Viser innlegg med etiketten Barneleiker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barneleiker. Vis alle innlegg

søndag 4. mars 2012

Maxie møter Goldie - ei LEGO Friends historie

Det var laurdags morgon, og Olivia og pusen Maxie skulle til trehytta si.

Maxie gjekk opp i kurven sin

Plutseleg kom det ein fugl og begynte å ete på fisken til Maxie. Det likte ikkje Maxie!

Han skulle akkurat til å angripe fuglen, men då kom Olivia.

Olivia gjekk bort til fuglen, klappa den på ryggen og sa: "Han burde vi behalde. Og så kan vi lage eit fuglehus."


"Blei det ikkje fint?" spurte Olivia. Og fuglen Goldie sa "pip pip".

Og etter det blei Maxie og Goldie gode venner, og dei delte på fisken.


Denne historia er skreve av mine to døttre på 8 og 11 år, bildene har eg tatt med hjelp fra dei.

:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

Som eg skreiv i eit tidligare innlegg så er eg Buzzador, og eg og jentene mine har derfor fått prøve Olivias trehytte fra LEGO Friends.
Det å vere Buzzador går ut på at man får prøve nye produkter eller tjenester, og forteller venner og bekjente om dei.
Jenta mi på 8 likte Lego Friends veldig godt, og har leika med det sammen med mange av sine veninner. Gutten min på 6 fulgte også spent med då ho byggde trehytta. 

Her kan du lese om då vi fekk lego-pakken i posten og sjølve bygginga: Vi har fått prøve den nye LEGO Friends
Her kan du lese meir om det å vere Buzzador: Eg har blitt Buzzador


fredag 17. februar 2012

6 år i dag + ønskeliste til barn

Så er han blitt 6 år. Rart å tenke på at han snart er skulegutt. Og etter å ha hatt barn i barnehage i 10 år så blir det eit år uten barnehagebarn neste år (før vesla skal begynne når ho blir 2). Men i dag er det gutten min sin dag og i skrivende stund blir den feira i barnehagen.

Søskenkos i senga

Dagen begynte med at vi alle kom inn på rommet hans der han fekk gaven fra søstrene sine: Ein spiderman saccosekk. Den trur eg skal bli godt brukt. For foran tv'en har vi to god-stoler (og ein sofa lenger bak i stova), men ofte har storesøstrene tatt stolane sånn at han må sitte på ein krakk. Men no har han fått sin eigen stol... eller rettare sagt ein sacco sekk. Artig at dei er blitt populære igjen, for eg hugser vi hadde ein sånn då eg var lita.

Av oss voksne fekk han ei Albert Åberg-bok, ei jobbebukse (det trengs til ein liten/stor arbeidskar) og ein frontlastar og vinsj til traktoren.

Han har ønska seg frontlastar og vinsj ei stund. Her blir frontlastaren pakka ut, men sidan mannen ikkje fann vinsj i butikken så laga han ein istedet. Den er allerede komt på plass på traktoren, og så skal dei sette på frontlastaren seinare i kveld.

Bilde fra Lekmer.no

Saccosekken kom eg over då eg handla på salg hos Lekmer.no, og der er den fortsatt: Spiderman saccosekk 

Eg har komt fram til at det kan vere vanskelig å vite kva barn ønsker seg når man ikkje har barn på samme alder. Nokre gonger kan man jo berre spørre kva dei ønsker seg, eller spørre på butikken kva som passer for den aktuelle aldersgruppa. Men det kan jo vere greit å ha litt peiling, så derfor sparer eg på ønskelistene til mine eigne sånn at eg kan sjå tilbake på kva interesser dei hadde i ein bestemt alder. Om dei likte å leike med ting til td rolleleik, dukkeleik, biler, ting/klosser til bygging, lesing ol. Eller om dei likte ting for litt større barn som småting, nips, sminke ol.
Eg pleier også å skrive ned kva vi alle gir og får i gaver- dette for å ha litt kontroll, spesielt sånn at vi ikkje gir samme gave til ein person fleire gonger.

Dette innlegget skreiv eg for Foreldremanualen ein gong: Gavetips til barnebursdagen
Og i kategorien min Heim: Bursdag og gavetips fins det enda fleire tips  


Dette er/var 6 åringens ønsker:
  • Vinsj og Frontlaster til den store traktoren
  • Lastebil med snøskuffe
  • Hexbug
  • Beyblade
  • Keyboard
  • Snowboard
  • Skateboard (men det fekk han av bestemor forrige dagen)
  • Playmobil sjørøverskute
  • Jobbebukse (fra BilTema)

Og ellers så liker han:
  • Lego (Har mange nok "vanlige" biler og traktorer, men kan gjerne få andre køyretøy eller anna lego)
  • Diverse køyretøy (men det treng han egentlig ikkje. For for det første har han masse av det, og for det andre så leiker han mest med eit par traktorer han har)
  • Spill
  • Bøker med Albert Åberg
  • "Gutteting"


torsdag 16. februar 2012

Vi har fått prøve den nye LEGO Friends

Som Buzzador får eg prøve ut nye produkter og tjenester gratis mot at eg forteller andre om det, og gleda vart stor i heimen då eg blei valgt ut til å prøve eit av dei nye setta fra Lego Friends.

