torsdag 18. februar 2010

Vi lager smykker og maske til karneval

I morgon skal det vere karneval i barnehagen der eg jobber, og vi voksne er blitt bedt om å prøve å vere litt kreative når det gjeld ukledninga vår. Vi har boka om "Jonas i Jungelen" som tema, og eg kom til slutt fram til at eg skal vere løve.
Så etter at eg hadde fulgt jentene til bussen i dag så satte eg og minstemann oss ned med perleboksen. Eg laga eit smykke i "løve- farger"...

... og eit jungel-armbånd. Eg kjem ikkje til å legge så mykje arbeid i sjølve kleda eg skal ha på meg, men skal prøve å finne noko med farger som kan passe til ei løve. Og så må eg lage meg ein hale og nokre oransje fletter av tråd eller band. Eg har langt hår, så eg ser for meg at eg skal gjere det skikkelig bustete (noko som eldstejenta syntest høyrtes kjekt ut og gjerne ville hjelpe til med).


Minstemann ville også perle litt



Og her har han fått låne smykket og maska mi ♥
Eg kan ikkje ta æra for maska, den har ei på jobben laga malen til og så har eg kopiert den. På jobben har vi  maler til dei fleste dyra i boka, og så har barnehageungane fått lage kvar sine masker utifrå desse. Så eg gleder meg til i morgon, til å komme på jobb og sjå dei alle bruke maskene sine og kanskje vere kledde i matchende kle.

1 kommentar:

  1. Så fin blogg. Tror ikke jeg har vært her før. Det ligger en Award til deg i bloggen min.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)