Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg

torsdag 13. april 2017

Treng du tips og ideer til kva du kan gjere med bilda dine?

Lik gjerne Facebooksida mi "Linda Veberg Søgnen Studio". 
Min lidenskap er å ta vare på familiehistorie gjennom bilder og tekst, og eg ønsker å dele inspirasjon og ideer på denne sida- og kjem nok derfor til å bruke denne litt meir aktivt enn bloggen.

Manga av oss tar fleire bilder no enn tidligare, men kva bilder er kjekke å ha og kva kan man gjere med desse? Eg håper å kunne komme med tips som kan komme deg og familien din til nytte på denne sida. Og eg kjem også til å dele tanker om det å ha det bra med seg sjølv, mine og ungenes kreative sysler, og gi eit lite innblikk i kva eg held på med.

mandag 24. juni 2013

Redigering av Project Life bildene mine på data og iphone

Kollasj lage i photoscape i 10x15 format

Når eg framkaller bilder til Project Life albuma mine framkaller eg dei i 10x15 format for at dei skal passe i album-lommane. 
Eg tar mest bilder med iphone og speilreflekskamera, og eg bruker iphonen meir og meir fordi den er alltid med og eg kan redigere bildene direkte på telefonen. Kvaliteten på bildene er gjerne bedre på speilreflekskameraet, men det er ofte minnene som er viktigast for meg og ikkje kvaliteten.

Ein del av bilda eg sender til framkalling må eg beskjære, enten fordi eg vil ha vekk ting på bildet eller for å få dei i riktig størrelse (10x15 format). Då bruker eg som regel Windows fotogalleri (programmet eg bruker når eg ser på bilder) til dette. Her kan eg også endre bla. farge og lys.

windows fotogalleri

Redigering i windows fotogalleri

Men når eg skal redigere meir eller sette fleire bilder på eitt bilde (lage kollasj) bruker eg ulike redigeringsprogram. Når eg skal lage kollasjer bruker eg mest gratis-programmet photoscape.

Kollasj (montasje) i photoscape

Når eg lager ein kollasj i photoscape så bruker eg størrelsen 2376x1584 for å få bildet i 10x15 format, men man kan selvfølgelig bruke andre størrelser også. Her er det mange ulike oppsett å velge mellom, og programmet er også fint å redigere bildene i.

Kollasj med instagrambilder, laga i photoscape

Kollasj laga i photoscape


Nokre gonger bruker eg Photoshop til å lage kollasjer i. Eg kjøpte nylig eit sett med templates (ferdige kollasjer) fra Tracy Larsen.

Tracy Larsen's "The simply white collection v1"

Kollasj med TL's templates


Kollasj med TL's templates

Nokre gonger lager eg oppsetta og kollasjene sjølv i photoshop:
Instagrambilde på eit kvitt 10x15 bilde. I tillegg brukte eg tekst og eit digitalt stempel.


...... Sånn gjorde eg det med 2012 bildene mine då eg framkalla dei..... 
No i 2013 skal eg gjere jobben litt enklare. Istedet for å redigere alle bildene rett før framkallling så skal eg redigere iphone-bilda samme dag eller veke som bilda/bildene er tatt.

Det fins mange apper man kan bruke til dette, og dei to eg bruker mest er Pic stitch (gratis) og Laminar.

Pic Stitch er super til å lage kollasjer i. Eg leitte litt før eg fann den rette; ein gratis app som eg lett kunne lage 10x15 kollasjer i og som hadde dei kollasjene eg bruker mest. I tillegg kan man redigere bildene på mange ulike måter i denne appen.

Laminar koster litt, men eg fekk den gratis gjennom appen Apps Gone Free (info om gratis apper kvar dag). Laminar bruker eg til å lage eigne kollasjer i, td. viss eg vil ha eit 10x15 bilde med eitt eller to instagrambilder på. Det er også eit program med mange redigeringsmuligheter.

Eg synest det er litt kjedelig å sjå gjennom alle bildene eg skal framkalle og deretter redigere dei, når det er snakk om fleire måneder med bilder. Men no ser eg for meg at denne jobben blir enklare og raskare sidan eg allerede har valgt ut ein del av bilda eg vil bruke og dei er satt sammen i kollasjer.

Andre foto-apper eg liker:
Snapstill (fra video til foto)
Scrappe-appen Scrap it
og ikkje minst Instagram


Eg har i fleire år vore inspirert av Elsie og måtte selvfølgelig ha den artige appen som ho og firmaet hennar, Red Velvet Art, nylig lanserte; A Beautiful mess. Det var litt skuffande at eg ikkje fekk alle ekstra elementa då eg kjøpte appen... at eg må betale ekstra for desse. Men eg liker appen veldig godt og angrer ikkje på kjøpet... og eg ser at det skal komme fleire gratis element i neste oppdatering, så eg ser fram til det :)

redigert i "A Beautiful Mess"

redigert i "A Beautiful Mess"



tirsdag 5. juni 2012

Minstejentas dag i bilder

Minstejenta er i ein herlig alder. Ho har lært seg å sitte, ho krabber og ho røyser seg opp når ho held seg i ting. Ho utforsker romma ho oppheld seg i meir og meir, og studerer og smaker på alt som dukker opp i hennar vei. Derfor tok eg mange bilder av ho i løpet av ein dag. Bilder av ting ho gjorde, og gamle/nye plasser ho utforska.
Her er eit lite utvalg av dei.

Rart å tenke på at ho for berre nokre måneder sidan knapt kom seg av flekken, mens ho no kjem seg overalt.

Desse bilda tok eg ein annen dag, då ho var opptatt av ei bok og "turna" mykje rundt den :)



mandag 4. juni 2012

Fotobok og framkalling

I perioder blir det lite tid til blogging. Når det td. dukker opp eit godt tilbud på framkalling eller fotobøker så blir dei ledige stundene brukt mykje til å holde på med dette. I forrige veke bestillte eg bilder til 2011-albummet vårt. Då brukte eg ein del tid i forvegen på å velge ut bilder eg ville framkalle, og redigere dei litt.

Og før eg holdt på med bilder eg ville framkalle så laga eg ei ny fotobok; "Week In The Life- 2 veker i april 2011".
Men no blir bildearbeid lagt vekk ei stund. Dei neste vekene står det bla. forberedelser av eit par bursdagsselskap på planen. Og så er det snart sommerferie for dei skjønne små :)

Litt fleire bilder fra fotoboka:
Første sida i boka

Nokre dager skreiv eg nesten heile dagsrytmen vår på ei side.

Ei bok full av kvardagslige bilder og detaljer.

Gutten min fekk låne kameraet nokre dager, så nokre av sidene i boka fyllte eg med bildene hans.


Kanskje ikkje så godt å sjå på dette bildet, men her er ei side med bilder fra guttens rom og ei side med bilder fra mellomstejentas rom.

Bilder tatt av gutten og mellomstejenta.


Eg gjorde WITL-prosjektet to gonger i fjor (før og etter at minstejenta kom til verden), og ei veke i 2010. Eg held for øyeblikket på med dette prosjektet atter ein gong for å ta litt vare på denne babytida som går så fort. Men når eg no er ferdig med det etter denne veka trur eg eg venter nokre år før eg gjer det igjen.

lørdag 18. juni 2011

Minstemanns fotobok: hans "traktorer og andre køyretøy"

Forrige dagen skreiv eg eit blogginnlegg om fotobøkene eg fekk i posten. Her er nokre glimt fra minstemanns fotobok. Den er på 24 sider og er laga hos Fujidirekte.

Dette er ei bok med lite tekst, men med mange bilder av alle køyretøya han har leika med eller sett på i løpet av dei åra han har vore køyretøy-interessert :) (dvs nesten heile sitt korte liv)
Eg har skreve dato på mange av bilda, og på nokre har eg også skreve kor vi var td når vi har vore på ferie eller besøk.








søndag 12. juni 2011

Fotobøker i posten *jippi* (og Elkjøp vs Fujidirekte)

Eg er vel ein av mange som har fått verdikupong fra Fujidirekte med tilbud om gratis fotobok. Eg hadde to kuponger og bestillte derfor to bøker til minstegutten. Han har ikkje album fra sine første år, så eg laga ei bok med ein del tekst + bilder fra hans aller første år. Han er også veldig opptatt av traktorer (og andre køyretøy) så eg laga ei bok til han med bilder eg har tatt av han med dette fra 2007-2011. (Det kjem muligens eit eige innlegg om denne boka seinare).

Eg fekk også denne boka, fra ferien vår på Amadores. Sååå deilig å bli ferdig med den! Eg er ikkje så rask til å lage fotobøker for eg har så mange bilder og tekst eg vil ha med, derfor er det ekstra kjekt å endelig få eit ferdig produkt i hendene. Denne bestillte eg fra Elkjøp.

Fint av Fujifilm å tilby gratis fotobøker (sjølv om dei ikkje kan vere på meir enn 24 sider), men eg kjem nok ikkje til å bruke dei seinare pga fotobok-programmet deira.
Man må lage fotoboka online, og laste opp bildene før man set dei inn i boka. Eg følte også at eg ikkje fekk zooma inn sidene nok til å sjå korleis dei ville bli, og satt mykje og "myste" mot skjermen for å prøve å sjå tydeligare. Eg savna også fleire sidemaler og det å kunne lage sine eigne.

Eg liker Elkjøp bedre. Der kan man jobbe med boka på sin eigen pc, og finne bildene man vil ha i fotomappene ein har på pc'en. I dette programmet er det mange oppsett/maler til bildesider, og man kan lage og lagre sine eigne. Eg kan også zoome inn sidene mykje meir og det er fleire muligheter med dette.... Så eg liker nok Elkjøp sitt program best, og kjem til å holde meg til det...
(Elkjøp bruker Cewe's fotobokprogram... som bla. Japan Photo og Postfoto bruker. Eg velger Elkjøp fordi vi har ein butikk i nærheten og får derfor boka fritt tilsendt dit).