Eg har to jenter som er i målgruppa for LEGO Friends- ei på 8 og ei på 11 år. 8 åringen venta spent på at LEGO Friends skulle dukke opp i postkassa….

Og endelig… etter ei lita veke så dukka den spennande pakken opp. Eg kom til å få enten Byparken kafè eller Olivias trehus, og jenta mi ønska seg trehuset. Ho vart derfor glad då det var akkurat dette produktet vi skulle få prøve ut.

Ho var spent då ho åpna pakken...

Allerede før ho åpna emballasjen til Olivias trehus, så visste ho at ho kom til å ønske seg fleire av desse LEGO Friends-produkta. Ho fekk nokre gavekort til jul og kom fram til at ho ville kjøpe fleire LEGO Friends med desse gavekorta.

Då ho åpna pakken sa ho at det såg vanskelig ut å bygge, og at ho sikkert ikkje fekk det til.

Men så begynte ho å bygge og fekk det til heilt på eiga hand! Det ga sikkert stor mestringfølelse sidan ho i begynnelsen ikkje trudde at ho skulle få det til.



Olivia og pusen Maxie venter på at trehytta skal bli klar

Lillebror på snart 6 følger med når storesøster bygger

Samme kveld hadde jenta mi besøk av ei veninne, og då leika dei med Olivias trehus. Veninna fekk prøve å bygge deler at settet og ho likte også LEGO Friends.
8 åringen min sa at ho ville kjøpe LEGO Friends til den klasseveninna som har bursdag neste gong, og det tenker eg at var jo ein god ide. 


11 åringen min er ikkje så begeistra for Lego og leiker ikkje så mykje lenger, derfor var eg veldig spent på kva ho syntest om produktet. Men ho hadde ingen interesse av det og meinte at det virka kjedelig.


Men eg er glad for at vi blei utvalgt til å prøve LEGO Friends, og eg er glad for at 8 åringen min (som eg ikkje har sett leike så mykje i det siste) no har funne glede i denne nye Legoen.

LEGO  Friends er historia om Olivia som flytter til Heartlake City sammen med mor og far. Her blir ho venn med fire andre jenter- Stephanie, Andrea, Emma og Mia. Kvar av dei fem jentene har sin eigen unike personlighet og eigne ferdigheter. Sammen bestemmer dei seg for å danne ein LEGO Friends klubb.

Alle vennane elsker å møtes i Olivias herlige trehus, der dei kan spele spel og overnatte under stjernene. Her kan dei sjå på marihøner, fange sommerfugler og mate katten. Dei kan på på havets bølger eller på stjernene gjennom teleskopet og ønske seg noko. Hemmelige skatter kan gøymast i det skjulte rommet, og fortet kan pyntast med villblomster.

LEGOFriends.no kan du ta del i heile opplevelsen (klikk på jentene eller ein anna stad på bildet)

Om du ønsker å prøve deg som Buzzador kan du lese forrige innlegg der eg skreiv om det å vere Buzzador.


onsdag 6. juli 2011

Vårt eige Serla ekorn

Vi har samla Serla merker ganske lenge, og no kunne vi bruke dei på noko. Så vi samla dei ihop, sendte dei inn og mottok det store Serla ekornet. Tanken min er å ta eit bilde av babyen kvar måned sammen med ein stor bamse, og då tenkte eg at ekornet passa til dette. Det var kanskje litt mindre enn eg hadde tenkt meg men, men... det er jo søtt da...

Eg såg for meg at eg fekk eit stort ekorn i posten, men det var visst vakumpakka og tok ikkje så stor plass.

Før utpakking

Etter utpakking

tirsdag 28. juni 2011

Ting å gjere inne på ein regnværsdag

Spele spel sammen

Man kan jo vere ute sjølv om det regner, men det blir gjerne til at man er litt meir inne enn ute når regnet høljer ned utanfor. Og det er jo mykje man kan finne på inne...

Pusle puslespel

Perle figurer

Perle smykker

Bygge togbane

...eller leike med andre ting

Papirhobby - det fins mange linker til td. origami o.l på nettet. Denne hadde mellomstejenta "oppskrift" på i ei av skulebøkene sine tidligare i vår.

Holde på med aktivitetsbøker, tegning, magnetleiker eller anna kjekt

Hoppe strikk eller liknande

onsdag 18. mai 2011

Papirdukker

Av og til finn jentene fram mine (og mammas) gamle papirdukker og leiker med dei. Her er det mange minner :)


Barbie papirdukker i eiga bok



Det er visst ikkje alle som er klippt ut ein gong



Her er ein nyere versjon papirdukker. Byggmester Bob og Fiffi, som eg fekk sammen med noko som eg bestillte fra Barnegarderoben ein gong.

Kleda til Fiffi og Bob

Eg har tidligare skreve eit innlegg for Foreldremanualen om nokre av våre papirdukker: Gamle og nye papirdukker

Linker til gratis papirdukker som man kan skrive ut:





Ved å søke på "Free paperdolls" på google så dukker det opp mykje fint man kan printe ut sjølv.