tirsdag 29. januar 2013
Ein plass til hårstrikk
tirsdag 16. november 2010
Viktige backup'er av bilder og anna
På bildet ovanfor er to av dei små eksterne hardiskane mine (desse to er på 500 GB kvar). Nedanfor er eit bilde av ein av dei eldste hardiskane mine (på 250 GB).
Behovet for å ta backup øker. Eg har fått nyere fotoapparat, som tar "større" bilder, og eg tar vel også fleire bilder enn det eg gjorde før. Alle bildene mine vil eg ha på minst to-tre eksterne hardisker, i tilfelle den eine blir ødelagt. Eg tar også backup av dokumenter, musikk, grafikk og mykje anna som eg bruker på pc'en.
Tidligare laga eg backup på CD'er, men det vart etterkvart så alt for smått for meg. Eg prøvde meg ei stund på DVD'er også, men eg liker eksterne hardisker best.
Tar du backup av viktige bilder og andre filer?
tirsdag 28. september 2010
Enslige sokker og votter
onsdag 21. april 2010
Jentene rydder hårklemmene sine
Derfor må vi innimellom ta ein skikkelig ryddings i hårklemmes-skuffa.
Eg tok ikkje FØR-bilde, men sånn såg det iallfall ut etterpå når vi var ferdige. Veldig mykje bedre, og mykje lettare å finne to og to like hårklemmer :)
lørdag 6. mars 2010
Ein plass til barnas minner og kunstverk
Eg samler på ganske mykje av det som kjem til huset når ein har barn; tegninger, div fra skule/barnehage, små ting og minner som dei får med seg m.m.
Men alle desse tinga må jo oppbevares ein plass.
Nederst i ei hylle, ei som egentlig er vanskelig å komme fram til pga sofaen som står i vegen, står det to esker (eller bokser?). Ein til kvar av jentene. Oppi denne oppbevarer vi tegningane og dei utskrivne skulebøkene deira. Her kan både eg og dei sjølve enkelt rydde tegningane "av vegen".
Når boksen er full, går jentene sjølv igjenom eska. Dei kaster det dei føler for å kaste, og resten sparer vi på ei stund til. Viss eska forsatt er ganske full, legg eg tegningane vekk i ei litt større eske som eg har på loftet.
No har minstemann også fått seg ei eske (eg synest bleie-esker passer fint til dette formålet, spesielt dei som A4 formata får plass oppi).
Ungane har også kvar sin perm. Her samler eg dei mest spesielle tegningane, den første tannlege-innkallinga, diplomer m.m. Etterkvart har eg funne ut at mange av desse tinga treng ein midlertidig plass å vere på, til dei blir satt inn i permen. Då eg hadde eitt barn, og kanskje også då eg hadde to, så kom desse tinga inn i permen med ein gong. Men dette har sklidd ut etterkvart. Derfor har ungane no også fått kvar si papirhylle, der dei fine minnene får ligge til dess dei kjem i perm.
Innimellom, spesielt når vi voksne har bursdag, morsdag eller farsdag, så lager ungane flotte kunstverk (kort, tegninger o.a) som er laga spesielt til oss. Inntil no så har eg samla desse i eskene deira, men det blir jo litt feil sidan dei egentlig er laga til oss voksne. Derfor har eg no kjøpt inn eit par mapper; ei til kunstverka som pappaen får og ei til kunstverka som eg får. Då er det enkelt å finne fram til desse spesielle minna, som dei har lagt ekstra flid i for å gi til oss.
Dette innlegget er med i månedens tema Ordning og reda, hos Foreldremanualen.
tirsdag 16. februar 2010
Ja, her bur det barn #2 - fått hyller frå barnehagen
mandag 8. februar 2010
Barskapet har fått ny funksjon
Så då kom eg på ideen å rydde ut av barskapet vårt. Dette er eit gammelt skap som mamma fann på ein antikvitetsbutikk ein gong, og så kom det hitover. Vi har jo hatt litt diverse inni, men det er sjelden vi bruker det. Derfor er no alt innhold satt vekk, mens mine nødvendige kontorsaker har flytta inn.
No når eg ser det på bildet så ser det litt rotete ut, og det kjem antakeligvis av at det er speil i skap-veggen. Så kanskje eg må dekke den til litt, så det ser litt bedre ut :) Men det er iallfall godt å ha fått ein liten plass til tinga mine i stua (mens eg venter på den store reolen som eg ønsker meg, men som eg ikkje veit om dukker opp nokon gong). Og så kan eg berre late igjen døra når det ikkje er i bruk :)
lørdag 29. august 2009
Tips til oppbevaring av bæreposer
Her er nokre av tipsa eg fann på nett:
Her er det blitt brukt ei tom brusboks-eske. Les meir her: http://www.inspiremecrafts.com/inspireme_crafts/2008/04/gotta-make-it-1.html
Denne virker jo veldig grei å lage (av eit tomt (og stort) drikkebeger) :) Oppskrifta ligg på nettsida.
