Viser innlegg med etiketten Huslige linker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huslige linker. Vis alle innlegg

tirsdag 7. august 2012

Min nyeste personlige almanakk

På tide med ny almanakk, og forrige dagen fekk eg den i posten. Elsker bildet av vesla som eg har på forsida, og på baksida har eg bilde av alle mine fire gull :)
Eg bestillte den fra personligalmanacka.se

Etter at eg oppdaga nettbutikken der man kunne lage sine eigne, personlige almanakker så har eg brukt den kvart år.
I dette innlegget kan du sjå korleis den ser ut inni: Eit innblikk i noko rosa, søtt og praktisk som eg kan skrive i. (denne boka bestillte eg i 2009, den ser nokonlunde lik ut inni no også)


fredag 14. august 2009

Et innblikk i noko rosa, søtt og praktisk som eg kan skrive i

Så kom almanakken min. akkurat i tide til å vere med meg på planleggingsdagen i barnehagen der eg jobber. Det var mange som likte den, og det skjønner eg godt- gleder meg til å ta den meir i bruk :)
Ein kan velge farge, design og diverse ting som ein vil ha inni, sjølv. Eg valgte rosa farge, fordi eg har komt fram til at det er ein farge som gir meg noko... litt glede trur eg...


På første sida kan ein fylle ut det ein vil av info, f.eks navn og adresse til eigaren. Eg skreiv inn eit par sitat, og navn og adresse nederst.



Sånn ser dagane ut. Og så kan ein velge kva meir ein vil ha med (bindersen er min eigen).




Ein nærmare titt på første del av veka. Eg har valgt at eg ville ha med ein rubrikk for været, ein rubrikk for "dagens trening" og ein for "jobbetid". Nederst valgte eg å ha ein rubrikk med linjer og ein med "ukens å gjøre".


Ein litt nærmare kikk på ein av dagane, faktisk ein av dei siste i almanakken- og sjå den søte beskjeden som står her, med hjerte på :)


Då eg bestillte denne almanakken skreiv eg inn alle fødselsdatoane som eg vil ha kontroll på i løpet av året, og så blei desse lagt inn i almanakken automatisk + at når eg hadde fødsels-årstallet med så blir det skreve inn kor mange år dei blir også. Og det flotte er at om eg vil ha ei sånn bok til neste år også, så er datoane lagra der- og eg kan berre logge meg inn med passordet mitt, og så kjem alle datoane mine inn i neste års bok også. Eg slepp å skrive dei inn på nytt! Såååå greit :)

Ein kan legge inn andre datoer også, så eg la inn bryllupsdagen vår :)
Her har eg lagt inn eit notat om at eg må hugse å kjøpe inn ei gave til ei som eg pleier å sende til. Alt dette ligg blandt dei datoane som eg har lagra, og som vil komme i almanakken min kvart år- viss eg ønsker det.


Mens andre ting ein bør hugse på allerede er fyllt inn fra før av... Neste år er det faktisk fastelavn, valtentinsdag og morsdag på samme dag ser det ut som :)

Og det fins også andre påminnelser inne i boka, som allerede ligg der- f.eks at ein må hugse på at det nærmer seg farsdag.

Ein kan også velge litt korleis ein vil at dei bakerste sidene skal sjå ut. Eg valgte å ha ein liten del med kalender, og ein litt større del med linjerte ark.


Foreløpig har eg berre hatt denne i eit par dager og synest den er genial. Antakeligvis blir det ein sånn almanakk på meg neste år også :)

http://www.personligalmanacka.se

onsdag 29. juli 2009

Blogg Candy

I Astrid sin koselige blogg kan ein vinne ei nydelig bok:


Og Daniel lodder ut denne flotte Blog candy'en:



(Klikk på navna for å komme til bloggene deira)

søndag 24. mai 2009

Det å samle på barna sine tegninger

Eg samler på mange av ungenes tegninger... Då eldstejenta var enebarn satte eg mykje av det ho tegna inn i ein perm. Dei tidene er over kan du sei... det blir ikkje akkurat prioritert lenger. Men om dei har tegna nokre ekstra fine eller søte tegninger, så skriver eg på tegninga kva det er dei har tegna og set dei i ein perm. Men dei har også kvar sin boks (bleieboks) der vi legg tegninger o.l som dei har laga- og den rydder vi ut av når den er full.

