, cruise og alt mulig anna eg måtte ønske å vite. Dette synkroniserte eg med ipoden, og fekk dermed all denne infoen med meg på ferien.

Eg kjøpte også Awesome Note. Dette brukte eg ikkje så mykje på turen, men no i det siste har eg brukt denne til å bla notere meg ein del ting som har med hus og heimen å gjere.

I Awesome Note noterer eg bla.

  • Div kle som eg kjøper til ungane i neste størrelse (sånn at eg unngår å kjøpe alt for mange støvler eller regnkle i samme størrelse)
  • Gode sitat og uttrykk som eg kjem over og vil hugse
  • Tips til ulike scrapbook-prosjekt
  • Kor eg finn ting i huset som eg har pakka vekk (det siste eg leita etter var fjærene som vi skulle pynte fastelavensriset med. No har eg notert meg kor eg har dei liggande hen).
  • ... og mange andre småting som eg ønsker å ha oversikt over. Så istedenfor å bruke notatbøker eller almanakker, så har eg no alt liggande på ipoden min. Denne notat-app'en synkroniserer eg med gratisprogrammet Evernote, sånn at eg  har ein backup av notatane mine på pc'en også.

Ein anna favoritt, som eg egentlig ikkje har utforska så mykje, er Evernote. Det aller beste med denne app'en er at den er gratis! Man får også Evernote-programmet til pc'en, sånn at ein kan synkronisere alt som ligg på ipoden og pc'en med kvarandre.

Då eg ikkje fann ein god måte å overføre bilder til ipoden min og samtidig ha dei i kvar sine mapper, så fann eg i helga ut at eg ville prøve ut Evernote til dette. Og det fungerte heilt fint! *jippi*
Derfor har eg lagt ein masse inspirasjons-bilder inn i Evernote på pc'en og overført dei til ipoden min sånn at eg alltid har dei lett tilgjengelig. Her har eg delt inn bildene i bla. :
  • Bilder av figurer vi kan tegne (sidan eg ofte står fast når eg skal tegne ting og tang sammen med ungane og i fotoalbum).
  • Inspirasjonsbilder til scrapbooking (lage sin eigen pynt, inspirerande LO'er og skisser)
  • Tips til korleis pynte innsida av kort
  • hobbyideer
  • .... og mykje anna som eg liker å sjå på for å få ideer og inspirasjon.


Det finns mange andre notat-apps også, og det flotte er at det ofte går an å laste ned prøveversjoner av desse for å teste dei ut før man evt velger å kjøpe. Men dette er iallfall litt om dei eg har prøvd ut og liker.

Dette innlegget er med i månedens tema  Ordning og reda, hos Foreldremanualen.

lørdag 25. juli 2009

Ein liten pause i ryddinga

Held på å rydde ut av siste rest av bagene med kle. Fann ut at før eg la på plass kle som vi ikkje hadde brukt og nyvaska kle, så måtte det ryddes litt i skuffer og skap også. Dobbelt opp med arbeid og det tar lenger tid, men får også gjort fleire ting på ein gong og vi får det litt ryddigere.

Og mens eg rydder på plass ting og tang blir lista med andre ting som skal gjerast lengre:
MÅ ha lister, eg.... Mannen min kan ikkje skjønne kva eg skal med alle listene mine, for eg hadde blitt flinkare til å hugse om eg ikkje hadde dei. Og det kan kanskje stemme, men eg får det så mykje bedre med meg sjølv om eg skriver ned alle planer som eg har- istedenfor å prøve å hugse dei. For om eg ikkje skriv dei ned, så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to som kanskje er litt viktig. Og det vil vi jo ikkje.... ;)

Eg har ei ganske lang liste over ting eg vil ha gjort. Den er delt i tre (Ting å gjere i huset, ting å gjere på pc'en og div. anna), og kvar del er delt i tre (noko må gjerast snarast mulig, noko kan vente litt, og noko kan vente enda lenger om eg ikkje rekk det no + meir langsiktige prosjekt.)


