Viser innlegg med etiketten Foto: Dyr og natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto: Dyr og natur. Vis alle innlegg

søndag 22. mai 2016

Det er herlig på stølen

I forrige veke var familien på årets første stølstur sammen. Vi måtte gå gjennom beitet på veien, men dyra var raske å flytte seg når vi kom nærmare.

Når alle er med så har vi nokre faste plasser der vi stopper for å ta oss ei lita pause.

Det er for det meste oppoverbakker

Men heldigvis nokre flater innimellom

Utsikten blir bedre og bedre di høgare opp vi kjem

Endelig  ved målet

Man må hugse på å skrive seg opp i boka. I år klarte minstejenta å skrive sitt eige navn.

Vi liker å spele, og minstejenta var klar nesten før eg var komt inn døra.

Ungene liker å finne fram den gamle radioen, sette batteria i og leite etter ein passende radiokanal vi kan høyre på.

Flagget blir også satt ut

Det å vere på stølen gir ro i sjelen

Eit måltid på stølen handler om meir enn berre maten. Det å gjere noko sammen, på denne fredfulle plassen...og så smaker jo maten ekstra godt når man er her, sjølv om den er er ganske enkel.

Eg liker å ta bilder av ungene når dei gjer noko sammen. Dei er nokre av dei mest verdifulle bildene i familiealbuma, og viser dei i etterkant at dei også har det kjekt ilag (sjølv om dei nokre gonger er irriterte på kvarandre). 

Stølen er ein fin plass å vere

På veg ned att måtte vi  leike litt i snøen

Eldstejenta (som er den raskeste av oss) bruker 35 minutt på å gå/springe opp hit, mens vi bruker litt meir enn 1,5 time når vi går alle ilag. I år klarte minstejenta å gå heile veien. Det var litt tungt innimellom, men ho klarte det- så det var jo kjempebra :)

I fjor tok vi konfirmasjonsbildene til eldstejenta på stølen, dei kan du sjå her: Konfirmasjonsbilder


søndag 24. april 2016

Barn og gårdsliv

Eg set pris på at barna mine veks opp på gård. Eg har ikkje gjort det sjølv, men eg trur at mine eigne barn får med seg ein del kunnskap og erfaring ved at dei gjer det.

Om våren og høsten kjem det mykje nytt liv til verden. Skjønne, små lam om våren og flotte kalver når det er høst.

Omsorg og stell av kuene

Vi får gårsdagens brød fra butikken, noko som kjem kuene til gode. Dei to minste skjærer opp og fordeler dette.

Forventningsfulle kalver

Glade for å få mat

To som samarbeider for å få fòrvogna avsted

Det å ha gård er ein jobb man ikkje kan ta fri fra. Det kan kreve intenst arbeid i perioder.. fødsler må gjerne passes på både natt og dag. Dyr skal ha mat, stell og melking både morgon og kveld. Mykje vedlikehold, slått fleire gonger om sommeren og mykje anna. Det passer ikkje for alle- men eg er glad for å vere gift med ein gårdbruker og for at ungane mine får ta del i dette livet som også gir så mykje.


lørdag 10. oktober 2015

Skogstur og livsstilsendring

Det er herlig å gå i skogen om høsten. Herlige farger, frisk luft, passe temperatur og høstlige dufter.

For litt over eit år sidan gjekk eg ikkje så mykje i skogen. I helgane prioriterte eg hus og praktiske ting når eg hadde muligheten til det. Mannen min tok gjerne ein tur med dei eldste ungane, mens eg var heime med den minste. Og det syntest eg var heilt greit.... eg var ikkje så kjent i skogen, kondisen var dårlig og kroppen føltes tung.

Men i løpet av det siste året har ting endra seg. Fleire ting gjorde til at eg no fekk muligheten til å prioritere mi eiga helse ved å bla. begynne å trene og eg har klart å endre kostholdet mitt til det bedre.

For eit år sidan var eg usikker på veien til stølen. Men eg begynte å gå meir i skogen, gjekk litt lenger for kvar gong og la merke til kjennetegn i naturen rundt meg så eg ikkje skulle gå feil. Det føltes herlig kvar gong eg kom eit stykke lenger.


Tidligare ønska eg meg flate skogsveier å gå på, mens eg no er glad for dei bratte bakkane som hjelper kondisen min til å bli bedre og gir beina litt meir å jobbe med.