Vi samler nok på litt for mange tegninger, ja. Eg pleier å samle dei i ein større boks på loftet etterkvart.

Men så kom eg over denne artikkelen:
How to keep and store children's art

Der det bla står "berre behold det som får deg til å smile"

Så fra no av skal eg vere flinkare til å kaste, sjølv om det kan vere tungt å kaste noko som dei har laga.

torsdag 23. april 2009

Tid for trening

Har trent litt i dag.
Det var først etter å ha blitt mamma for tredje gong og då eg runda 30 at eg egentlig skjønte kor bra trening er for kroppen. Eg har aldri av dei som har trent masse... i perioder har eg trent litt, og i perioder ingenting. Eg har hatt om helse og trening på skulen då eg var yngre, og lest mykje om det- men det er først når eg begynte å bli hemma av ein litt dårlig trent kropp at eg fann ut kor bra det egentlig er. (Spesielt merka eg tyngda på kroppen etter fødselen med minstemann. Då var eg 10 kg tyngre, og 100 cm større i ulike kroppsmål enn det eg er no... og sidan eg ikkje er heilt normalvektig no, så hadde det ein del å sei den gongen når eg var enda større).

Eg trener ikkje hovudsaklig for å bli slankere, men for å bygge opp kroppen så den skal bli sterkare i kvardagen. Eg trener ikkje for å holde meg ung, men for at eg skal vere i god form når eg blir eldre.

I fjor fekk eg litt problemer med eit kne. Og gjekk til kiropraktor for å få det i orden. Det gjekk bra. Då eg hadde min siste behandling for kneet tenkte eg at eg kunne no nevne det lille ryggproblemet eg har hatt sidan min andre fødsel. At eg lett blir sliten og blir stiv i korsryggen om eg bøyer meg mykje. Og at eg ikkje kan ligge på magen i senga om morningen- for då blir eg stiv utover dagen.

Det første eg fekk vite var at eg ikkje måtte ligge på magen... Eg meinte at eg fekk ein "knekk" i ryggen under andre fødsel som har fulgt meg sidan då, og kom tilbake for fullt under min tredje fødsel. Han meinte at årsaken var at eg hadde ligget mykje på magen (ikkje under svangerskapet, men ellers). Om eg ville ligge på magen, så burde eg iallfall ha ei pute under magen/hoftene.
Og det blei til at eg forsatte å gå til kiropraktor for å rette opp igjen det som var bak i ryggen.

Eg begynte å trene hos kiropraktoren. Eg har alltid hatt lyst til å trene i studio, men har ikkje funne muligheten til det sidan eg bur langt ifra det. No trente eg der, ein gong i veka, i løpet av fleire måneder. Til slutt valgte eg å gi meg, sidan dette var den fridagen eg hadde sammen med ungane- og istedenfor å bruke dagen på køyring og trening, ville eg heller vere sammen med dei. Men eg fekk med meg eit treningsopplegg som eg kunne følge.

Det gjekk eit par måneder, november og desember (sydentur og juleforberedelser), uten noko særlig trening. Treningssykkelen eg hadde fått til bursdagen, var forsatt lite i bruk sjølv om den stod lett tilgjengelig.

Etter nyttår måtte eg ta grep. Eg hadde merka effekten av trening... Tidligare var eg alltid meir eller mindre stiv i skuldrane. Men ved hjelp av kiropraktor og trening blei dette mindre og mindre av. Og kjente eg at stivheten meldte seg, så hjalp det ofte med ei lita treningsøkt.

Eg kom fram til det at noko måtte gjerast. Eg måtte få rutine på treninga mi og sette av tid til dette- ellers var det vanskelig å få det gjort. Dei små fristundene eg hadde, når ungane var litt ute med pappaen sin eller bestefar (som bur i nærheten)... blei brukt til husarbeid eller kanskje kun berre til å slappe av og nyte stillheten.
Eg burde kunne trene litt om kveldane, sånn som eg hadde gjort tidligare (etter at eg fekk barn nr 1 og 2).... men dei 2-3 timane eg hadde om kveldane blei brukt til litt rydding etter dagen, tv/data, og kanskje ein gong innimellom; scrapping.

