Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg

lørdag 30. april 2016

Små, søte lam i fjøsen

Vi er heldige som får oppleve desse skjønne, små nøsta kvar vår.


Dei fleste klarer seg fint, men nokre er svake...gjerne fordi dei er nr 3 eller 4 i ein søskenflokk.

Det virka som om det skulle gå bra med denne lille karen, men desverre måtte den gi tapt etter eit par døgn. Men sånn er livet i naturen- dei sterkaste overlever.

Men sjølv om nokre få kanskje ikkje klarer seg, så har vi heldigvis mange som gjer det.

Så no for tida er det eit yrande liv i fjøsen

søndag 24. april 2016

Barn og gårdsliv

Eg set pris på at barna mine veks opp på gård. Eg har ikkje gjort det sjølv, men eg trur at mine eigne barn får med seg ein del kunnskap og erfaring ved at dei gjer det.

Om våren og høsten kjem det mykje nytt liv til verden. Skjønne, små lam om våren og flotte kalver når det er høst.

Omsorg og stell av kuene

Vi får gårsdagens brød fra butikken, noko som kjem kuene til gode. Dei to minste skjærer opp og fordeler dette.

Forventningsfulle kalver

Glade for å få mat

To som samarbeider for å få fòrvogna avsted

Det å ha gård er ein jobb man ikkje kan ta fri fra. Det kan kreve intenst arbeid i perioder.. fødsler må gjerne passes på både natt og dag. Dyr skal ha mat, stell og melking både morgon og kveld. Mykje vedlikehold, slått fleire gonger om sommeren og mykje anna. Det passer ikkje for alle- men eg er glad for å vere gift med ein gårdbruker og for at ungane mine får ta del i dette livet som også gir så mykje.


mandag 28. september 2015

Nytt liv på gården

Minstejenta har venta heile sommeren på dette. Ho har snakka om at når det blir høst så skal det komme kalver og ho skulle gi dei melk på flaske. No er tida der.

Dette var den første kalven som kom til verda for nokre veker sidan.

Dei eldste synest også det er kjekt med småkalvene. Dei har kvar sine kyr så det er alltid like spennande å sjå kven sine kyr som kalver først. Her er småkalvene på luftetur.


søndag 17. oktober 2010

Nydelige Lilje vår

Dette bildet tok eg for ein måneds tid sidan, her sit Lilje i eldstejentas fang. No er Lilje ca 1/2 år, og eg synest ho har vokst seg enda større enn ho var då eg tok dette bildet. Men ho er så skjønn atte, og veldig kosete :)

søndag 29. august 2010

Ein fugl i handa...

... er bedre enn ti på taket (seiast det)...
Denne lille svale-ungen hadde fallt ut av reiret sitt, stakkars. Så mannen tok stigen fatt og fekk lagt den på plass igjen, høgt opp under låvetaket.
10 åringen vår fekk lov til å holde den litt først.

torsdag 29. juli 2010

Dyra på Langedrag

Det er litt kjekt og spennande å sjå sånne dyr som man ikkje ser "kvar dag". Her er eit knippe bilder av nokre av dyra vi såg på Langedrag. Mange av desse er inngjerda, mens nokre går fritt.


Ein litt nærmare titt på denne flotte pusen


Søt

Eit par staselige hester

Der var mange geiter som gjekk fritt



Fjellreven var ikkje så lett å få auge på, men vi såg den etterkvart..

Ei gaupe som nyter livet, her med ei pause i kattevasken som ho (?) holdt på med

Reinsdyr er også flotte dyr


Og ulven... som ikkje virker så stygg og farlig som eventyra vil ha det til

tirsdag 27. juli 2010

Vi på Langedrag

Vi var ein tur innom Langedrag i ferien. Vi har vore der ein gong tidligare, men den gongen var eldstejenta 1 år. No tok vi turen igjen.


Det er fint på Langedrag. Mange av dyra går fritt, og borsett fra geitene som kan vere litt påtrengande (spesielt når man kanskje vil ete), så er dei alle rolige. I tillegg så har dei jo også bla. gaupene, ulvane, reinsdyra og fjellrevane som er inngjerda.


Det er koselig å få komme så nært innpå dyra og vere ein del av den rolige og fine atmosfæren som er på Langedrag.

søndag 30. mai 2010

Jentene elsker å ri

Jentene mine er lik ganske mange andre jenter; dei er glade i hester og kunne gjerne tenkt seg å ha ein eigen.

Derfor var der stor stas i dag, då barneforeningen vi er med på hadde avslutning på stølen og naboen hadde med seg hesten sin. Då stod ungane i kø for å få seg ein ridetur.

Det blei mange turer på hesten, spesielt eldstjenta som satt på hesteryggen heile ti gonger i dag.

søndag 23. mai 2010

Bilder fra dagen vår

Vi har tre små lam som ikkje får nok melk fra mammaen sin, og desse kjem nok til å bli holdt heime når alle dei andre sauene og lamma skal på "ferie" på fjellet. I natt var første natta at alle sauene låg ute, så i dag måtte vi opp til lamma med litt "mjøl" og melk.

Skjønne, lille Lilje 

Mann og barn testa den nye, lille båten vår.

torsdag 6. mai 2010

Dei skjønne lamma har fått sleppe ut i det fri

Vi har to svarte, skjønne lam i fjøsen. Alle dei andre er kvite, men desse to er svarte, med kvar sine spesielle kjennemerker. Denne har ei stor stjerne, mens den andre har ein kvit krage :)

Kviskre litt med naboen

Minstemann får holde og stryke vårt skjønne og flekkete lam (nesten heilt aleine).

No har lamma begynt å få sleppe ut i frisk luft og på store uteområder sammen med mammaene sine- her er dei flotte, svarte lamma.


Alle mann hjelper til dei første gongane lam og sauer må inn att i fjøsen...


Dei som ikkje vil, dei skal... Dette lille lammet får melk på flaske og er derfor lettare å få tak i enn mange av dei andre små.

søndag 28. mars 2010

Så fint at fuglane er komt tilbake

I november hadde vi ein del småfugler på besøk kvar formiddag; ein gjerdesmett og nokre kjøttmeiser. Det var fast rutine at spesielt gjerdesmetten trippa litt ute på terassen, kvitra ein del og såg seg om etter mat.
I desember hang vi ut mat til dei, men sidan då så har vi ikkje sett noko til dei (antakeligvis pga snøen og vinteren). Men no har dei komt tilbake... iallfall kjøttmeisene. Gjerdesmetten har vi ikkje sett noko til. Lurer på om den har klart seg i vinter?


Samme bilde som ovenfor, berre beskjært og vendt litt mot høgre.

tirsdag 3. november 2009

Ein fast gjest på verandaen vår


Nokre formiddager har eg plutselig høyrt så voldsomt med kvitring ute på verandaen, og då er det gjerne denne lille karen (?) som har tatt veien inn på verandaen vår. Dette har skjedd ganske ofte i det siste, så no har det nesten blitt ein koselig vane. Eg skynder meg for å finne fram kameraet, men det er sjelden eg rekk å ta gode bilder :)

Den hopper litt fram og tilbake på plankane, titter ut på graset for så å hoppe litt til. Flyr opp på rekkverket, og kanskje ned igjen. For så å fly opp igjen, og så fly vekk. Det var dagens visitt.