På pc'en skulle eg bla. rydda på dei eksterne hardiskane som eg har, laga fotobøker, lært meg meir om photoshop, redigert bilder m.m


I huset er det mange plasser som burde vore rydda litt. Noko eg tenker å få gjort no i ferien er at eg skal rydde i ungenes leiker. Er ikkje så lenge sidan sist eg gjorde det, men eg merker at eg må få rydda vekk enda meir enn det eg har gjort til no. Vi kan ikkje ha alle tinga tilgjengelige heile tida- det skaper berre rot og mas på at det skal bli rydda. Jentene har jo Barbie, My Little Pony, dukker, bamser og mykje meir frå då eg var lita + alt det dei har fått. På soverommet vårt står det to bokser med ponnyer, ein med Barbie, to-tre med dukker, to-tre med bamser, eske med utkledningskle ++ Dette er tatt ut fra rommet deira og inn på vårt for å hindre at alt blir dratt ut over på rommet deira, for spesielt når minstemann er der inne eller når vi har besøk så har det hatt ein tendens til å sjå litt bomba ut. Samtidig som at det er ute av rommet deira så ville eg at det skulle vere tilgjengelig for dei, og at dei kan ta ut ein boks og sette den inn att etterpå. Men no har det begynt å hope seg opp rundt om i huset, for når det kom ein liten gutt i hus så har det også komt ein god del fleire køyretøy av ulike slag... Men kva er vitsen med fulle kasser med biler, når det er den røde traktoren som blir mest brukt?...

No er kaffien drukke opp, og pausen har blitt lengre enn eg hadde tenkt. Snart er det vel middagstid, så eg får henge i og rydde litt til før det.

onsdag 17. juni 2009

15 ting som har gjort dagen min fin

  1. Sol og blå himmel (til å begynne med på dagen iallfall)
  2. Vere på sommerfest i ungenes barnehage- og ha det koselig med familie og venner.
  3. Snakke med venner og kjente (i barnehagen og på butikken).
  4. Sjå gullungene mine synge på sommerfesten.
  5. Høyre at dei voksne på eldstejentas avdeling blei glade for korta eg laga til dei.
  6. Sjå gjennom cd med bilder fra året mellomstejenta har hatt i barnehagen.
  7. Sjå gjennom perm og tegninger som eldstejenta hadde med seg fra skulen, og mellomste hadde med seg fra barnehagen.
  8. Sjå ungene mine leike og ha det kjekt sammen med vennane sine.
  9. Få noko til å virke på dataen, som eg strevde lenge med (liker ikkje å gi meg før eg får til ting, men tida var begynt å bli knapp så eg vart veldig glad då eg såvidt rakk å få bukt med "problemet".
  10. Spelte eit nytt spel med jentene mine.
  11. Bli spurt om å vere med på jentetur.
  12. Å vere bedt på vennefest.
  13. Synge god-natt sang til ungene mine.
  14. Få klem og kos av mine små og sjå gleden som sprer seg i ansiktet deira... ganske ofte faktisk.
  15. Fargerike muffins (som eg hadde med på sommerfesten)
Dette var ei liste med nokre av tinga som har gjort meg glad i dag. Det er lett å gløyme kva som gjer ein glad og dei små tinga som gjer livet godt å leve... ein burde lage sånne lister OFTE.
Kom på ein ting til: veldig kjekt å få fotografbildene som ungene mine tok i barnehagen! Eg tok søskenbilde (alle tre) + portrett av dei to som går i barnehagen kvar for seg + gruppebilder -> og eg blei fornøgd med alle! Det er ikkje dårlig ;)

tirsdag 2. juni 2009

Barnas favoritter og rutiner

Eg har laga meg ein mal, eller kanskje ei liste, som eg vil ta fram med jevne (eller ujevne) mellomrom. I denne skriver eg kva mine små liker på dette tidspunktet. For min del (for å hugse korleis dei var den gangen og kanskje eg kan bruke det som tekst på ein LO?), og også for ungene sine del. Ei favorittliste vi kan sjå tilbake på og minnest den gangen da...

Kanskje eg fjerner nokre punkt av og til, eller legger til nye. Sånn ser den ut no:

Favoritter/Liker:
  • Mat/Pålegg/Drikke:
  • Klesplagg:
  • På Tv/Film
  • Leik, inne:
  • Leik, ute:
  • På Pc'en:
  • Beste leiker, kosedyr og koseting:
  • Bok/blad:
  • Farger:
  • Skulefag, eller gjer i barnehagen:
  • Andre favoritter:
  • Noko innen desse kategoriene dei har klare meininger om at dei ikkje liker?

