mandag 20. februar 2012
Vår familieregler og andre flotte ord-tavler
lørdag 8. mai 2010
Glimt fra våre 3 barnerom
Eit stort barnerom er delt i to i tillegg til eit lite som vi hadde fra før, så no har våre 3 små kvar sine heilt eigne rom.
I dag hadde vi ein større flytteprosess. Eldstejenta og minstemann bytta rom, og jentene fekk nye (heimelaga) pulter med veldig god arbeidsplass (her er det plass til å holde på med fleire prosjekt samtidig eller ha litt ekstra arbeidsbord om det kjem venner på besøk). Vi rydda og satte ein del ting på plass, men vi har forsatt litt igjen.
Mellomstejenta har bla. fått storesøsters måne- og stjerneuro, og har fått nye prinsesse-lerret over senga si. Den lille, brune hylla som står på pulten er det pappaen som har laga.
Minstemann har overtatt eldstejentas rom. Kassen med biler og traktorer har fått sin plass under pulten. Han har fått nokre bamser i hylla si, og i taket heng ei sol som han laga i barnehagen- blandt stjernene som eldstejenta ein gong ville ha i taket sitt.
tirsdag 16. februar 2010
Ja, her bur det barn #2 - fått hyller frå barnehagen
mandag 8. februar 2010
Barskapet har fått ny funksjon
Så då kom eg på ideen å rydde ut av barskapet vårt. Dette er eit gammelt skap som mamma fann på ein antikvitetsbutikk ein gong, og så kom det hitover. Vi har jo hatt litt diverse inni, men det er sjelden vi bruker det. Derfor er no alt innhold satt vekk, mens mine nødvendige kontorsaker har flytta inn.
No når eg ser det på bildet så ser det litt rotete ut, og det kjem antakeligvis av at det er speil i skap-veggen. Så kanskje eg må dekke den til litt, så det ser litt bedre ut :) Men det er iallfall godt å ha fått ein liten plass til tinga mine i stua (mens eg venter på den store reolen som eg ønsker meg, men som eg ikkje veit om dukker opp nokon gong). Og så kan eg berre late igjen døra når det ikkje er i bruk :)
lørdag 28. november 2009
Adventsstemning på kjøkkenet
Med julegardinene og juleduken på plass, kjem også den koselige førjulsstemningen ♥
Eg er veldig glad i julegardinene mine (kjøpt hos Ellos for nokre år sidan), og juleduken er også akkurat sånn som eg vil ha den (rød med snøfnugg).
Veggen oppanfor benken har vore tom sidan vi fekk nytt kjøkken for nokre år sidan, og eg har lurt sånn på kva eg skulle ha der. Men då eg hadde Casa-party fann eg denne hjerte"ramma" som passer perfekt til bilder og kort. No når eg ser den på dette bildet kunne den kanskje ha vore plassert litt annleis- men pytt. ..Den fungerer fint der den er- og eg er så glad for å endelig ha fått noko på denne tomme plassen.
I morgon kjem også adventsstaken og eit lite juletre på plass.
torsdag 27. august 2009
Barnestoler fra barndommen
Desse stolane hadde eg og søstra mi då vi var små, og også mine eigne små har brukt dei godt. Spesielt den nederste. God å sitte i, god å stå på, morsom å snu (for å skli på), og også god for små katter å ligge i.
mandag 17. august 2009
Litt nytt til huset, for liten og stor ♥
Vi malte stua lys i fjor høst, og eg har i lang tid tenkt at eg måtte finne eit bilde til å ha på veggen over sofaen. Eg var ikkje heilt sikker på kva bilde eg ville ha... ein lyserosa blomst... eller natur... Eg liker sjø og vatn, men det har vi utanfor stoveglaset- så då tenkte eg på skog. Og eg har lenge hatt eit bilde i hovudet... eit bilde av ein skog, med ein sti som gjekk innover for å gi litt djubde eller meir "rom" i stova på ein måte. Og egentlig hadde eg sett for meg at det skulle vere i farger, men då eg kom over dette på IKEA- som var nesten akkurat sånn som eg hadde sett for meg- så blei det til at eg kjøpte det. Og det blei akkurat sånn som eg hadde tenkt meg ♥
lørdag 1. august 2009
Barnerom før og etter...
Dette var etter at vi hadde sett gjennom ponnyene, dukkene og bamsene.... og mens eg holdt på å sortere i dukkekle for vasking og kasting. Og i alt dette rotet er det faktisk eit system :)
Barbiedukker og andre dukker på rad og rekke for sortering :) Halvparten er fra mine unge år, mens dei andre er fra nyere tider.
Ryddig.... så lenge det varer ;)
Sånn ser altså barnerommet til dei to minste ut. Vi pussa opp og bygde på huset for ca. 4 år sidan, og då fekk ungane dette store, flotte rommet. Den gongen var det jentene som flytta inn, og det bærer rommet preg av med sitt lyserosa tak, rosa tepper, rosa gardiner og "jentete" wallies (sjå bilde lenger nede i innlegget). No har eldstejenta fått sitt eige rom, mens minstemann flytta inn hit til mellomstejenta. Det er ikkje så mykje guttepreg over det enda- men han har no fått ei "ridder"-lampe fra IKEA ved senga si :)
På andre sida av rommet har mellomstejenta senga si. Ho har blomsterlampe, og også ei bordlampe (begge fra IKEA) som står på orgelet. Orgelet er svigers sitt, og har vore vekk-plassert hos andre ei stund. Men så kom det tilbake på gården... og kor i alle dager skulle vi plassere det? Valget fall på barnerommet. Og her står det foreløpig godt. Den første tida våkna vi til orgelmusikk om morningane (rommet vårt ligg ved sidan av) hehe... No er det mest når ungane har besøk at dei speler på det, eller når dei "lager musikk".
Den store Skofus-bamsen vann eldstejenta i ein tegnekonkurranse eit år (tidligare har jentene også vunne kvar sin lille Skofus-bamse).
Mellomstejenta skal begynne på skulen til høsten, så det kjem nok til å forandres litt her inne- for ho må jo få sin eigen pult (sjølv om leksene som oftest blir gjort i stua). Usikker på om pulten blir kjøpt eller om mannen lager ein... uansett så må ho få seg litt hyller også, der ho kan ha små og store duppeditter- og kanskje få ha dei ifred.
Rommet er så stort at det kan deles i to (det er to lamper i rommet nettopp pga at det kunne bli aktuelt ein gong), men det blir kanskje berre satt opp ein skillevegg eller noko no i første omgang. Utstilling av dei kjæraste kosebamsane hennar.
Og sånn hadde vi det tidligare, med blomsterlamper på begge sider, og bord (innimellom med stoler også) istedenfor orgel :) Her hadde vi også eit svart og kvitt teppe av ull, på golvet. Veva med ull fra jentenes sauer:

