Viser innlegg med etiketten Foto: Ja- her bur det barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto: Ja- her bur det barn. Vis alle innlegg

lørdag 24. februar 2018

Her bur det barn

Eit Facebook-minne med fototips :)

tirsdag 22. februar 2011

Ja, her bur det barn #10

Eldstejenta har ei dobbeltside fra ein H&M katalog hengande på veggen. Det er nok ikkje pga kleda, men heller pga dei fine hestane :)

Ei av fleire bokhyller med barnebøker som vi har ståande. Om eit par tiår er kanskje dette bildet kun eit minne frå ei tid som var...

lørdag 29. januar 2011

Ja, her bur det barn #9

Eldstejentas settehylle, med bla. Hannah Montana-lys og Winx figurer. Ho har mala hylla sjølv.

Eit veldig typisk tegn på at vi har barn i hus; poser med klè som er for små til 7 åringen :)

mandag 17. januar 2011

Ja, her bur det barn #8

Årets første "Ja, her bur det barn"-bilder. Votter, hansker og luer har ein tendens til å fylle både golv og benk i gangen. Men sjølv om det kanskje ser litt rotete ut no, så kan det hende eg kjem til å savne dette om nokre år når ungane er blitt store og flytta ut...

Det kan vere vanskelig å finne plass til alt av uteklede no om vinteren, men heldigvis har vi ein utgang i kjellaren òg så vi kan oppbevare litt kle der også.

Å gjøre rent i huset mens dine barn vokser opp, er som å måke fortauet før det har sluttet å snø.
~ Phyllis Diller

Ungane pleier å få ha ein boks med leiker i stova (enten duplo, lego, togbane el.l.) og då blir det ofte laga byggverk som må stå nokre dager. 
Merkelig nok blir dei ikkje leika så mykje med etter at dei har blitt byggd, så når det er på tide å rydde det vekk, og motstanden mot dette er sterk (skjønner jo at dei vil at det dei har byggd skal få stå sidan dei har lagt ned mykje tid i det...) så er det godt å ha eit kamera tilgjengelig så dei kan få ta bilde av kunstverket sitt.

lørdag 29. mai 2010

Ja, her bur det barn #7

På togbane-bordet har det lett for å også havne andre ting innimellom :)
Kanskje er dette to tigre som truer toga og ein sekk som var for stor til å ha med på toget?

Vi har hengt opp nokre lister med klesklyper der ungane kan henge opp kunstverka sine, desse heng på veggen utanfor barneromma. Innimellom må ting tas ned og nye ting henges opp.

lørdag 8. mai 2010

Ja, her bur det barn #6

På tide med nokre nye "Ja, her bur det barn- bilder":
Når ein ting blir liggande lenge, så ser man den ikkje lenger. Her har den søte perle-fuglen ligget ei stund, faktisk så lenge at vi ikkje såg den... før eg tok dette bildet. Så no er den vekk :)

Minstemann har hatt sin eigen krok i stua (på bildet)... men i dag har han fått eit rom til å ha tinga sine på (det er kun verktøybordet som står igjen)  :)

søndag 14. mars 2010

Ja, her bur det barn #5 Littlest Pet Shop har sin eigen plass

Eg synest Littlest Pet Shop- dyra er skjønne og fargerike. Av og til, når eg er på butikken og kjem over nokre som ser ekstra søte ut, så kjøper eg dei og legg dei i ei gave-eske som eg har. 
Og så får jentene dei når det dukker opp ein passande anledning (til bursdag, jul, i adventskalenderen eller som ein overraskelse i reisesekkane som vi har med oss på ferie)


Jentene fekk kvart sitt Littlest Pet Shop- hus i julegave eit år. Desse har fått sin eigen plass, på kvar sine kommoder i loftsstua. Då står husa og dyra lett tilgjengelig når ungane vil leike med dei.


Jentene er ekstra glade i LPS hestane

Ja, her bur det barn #4 ~prinsessekrone og barbiesko

Vi har soverom og barnerom på loftet, og sidan ungane ikkje er der oppe kvar dag (borsett frå når dei skal sove) så er ikkje vi så "nøyne" på at det til ei kvar tid skal vere skikkelig ryddig der. Derfor kan diverse småting gjerne bli liggande ei stund før dei blir tatt opp og lagt på sin rette plass...
Rart det der, kor vanskelig det iblandt kan vere å sjå dei tinga som ligg rett framfor ein når ein rydder...

lørdag 27. februar 2010

Ja, her bur det barn #3 - skisko

Det er godt å ha ein ovn man kan varme skiskoa ved... (sjølv om nokre av skoa er på veg vekk ifrå varmen)

tirsdag 16. februar 2010

Ja, her bur det barn #2 - fått hyller frå barnehagen

I fjor flytta barnehagen, der eg jobber, inn i nye lokaler, og dei gamle lokala blei reve ned. Vi som jobber der fekk ta med oss det som var til overs i gamlebygget, så eg fyllte opp bilen med praktiske hyller bla. desse som vi no har hengt opp i kjellaren. Her har vi ein ekstra inngang, ein plass til å henge alt det som det ikkje er plass til i gangen i hovudetasjen. Og no når mannen hang opp desse hyllene så fekk vi mykje meir system og lettare tilgang til kleda vi som vi har her.

mandag 8. februar 2010

Foto: Ja, her bur det barn #1

I mange hus (og blogger) som eg er innom så er det ofte så ryddig og fint... og det vises kanskje knapt at det bur barn i husa. Eg skulle gjerne hatt det sånn her òg.... Ja, vi rydder kvar dag (meir eller mindre) og vi har det også ryddig- og spesielt før store selskap og sånn... Mykje blir rydda samme dag, men mykje kan òg bli liggande ein dag, eller to... eller enda lenger.
Og sjølv om eg ofte kunne tenkt meg at huset rydda seg sjølv, så kan det jo hende eg kjem til å savne dette ein dag. Desse små påminningane om at det faktisk bur barn her i huset.

Derfor lager eg eit nytt Foto-tema her i bloggen min; "Ja, her bur det barn"... og beviser på det. Det kan vere leiker, kle og andre ting- som ligg der dei skal gjere... eller ikkje...Felles for mange er at gir farge i kvardagen og spor fra mine små.

Hverdager er de flotteste. De er fulle av eventyr.