Eg har også laga ei liste med punkt over kva rutiner og vaner vi har i ulike situasjoner:


Korleis er dei når det gjeld:

  • Stå opp, morgenrutiner:
  • Påkledning:
  • Måltid, frukt:
  • Skule/bhg:
  • Språk/snakking (dei minste):
  • Fag på skulen:
  • Bussen:
  • I fjøsen:
  • Kveldsstellet evt også bleie, korleis er det på natta, kjæledyr i senga:
  • Leggerutiner:
  • Soving:
  • Søskenforholdet:
  • Hjelper til med/rydding:
  • Vennskap:
  • Gå tur:
  • Liker av aktiviteter, og evt er med på (evt hobbyer):
  • Flink til:
  • Må øve seg på:

Det kan kanskje bli litt mykje dokumentering. Men eg synest det er kjekt å lese tilbake på korleis dei små var då dei var mindre. Kva vi gjorde sammen med dei og kva dei likte. For eg merker at eg gløymer så alt for lett. Eg vil gjerne hugse kva vi sang på sengekanten. Kva bøker dei likte av vi las for dei o.l Og kanskje dei også vil ha glede av å vite det når dei blir eldre?

torsdag 16. april 2009

Skogheims og lister

Fekk sett littegrann av "Skogheims" som gjekk på TV2 i dag... det var noko som passa for meg som liker lister og treng tips til korleis få ein enklare kvardag.
Først var det det med middagsmenyer. Altså lage liste for den kommande veka for kva vi skal ha som middag kvar enkelt dag. Då er det lettare å evt handle inn ingredienser til akkurat dette og vi slepp å tenke på det kvar einaste dag, og ofte i siste liten. Dette er ein ting eg kunne ha vore flinkare til.

Det som var så greit for denne familien var at dei hadde laga ein 5 vekers-meny... og denne hadde dei brukt i mange år!! Så greit da! Ingen dum idè.
Eg liker jo egentlig ikkje å ha det fullt så fast, litt bytting og prøving av nye ting ville eg nok ha hatt. Og det passer jo ikkje alltid å følge den planen- kjem an på kortid vi kjem fra jobb og kven som skal lage middagen og sånn. Men veldig greit å ha ein plan dei dagane ein ikkje har fantasi eller orker å komme på noko nytt.

Ein anna ting var handlelister. I det siste har eg begynt å prøve å skrive listene mine sånn at dei matvarene som er på samme plass i butikken, står sammen på handlelista. Då slepp eg å gå gjennom heile butikken, for så å måtte gå heilt tilbake fordi det var noko som stod ved inngangen, som eg ikkje la merke til på handlelista med ein gong.
Denne familien på "Skogheims" hadde tatt det eit steg vidare. Dei handla på samme butikken kvar gong, og hadde skreve opp dei matvarene dei kom til først øverst på handlelista. Dei gjekk den samme faste ruta i butikken kvar gong, fra inngang til kasse. Og derfor skreve handlelista etter dette. Det dei kom til først stod øverst, det dei kom til etterpå stod etter det øverste- skikkelig system heilt fram til kassa.
Sidan eg handler på ulike matbutikker, kjem eg nok ikkje til å ta i bruk akkurat det... eller kanskje litt. Vi får se.

Kaoskontroll

Eg liker å shoppe og eg liker å samle på ting. Og det at eg bruker internett mykje gjer at eg finn mange nye ting eg ønsker å kjøpe (gjerne barnekle, scrappeting, ting til huset og dill og dall), samtidig som at eg også lagrer på mykje av den infoen som eg finn (om data, fotoredigering, scrapping, familie, helse, barn ...for å nevne nokre få) og som eg kanskje vil ha lett tilgjengelig seinare ein gong. Desverre går ikkje desse tinga så lett overens med eit av mine nye prosjekt; kaoskontroll.

Eg har eit ønske om å få kontroll på alt eg har. Har kontroll på det meste, men i krokene og på sjeldent brukte rom så har det lett for å hope seg litt opp. Det samme med pc'en. Stort sett har eg orden på det meste av tinga som eg lagrer og bruker... mens det nokre plasser hoper seg opp.

Nok ein gang har eg tatt meg ei surferunde på nettet, og det dukker opp masse nyttig (som eg nok ein gong lagrer både på pc'en og i Mine Favoritter- så eg har all infoen lett tilgjengelig).
Ei av dei første sidene eg kom til, var denne: http://www.listmamablog.com/ . Og det gjekk opp for meg at eg faktisk er veldig glad i lister. Eg bruker alltid lister (for ting eg skal handle, ting vi må ha med på ferie, ting eg må få gjort i huset... og eg bruker også lister nesten kvar dag. For på dager der det er mykje eg må få gjort- så må eg ha det skreve ned så eg hugser på alt... for skriver eg det ikkje ned så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to).

På denne sida fann eg tips til lister og også linker til mange andre flotte sider om hus og heim :)

Mange ryddeprosjekt er blitt satt igang i heimen, og mange er fullført. Men har forsatt ein del igjen. For eg liker å ha kontroll og eg liker å ha system på ting :)

Eg skal etterkvart dele litt tips og bilder fra desse prosjekta.