Andre tips eg fann:
- Melkekartonger, lages på nesten samme måte som drikkebegeret. Lag eit hòl botnen, der ein kan dra ut posane.
- Tomme kleenex-bokser (har eit par fine kleenexbokser faktisk- trur eg går for denne ideen! Spørs kor mange eg får plass til i ein boks ;) ). Ein kan også dekorere boksene med eigne papir.
- Andre tomme bokser (td. dei ein har til baby-vaskeservietter)
- Link til korleis sy posepose: http://www.marthastewart.com/goodthings/pretty-plastic-bag-organizer
Dette innlegget er med i månedens tema Ordning og reda, hos Foreldremanualen.
tirsdag 18. august 2009
Bokbind- tid igjen
lørdag 1. august 2009
Barnerom før og etter...
Dette var etter at vi hadde sett gjennom ponnyene, dukkene og bamsene.... og mens eg holdt på å sortere i dukkekle for vasking og kasting. Og i alt dette rotet er det faktisk eit system :)
Barbiedukker og andre dukker på rad og rekke for sortering :) Halvparten er fra mine unge år, mens dei andre er fra nyere tider.
Ryddig.... så lenge det varer ;)
Sånn ser altså barnerommet til dei to minste ut. Vi pussa opp og bygde på huset for ca. 4 år sidan, og då fekk ungane dette store, flotte rommet. Den gongen var det jentene som flytta inn, og det bærer rommet preg av med sitt lyserosa tak, rosa tepper, rosa gardiner og "jentete" wallies (sjå bilde lenger nede i innlegget). No har eldstejenta fått sitt eige rom, mens minstemann flytta inn hit til mellomstejenta. Det er ikkje så mykje guttepreg over det enda- men han har no fått ei "ridder"-lampe fra IKEA ved senga si :)
På andre sida av rommet har mellomstejenta senga si. Ho har blomsterlampe, og også ei bordlampe (begge fra IKEA) som står på orgelet. Orgelet er svigers sitt, og har vore vekk-plassert hos andre ei stund. Men så kom det tilbake på gården... og kor i alle dager skulle vi plassere det? Valget fall på barnerommet. Og her står det foreløpig godt. Den første tida våkna vi til orgelmusikk om morningane (rommet vårt ligg ved sidan av) hehe... No er det mest når ungane har besøk at dei speler på det, eller når dei "lager musikk".
Den store Skofus-bamsen vann eldstejenta i ein tegnekonkurranse eit år (tidligare har jentene også vunne kvar sin lille Skofus-bamse).
Mellomstejenta skal begynne på skulen til høsten, så det kjem nok til å forandres litt her inne- for ho må jo få sin eigen pult (sjølv om leksene som oftest blir gjort i stua). Usikker på om pulten blir kjøpt eller om mannen lager ein... uansett så må ho få seg litt hyller også, der ho kan ha små og store duppeditter- og kanskje få ha dei ifred.
Rommet er så stort at det kan deles i to (det er to lamper i rommet nettopp pga at det kunne bli aktuelt ein gong), men det blir kanskje berre satt opp ein skillevegg eller noko no i første omgang. Utstilling av dei kjæraste kosebamsane hennar.
Og sånn hadde vi det tidligare, med blomsterlamper på begge sider, og bord (innimellom med stoler også) istedenfor orgel :) Her hadde vi også eit svart og kvitt teppe av ull, på golvet. Veva med ull fra jentenes sauer:
onsdag 29. juli 2009
Ein ubeden gjest i albummet
Her har eg scrappealbumma mine ståande (mens eg venter på den ultimate bokhylle-seksjonen som eg drømmer om å få i stua). Og kanskje er det 3-4 veker sidan sist eg tok ned eit album, så då eg skulle ha ned det eine rosa i dag så hang det litt spindelvev rundt det. Greit nok det (det hender jo fra tid til annen andre steder i huset)... det eg syntest var litt merkelig var at det såg ut som om det var litt støvdotter på nokre av trådene... det er ikkje heilt vanlig.. men kanskje det var litt støv i omløp her inne...
Eg tok vekk spindelvev-trådane, merkelig klissete.. kanskje dei var ferske... Men såg ingen som kunne ha laga desse trådene og tenkte ikkje meir på det. La albummet på ein stol og åpna det...
Eg skulle jo tatt bilde av den, men i kampens hete så blei det gløymt, men ein prikk der den stod kunne eg jo vise.
Så ein er aldri trygg, dei dukker opp når ein minst venter det ;) (Men det er ikkje så mykje å gjere med det...)
tirsdag 30. juni 2009
Oppbevaring av for små og for store barnekle + svar på kommentarer
Meeeeeen, der er eit men... Innimellom desse storoppryddingene så hender det seg ofte at eit klesplagg eller to er blitt for små. Og eg får jevnlig tilbake barnekle som veninner har lånt av meg. Desse legges ofte i ein pose, der dei oppbevares midlertidig til dess eg tar storopprydding igjen. For det blir ikkje til at eg drar ut poser/esker fra kottet kvar veke liksom... Desse posane blir igjen satt opp på loftet, gjerne på soverommet vårt (der er dei ute av vegen). Men det er ikkje spesielt trivelig å komme inn dit når det står poser på poser med kle (og andre ting som samles her inne).