Eg fekk hjelp av svigermor og svigerfar. Eg jobber kun 2 dager i veka, og har resten av veka fri (sammen med ungane). Vi avtalte at på to av fridagane mine skulle dei passe dei ein times tid, så eg fekk satt av tid til å trene. Dei liker å ha ungane litt, og er veldig flinke til å hjelpe til- om vi ikkje hadde hatt dei i nærheten hadde kvardagen vore eit større puslespill å få til. Så vi er utrulig heldig som har dei så nær.
Om kveldane tenkte eg at i stedet for å sitte i stolen og sjå tv, så kan eg heller sitte litt på sykkelen mens eg ser tv.

Sånn har vi hatt det sidan januar. Som eg skreiv tidligare, har eg hatt lyst til å begynne å trene i studio. Men det er vanskeligere å få til.
Trening heime er lettare å få til, sjølv om det kanskje ikkje er like kjekt.
På januarsalget kjøpte eg meg litt treningsutstyr, som treningsmatte, håndvekter, ball o.l. I ettertid har eg også gått til innkjøp av fleire forskjellige treningsvideoer. Veldig kjekt å prøve ut nye måter å trene på!! Eg har lenge vore på utkikk etter meir danse-prega treningsvideoer. Og har funne nokre. Nokre har eg prøvd, men ikkje alle.
Etterkvart som eg bruker dei, tenkte eg at eg kanskje innimellom skulle skrive om dei her.

I dag har eg brukt desse:
Video Vitamin 4 med Kari Jaqueson. Ein DVD som eg har hatt i mange år, uten å bruke den. Men no er den tatt i bruk. Og sjølv om det ikkje er den mest fengande, så er det iallfall bra trening!

Eg prøvde også ein heilt ny DVD i dag, ein eg har vore spent på, for den innheld ein del dans. Ein treningsmåte som eg alltid har likt, sjølv om eg aldri har kunna å steg og "moves" innafor desse dansemåtane.
Denne DVDen heiter
Dance Extreme the workout. Med disco, hip hop, pop, latin og house. Den virka veldig kjekk- ein morsom måte å bevege kroppen på. Eg fekk prøvd halvparten av den før kidza kom inn, og so far so good. Denne likte eg, og eg trur nok at eg skal få med eldstejenta mi på å prøve ut denne ein gong. Ho elsker å danse :)

I tillegg fins det massevis av info og treningstips ute på nettet.



torsdag 16. april 2009

Kaoskontroll

Eg liker å shoppe og eg liker å samle på ting. Og det at eg bruker internett mykje gjer at eg finn mange nye ting eg ønsker å kjøpe (gjerne barnekle, scrappeting, ting til huset og dill og dall), samtidig som at eg også lagrer på mykje av den infoen som eg finn (om data, fotoredigering, scrapping, familie, helse, barn ...for å nevne nokre få) og som eg kanskje vil ha lett tilgjengelig seinare ein gong. Desverre går ikkje desse tinga så lett overens med eit av mine nye prosjekt; kaoskontroll.

Eg har eit ønske om å få kontroll på alt eg har. Har kontroll på det meste, men i krokene og på sjeldent brukte rom så har det lett for å hope seg litt opp. Det samme med pc'en. Stort sett har eg orden på det meste av tinga som eg lagrer og bruker... mens det nokre plasser hoper seg opp.

Nok ein gang har eg tatt meg ei surferunde på nettet, og det dukker opp masse nyttig (som eg nok ein gong lagrer både på pc'en og i Mine Favoritter- så eg har all infoen lett tilgjengelig).
Ei av dei første sidene eg kom til, var denne: http://www.listmamablog.com/ . Og det gjekk opp for meg at eg faktisk er veldig glad i lister. Eg bruker alltid lister (for ting eg skal handle, ting vi må ha med på ferie, ting eg må få gjort i huset... og eg bruker også lister nesten kvar dag. For på dager der det er mykje eg må få gjort- så må eg ha det skreve ned så eg hugser på alt... for skriver eg det ikkje ned så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to).

På denne sida fann eg tips til lister og også linker til mange andre flotte sider om hus og heim :)

Mange ryddeprosjekt er blitt satt igang i heimen, og mange er fullført. Men har forsatt ein del igjen. For eg liker å ha kontroll og eg liker å ha system på ting :)

Eg skal etterkvart dele litt tips og bilder fra desse prosjekta.