Eg pleier å ta med meg litt hobbyting på sommerferie. I år stempla eg opp mange motiv på blanke 3x4 kort før ferien, og tok med meg tusjer så eg kunne fargelegge litt når vi var på reise. Enkelt å ta fram og det tok lite plass :)
Eg har også brukt ein del av bakgrunns-stempla mine på 3x4 farga kort. Desse bruker eg som dei er eller pynter med scrappepynt.
Det fins mykje fin pynt man kan bruke i albuma. Dette er kjøpt hos Freckled Fawn.
Endelig kom Project Life i norske nettbutikker for nokre måneder sidan!! No slepp eg den dyre frakta og tollen som eg måtte betale då eg handla i utlandet.
Eg prøver heile tida å komme på nye og bedre oppbevaringsmåter. Ved å lage inndelinger i esker var det lett å få auge på det eg trong, men for å spare på plassen har eg no begynt å bruke zip lock poser istedet... All papirpynten på bildet er sånt som eg har printa ut.
Ingen album uten litt bilder! Eg pleier å framkalle 2-3 gonger i året, og gjerne hos Fotoknudsen når dei har tilbud :)
Det er koselig å ta med seg albumet og jobbe med det i stova, mens ungane kan sitte ved sidan av og holde på med sine ting. Ekstra kjekt er det når dei held på med scrappe-aktiviteter.
Minstejenta får tegne på PL kort viss ho vil, men liker best å sjå på bildene i albuma.