Så korleis skal eg gjere dette på best mulig måte? Det vil heile tida bli for små klede, men eg orker ikkje å finne fram oppbevaringa fra kottet heile tida...
Eventuelle løysinger:
- Eg kunne jo hatt eit eige skap eller ein kommode for desse kleda. Eit skap der eg samler for små (og for store) klede- ein midlertidig plass mens dei venter på å bli lagt fra barneskapa til plassen sin i kottet. Dette er den ideen eg liker best, og eg trur eg må prøve å få dette til. Tenk så lettvint å berre åpne ei dør eller ei skuffe (uten å måtte flytte på alt mulig rart) og plassere alle klede som eg vil ha vekk! Men så må eg finne ein plass der eg kan ha dette (for oppbevaringsplass og skap har vi ikkje akkurat for mykje av)...
- Selge, kaste og gi vekk desse kleda. Men eg klarer ikkje det... Har faktisk nokre sekker med barnekle som eg ikkje treng og som eg har tenkt å gi vekk/selge (desse bruker også stor plass). Men det meste vil eg beholde sjølv, for tenk om eg får fleire ein gang... men berre kanskje... (trur eg).
Eg trur eg har funne løysinga mi... no må eg berre finne plassen. Eg føler at eg aldri kan få nok oppbevaringsplass, men dette er jo ein del av hus-prosjektet eg har på gang. Rydde vekk og fjerne ting eg ikkje treng og bruker lite. Få system og orden i huset mitt så det blir enklere å holde det ryddig. Tar gjerne imot tips om korleis dere som leser innlegget gjer dette.
Tusen takk til dere som er innom og leser, og spesielt dere som legg igjen kommentarer til meg, det set eg veldig stor pris på. Eg har lurt litt på korleis det er best å svare på kommentarer og spørsmål dere har- eg kan jo enten legge igjen ein kommentar i bloggen deres eller legge inn kommentar i mine eigne innlegg... og har komt fram til at det mest oversiktlige er at eg legg evt svar til kommentarer i innlegga mine (foreløpig iallfall).
Anette: Det blir telt-ferie i Norge tenker eg. Vi har stort sett feriert innenlands i sommerferiene sidan det er enklast og nærmast, og det er så mykje fint å oppleve "her heime". Etterkvart kjem vi nok til å feriere litt andre plasser i Norden også. Eg har nokre aktuelle plasser eg vil reise til i år, men det spørs litt på kor finværet er :)
Neet: Telt er jo ein ting ein ofte kan få bruk for. Vi er så heldige at vi har eit stort telt (hustelt?) som mannen var på ferie i då han var liten (trur eg) i tillegg til eit mindre telt. No når eg har surfa litt på nettet etter tips eg kan få bruk for på telt-ferien vår har det dukka opp ein masse nyere og flottere familietelt *drømme* Så det fins eit stort utvalg, men vi som har telt fra før må jo bruke det vi har- og økonomien har jo også litt å seie i valg av telt.
Vigdis: Takk for tips om telefon. Har tenkt litt på denne nye iphonen, men får se kva det blir til. Er så mange finesser ein kunne tenkt seg, men prisen har jo også litt å sei.
Takk for alle innspill ang fotobøker :)
(alle bilder i innlegget er fra gettyimages.com)
fredag 19. juni 2009
Ny, lekker fotoveske (I'm in love!!)
Endelig kom den... den som eg har hatt lyst på så lenge. Bestillte den fra USA i helga som var, så eg hadde egentlig ikkje forventa å få den allerede no (men håpet var jo der)- og i dag kom den.... jippi....Eg trengte meg ei ny fotoveske, men eg ville helst ha ei som såg ut som ei dameveske og det burde også vere plass til andre mammating oppi (som lommebok, mobil, lite videokamera, bleier, vaskeservietter og andre nødvendige duppeditter).
Og eg fann den til slutt.
Men var det virkelig ingen norske nettbutikker som solgte denne flotte veska? Eg søkte... og søkte... men nei... eg fann den berre i utenlandske butikker. Derfor blei det ikkje noko kjøp der og då. Men så kom eg over ein norsk blogg; Drømmefabrikken - og ho hadde bestillt ei liknande veske. Ho anbefalte nettbutikken ho hadde kjøpt den fra; Adorama.com . Så eg besøkte nettbutikken opptil fleire gonger, for å drømme og håpe at eg kunne finne noko liknande ein anna plass.... men til slutt måtte eg berre.... Eg måtte berre ha denne lekre veska- for behovet var der kvar gong eg skulle ha med meg fleire objektiv når eg var ute sammen med familien. Og spesielt til vi skal på feire, både no i sommer og når vi skal til Florida, kjem denne veska til å komme til sin rett.
No gleder eg meg til å fylle den med alle mine små og store nødvendigheter og til å ta den med meg på tur ut i verden :)

