Viser innlegg med etiketten Kreativ dagbok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kreativ dagbok. Vis alle innlegg

torsdag 19. august 2010

Våre "kreativ dagbok"-sider

Ei av mine sider: Eg synest det er veldig koselig å telte, men eg har òg litt lyst på ei campingvogn også. Så eg laga denne sida med positive og litt mindre goder sider med både telting og campingliv.

Som sagt så var eldstejenta den som var flinkast til å bruke den kreative dagboka si:

Denne handla om kva som var kjekt å gjere på i Bø Sommarland

Sida hennar om Langedrag

Sida som eg viste i forrige innlegg, men her med ulike rammer rundt bildene. 
Til kvar side ho laga så ga eg ho eit tema, og kanskje også ein teknikk/pyntemåte ho skulle ha med. Oppgåva her var å lage ulike rammer til bildene.
På nokre sider fekk ho bestemme alt sjølv, men ho syntest det var kjekt å få litt "oppgåver" og tema også.

Eg ba ho lage ei side om sine favorittiser, og ho ville ha med favorittbrusane sine også :)


"Eg likar sommaren fordi..."

"Ting eg drøymer om..."

Eg er imponert over alle dei fine sidene ho laga. Mellomstejenta syntest også det var kjekt, men tok ikkje seg så mykje tid til å holde på med boka si som det eldstejenta gjorde.
Neste år skal vi ta med oss desse bøkene på ferie igjen, for der er mange fleire sider å "vere kreativ" på ;)

mandag 16. august 2010

Vi laga "kreative dagbøker"/art journals på ferie

Det var artig å holde på med dei kreative dagbøkene på ferien. Eldstejenta var nok den som likte det best og var flinkast til å lage nye sider nesten kvar dag.


Her er ei av sidene ho holdt på med. Då vi hadde vore på Langedrag tok vi med oss nokre brosjyrer som vi kunne klippe ut av, og her har ho klippt ut av nokre av dyra vi såg.

Litt vanskelig å sjå kanskje, men her har mellomstejenta bla. tegna ein hest som ho såg på Langedrag.

Ho klippte også ut litt dyr fra Langedrag-brosjyra

Eit "kreativt" bord :)

Minstemann laga også eit par sider i boka si. Her skulle han tegne seg sjølv...

Dette er ei av sidene i boka mi

Eg ville bla. bruke boka mi til å øve meg litt på å tegne, prøve litt nye teknikker o.l. Så her er nokre kawaii-søtinger eg tegna. 
Eg er ikkje så kreativ at eg kjem på så mange figurer å lage, så eg hadde nokre å sjå etter til å begynne med. Men når eg hadde sett etter nokre fann eg etterkvart på nokre sjølv ;)

søndag 11. juli 2010

Eg og jentene drodler i bokstavane våre

Etter å ha surfet litt på nettet og komt over masse inspirasjon fekk eg lyst til å drodle.
I eit innlegg hos Scrappehuset blir drodling forklart på denne måten: "Drodling betyr å tegne og leke seg med et skriveredskap."
Og på Papirgleders kreative sider fann eg denne betydninga: "Definisjonen på drodling er som følger; "intetsigende eller humoristisk tegning utført som tidsfordriv eller i distraksjon""


Eg tenkte at eg og jentene skulle dekorere forbokstavene våres med drodling, klippe dei ut og deretter lime dei i "kreative dagbøkene" som vi skal lage på ferie.


Jentene fallt fort for ideen, og etter å ha laga ein bokstav så forsatte dei å lage alle bokstavane i navna sine.
Desse små notatbøkene har eg kjøpt for at vi skal kunne drodle og tegne ned ideer som vi får på td. bilturen for så å lime dei inn i dei "kreative dagbøkene" (eller kunsdagbøkene/art journals'ene som vi også kaller dei).


Etter at vi laga desse bokstavane ein kveld, har dei spurt kvar dag om vi ikkje kan tegne litt meir i notatblokkene våre. Så dette var tydelig noko dei likte.
Eg trur ikkje eg har tålmodighet til å sitte å drodle sånn når eg er aleine, men det er veldig koselig å gjere det sammen med ungane.

Her las eg litt om drodling og fann masse inspirasjon:
Papirgleders kreative sider- Drodler du?
Papirgleders kreative sider- Drodling av Sofie Magnusson
Draw doodle and decorate Ein blogg full av inspirasjon!
The Scribble Project

lørdag 10. juli 2010

Scrappegodis fra ebay

Dekorativ tape som eg og jentene skal bruke i "art-journals"'ene våre :)

Det er alltid kjekt å få sånne pakker, sjølv om eg veit kva som er oppi dei.

Eg bruker ein del bling, så no har eg litt å ta av. To pakker med Mikke mus bling (det passer perfekt no når eg skal begynne å scrappe Florida-bildene), runde bling i ulik størrelse og rosa halvperler 

fredag 11. juni 2010

Eg og ungane lager Art Journals/ kreative dagbøker



I år skal vi mest sannsynlig på teltferie igjen, og då er det kjekt å ha med seg noko å holde på med. Etter å ha lese litt om Art Journals på nettet, så kom eg fram til at det kunne vore artig å prøve, og det er jo ein kjempefin aktivitet å ha med seg på ferie. Eg er kanskje ikkje så veldig kunstnerisk, men det fine med Art Journals er at man kan lage dei akkurat sånn som man vil og føler for.


Eg kjøpte kvar våre tegneblokker (til meg og ungane) med litt tjukkt papir, og "spiralbinding" som gjer at sidene ikkje dett ut etterkvart som man tegner på dei.

I dag dekorerte eg og jentene framsida på bøkene våre. Dette er mellomstejentas.

I ferien tenker eg at vi skal ta med oss litt små-pynt som vi kan bruke i bøkene våre, som bla. blyanter, klistermerker, diecuts, glansbilder, stoff, mønsterark, servietter og kanskje litt bilder som vi printer ut fra nettet. I tillegg har eg tenkt at vi skal tegne mykje og prøve litt nye teknikker og måter å pynte sidene på. Eg tar også med meg nokre tips til kva vi kan prøve og ting vi kan skrive om i boka.

Framsida på Eldstejentas kunstdagbok

Boka mi... Eg har brukt mønsterpapir, diecuts, paint dabber og penn på denne.

Inspirasjon til art journaling har eg bla. funne her:
Bellas Art Journal (barneblogg)
Emilys Art Journal (barneblogg)

The Scribble project blog (måter å tegne på)