I slutten av november i fjor kom eg meg endelig heilt opp. Det føltes heilt fantastisk å endelig nå målet som eg hadde tenkt på i fleire måneder. Eg hadde tenkt å ta dette bildet då, men blei skuffa då mobilen ikkje likte kulden og slo seg av. Etterpå var det mange måneder med snø i fjellet, men ut på våren kom eg meg opp igjen. Og etter det har det blitt mange turer opp hit. Seinast i dag.

Eg elsker å gå i skogen. Det gir meg så mykje. Eg får sortert tanker og lufta hovudet, i tillegg til at eg får bevegd meg. Og no om høsten er det ekstra fint pga alle dei flotte fargane som er rundt meg.


Eg er så glad for det eg har oppnådd det siste året. Det er lenge sidan kroppen har vore i så god form som den er no. Trening og kosthold har eg tidligare vore flink med i kortere perioder, men så har det sklidd ut og mi eiga helse har blitt nedprioritert. Men ikkje denne gongen. Eg føler at eg endelig har klart det... gjort ei livsstilsendring som er varig. Eg har fortsatt eit stykke å gå før vekta er der eg vil den skal vere. Men det er greit. Eg er på riktig vei.

lørdag 15. januar 2011

Fleire frostige bilder

Det er fint å zoome inn frostkrystaller, og sjå kor flotte dei egentlig er.

På avstand er det ikkje like enkelt å sjå kor fine dei er, men dei kan vere fine sammen også. Her på nokre strå som heng ned fra eit tak.

Frostig gjerde

Edderkoppens kunstverk vises også bedre med frostkrystaller på.

torsdag 13. januar 2011

Bilder fra ei istid

Man kan vel ikkje akkurat kalle den kalde perioden i desember for ei istid, men det var jo kaldt, og is og spesielt frost la seg på det meste som var å finne utendørs. Eg kan ikkje hugse sist det var snø og kulde så lenge, men i fjor hadde vi to perioder med dette. Ein på begynnelsen av året, og ein på slutten. Så då kan jo også våre barn kanskje tenke tilbake på barndommen sin når dei blir eldre, og tenke at det var mykje snø og kulde då dei var små...

Eg synest det er fascinerende å sjå korleis frosten legg seg overalt. Snø hadde lagt seg på plassane der den dala ned, men frosten legg seg inn i alle krinkelkroker uten å tenke på vinkler og posisjon.

Fuglen på dørkransen vår kunne man knapt sjå

Minstemanns trillebår slapp heller ikkje unna, der også håndtaka blei dekka av den kvite frosten.

Og all denne frosten består egentlig av tusenvis, og kanskje millionvis, av små og unike frostkrystaller.
*Nydelig*

torsdag 6. januar 2011

Kveldstur med fakler og pølsegrilling

Nest siste kvelden i 2010 pakka vi med oss pølser og kakao, og gjekk opp til ishuset vårt for å ete kveldsmat. Vi tente fakler for å lyse opp vegen oppover i skogen.

3 barn = 3 tente fakler som lyste opp den snøbelagte stien oppover mot målet vårt.

Det var ein fin og stemningsfull tur. Og sjølv om røyken fra bålet av og til kunne bli litt intens i ishuset som vi satt i, så er jo kanskje det litt av sjarmen med å grille pølser ute i naturen :)

mandag 3. januar 2011

Ishuset vårt

Ein dag i Desember skulle eg og minstemann gå i møtings med mannen og jentene som hadde vore til skogs og henta juletre. Minstemann hadde knekkt ei nøtt før vi gjekk oppover, og tok med seg halve nøtta - for den skulle pappaen få.

Under denne store steinen er det fint å sitte, og nokre gonger har vi pleid å ta med oss lunsjen opp hit (på varmere dager). Men i dag var det ikkje mulig å komme seg under steinen, for stien var dekka av is. Minstemann måtte gå utanfor hula for å komme seg på andre sida, der han møtte pappaen og søstrene.

På veg nedover att måtte vi innom ishuset, som er på innsida av all denne isen.

Ungane har kvar sine "rom" inne i ishuset, her er minstemann på veg inn til sitt.

Her er to av inngangene til vårt flotte ishus.

Eit tilfrossent gjerde

Vi har vore heldige å oppleve ishuset to gonger i året som var; i januar/februar og i desember. Det er mange år sidan det har vore kaldt nok til å bli danna så mykje is.

Her er eit par innlegg eg skreiv i februar om ishuset vårt: