torsdag 13. oktober 2011
Multiple bles8ings
søndag 11. april 2010
Ein favoritt med nydelig lukt
fredag 19. mars 2010
Blad eg abonnerer på
Bladet Mamma er favorittbladet mitt. Då bladet kom i handelen for første gong, så var eg ikkje sein med å begynne å abonnere på det. Dette bladet forbinder eg med kos og ei lita pause i kvardagen.
Creating Keepsakes gir meg inspirasjon til scrapping. Eg må innrømme at det ikkje er så ofte eg tar meg tid til å scrappe- det blir litt no og då... Nokre gonger oftere, andre gonger sjeldnare. Men abonnementet er billig, og det er kjekt å få litt kreativ input kvar månad.
Eg har vurdert å begynne å abonnere på Kamille. For det er også eit bra blad... så vi får sjå.. med tiden :)
(Blei litt usikker på korleis man skriver abonnere... Skrives det abbonere? abbonnere?.... men nei.. då eg var innom ulike blad sine nettsider så fann eg ut at det skrives abonnere)
søndag 6. desember 2009
Fine Coca Cola-traileren ♥ (og reklamepåvirkning)
Det er kun få dager sidan eg kom på denne reklamen. Eg kom òg på at eg såg denne traileren for nokre år sidan, men desverre ikkje fekk tatt bilder av den den gongen. Eg mimra litt ved å sjå på youtube-filmer, òg blei påminna om at Coca Cola hadde fine julereklamer med isbjørner i òg.
Derfor fekk eg ein god magefølelse då eg såg denne traileren foran butikken forrige dagen. Endelig fekk eg tatt litt bilder av den.
Nissen var òg på besøk. Ungane fekk ta bilder sammen med han (nokre tok òg familiebilde med nissen), og etterpå fekk dei kvar sin overraskelse. Eg spurte fint om eg kunne få med meg sånne overraskelser heim til mine små, og det fekk eg.
Jentene fekk snøkuler (med ei colaflaske inni), og så var det eit rødt lys inni. Koselig.
Eg fekk lyst til å vise ungane mine alle desse koselige Coca Cola reklamane, gjerne fleire gonger. Men så kom eg på eit program eg såg på for nokre år sidan. Korleis fleire produsenter påvirker oss alle, både bevisst og ubevisst gjennom reklame. Dei sniker det inn overalt, sånn at vi alle får eit naturlig forhold til produkta deira og gjerne velger deira produkt framfor andres nettopp pga all reklamen dei har vist overalt.
Men så kom eg på at når vi drikk brus, så er det gjerne Cola. Det er ein populær drikk, og er gjerne eit av førstevalga for nokre av familiemedlemmane her i huset.
Så eg skal forsette å la meg fascinere av dei koselige reklamane, og eg skal også la ungane glede seg over dette... viss dei sjølv ønsker det. Men det er likevel greit å vere litt bevisst på det heile.
Ein vil aldri bli kvitt all reklame- og då kan eg jo liksågodt nyte den reklamen som er fin. Og når eg ser Coca Cola reklamen så gir den meg faktisk ikkje så lyst på Cola, den gir meg berre veldig god julestemning.
Linker om reklamepåvirkning:
Wikipedia- reklamepåvirkning
Propaganda- Makten og påvirkningen
Dagbladet- Usunn reklame rettet mot barn
... og enda meir finn du ved å ta eit søk på nettet.
lørdag 5. september 2009
Blafre Design og Byggmester Bob
Byggmester Bob er ein av minstemanns favoritter. Vi har eit par klesplagg og ei bok med denne figuren på, men eg har ikkje komt over så mykje anna. Derfor var det ikkje tvil om at minstemann måtte få denne matboksen i dag då eg gjekk forbi ei som solgte Tupperware. Eg har egentlig sagt at vi ikkje skal ha fleire matbokser og drikkeflasker i hus, for vi har mange nok... men ingen regel uten unntak :)
(Når eg tenker over det har vi jo også filmer, blad, tog og duplo med Byggmester Bob på òg).
mandag 31. august 2009
Til varme drikker (favoritter)
Mannen min liker best å drikke kaffi av krus, mamma og bestemor synest kaffien smaker best i søte, små kopper, mens eg liker best krus av den litt større varianten. Då nyter eg kaffien (kakaoen eller teen) mest.
lørdag 22. august 2009
Hjorte-favoritter
Hjortefigurer er blitt brukt meir og meir i det siste, bla. på tekstiler, som dekorasjon til huset og i scrappeverdenen. Hjortefiguren ovanfor trur eg at eg såg første gongen i bladet "Mamma" i fjor (?), og eg har ikkje klart å få den ut av tankane for etter den tid har eg sett den fleire gonger i det samme bladet, i andre blader og også på internett.
Det har dukka opp hjorter på andre ting også (på tekstiler, barnekle, scrappeting, interiør m.m), nokre f¨å ting har eg i hus og andre ting ikkje. Her er nokre av mine favoritter:
kilde: blafre.no
kilde: http://scrappoglapp.no/ (mønsterark fra http://www.sassafraslass.com/)
kilde: http://quickutz.com/
kilde: http://www.scrappingcottage.com/
tirsdag 28. juli 2009
Jordbær, blåbær og andre bær + svar på kommentarer
Men vi kan no kanskje nyte bringebæra og blåbæra littegrann til, og snart er det jo bjørnebær-tid :) (Svigerinna mi har bær-gård, så vi får litt godsaker derifra)
* Min sjokoladefavoritt i sommer; bringebærtopper *
Svar på kommentarer:
* Neet: Søkte litt på nett for å sjå om eg fann ein nettbutikk til der eg kjøpte koppene fra. Butikken heiter Kitch'n og har nettside; http://www.kitchn.no/ (men eg fann ikkje koppane då eg var ein rask tur innom nettbutikken)
* Favorita67: Bakgrunnen i bloggen har eg lånt fra http://thecutestblogontheblock.com/
* Eirin: Så bra at du fann litt stæsj til Hannah Montana bursdagen :)
Takk for alle kommentarer- det er så koselig å få besøk av dere og eg setter pris på at dere legger igjen spor etter dere :) Og takk for alle utfordringane eg har fått i det siste, eg skal prøve å ta dei :)