Kvaliteten på bøkene virka i første augekast som nokonlunde lik.

fredag 29. april 2011

Bilder og minner fra graviditeten

Helsekort for gravide| Vitamintilskudd| Bøker eg har kjøpt i 
tidligere graviditeter| magen min| Blader eg har lese

Dette er min 4., og mest sannsynlig siste, graviditet. Derfor vil eg ta vare på minnene, og prøver å ta bilder og skrive ein del notater fra denne koselige tida som snart er over. 

Keep some souvenirs of your past, or how will you ever prove it wasn't all a dream? (Ashleigh Brilliant)

Ein gammel mammatrim-vhs| gravidmagen min fra ulike vinkler| 
Mine favorittsko| Mine favoritt Bodybutter

A good snapshot stops a moment from running away.
  ~Eudora Welty


Yngstemanns teppe som han har vevd til babyen|  Gravidmagen min| 
Bok eg har fått| Bok eg har lest for dei små som forklarer graviditet
på ein fin og forståelig måte

Photography. The best cure for a bad memory. -
John E. Burkowski~

torsdag 7. april 2011

Tips til nyfødt- og babyfotografering

Minstemann... for 5 år sidan

Satt og tenkte her ein dag... ser jo så mange fine babybilder på nettet, så kanskje vi kunne ha reist til fotografen når den lille kjem til verden og ta nyfødtbilder? Men kom fram til at det ikkje er så godt å seie no korleis den første tida med den lille blir, og kanskje eg heller kunne prøve å ta bedre bilder sjølv? Eg er ingen fotograf, langt derifra... men eg kan jo finne litt tips på nettet, og kanskje kan babybildene eg tar bli litt bedre enn dei eg har tatt tidligare?

Det er eit av mine prosjekt for tida; lese tips eg finn på nettet, sjå på bilder for å få inspirasjon og kanskje bli litt flinkere til å ta bilder innen den lille kjem til verden. Når h*n kjem er det for seint, så det må gjerast no.


Nokre av linkane eg har komt over når det gjeld babyfotografering:

På desse sidene finnes mange fine artikler om emnet ved å td søke på "newborn" eller "baby":


Blogger med inspirasjon og andre fine linker:


torsdag 17. mars 2011

365 bilder- eit for kvar dag i året

Mellomstejentas oppgåve i dag: rydde ut av oppvaskmaskin| Vi speler yatzy| Familien ser på tv og Grand Prix| Eg har lært meg å hekle| Minstemann har fått BliMed bandet sitt

Eg er godt igang med å ta dette årets 365 bilder. Eg vil at bildene eg tar skal vise litt av kvardagslivet vårt akkurat no, sånn at det kan bli ei verdifull og minnerik bok for familien å sjå gjennom i åra som kjem.
Her kan du lese innlegget om mitt nyeste prosjekt: Project Life

Fastelavensboller| Mellomstejentas ponny| Prosjekt: lime bilder i fotoalbum| Minstemann fekk lykketroll hos tannlegen| Såpeholderene våre som snart skal byttes ut

Det enklaste med heile prosjektet er jo å ta bildene, og eg tar bla. bilder av:
  • Ungane som held på med kjekke ting, sammen eller aleine.
  • Familieaktiviteter
  • Rutiner og vaner
  • Ting vi har i kvardagen vår eller i miljøet rundt oss, og som kanskje ikkje er der lenger om nokre år fram i tid.
  • Været- for det er jo ein ting som ofte er aktuell "akkurat no".
Når eg tar eit bilde, så noterer eg også ned nokre stikkord eller setninger om bildet på ipod'en min. Der bruker eg programmet Awesome Note som eg tidligare har skreve om her: Mine favoritt notat-apps på ipod touch. Dette gjer eg for å hugse kvifor eg tok bildet den dagen eg skal lage albummet.

VM på ski på tv| (oops mellomstejentas ponny igjen)| Ungenes dockboots *glad i dei skoa*| Glad i deg- på valentinsdagen| På basar

Då eg holdt på med "A Week In The Life"- prosjektet overførte eg bilder til pc'en kvar dag. Det føler eg ikkje behov for denne gongen, så eg tar det når det passer.  Når eg overfører bilder til pc'en så kopierer eg dei samtidig over i ei mappe som eg bruker til "365-bildene" mine. I denne mappa har eg ei mappe for kvar veke (og måned), sånn at eg enkelt skal finne dei riktige bilda når eg treng dei. Muligens eg etterkvart sorterer dei sånn som Myra Chercio beskriver i denne artikkelen:  10 tips for success with 365.

Eg og minstemann speler spel| Dyra i fjøsen vår| Været på køyreturen min heim frå jobb| Ei av barnebok-hyllene våre| Minstemann tegner på ipoden min

Så langt har eg komt... Eg tenker litt på det, men eg har endå ikkje heilt bestemt meg for kva album eg vil lage. Det koseligaste er jo å lime inn bilder i eit vanlig album, eller kjøpe Becky Higgins' ferdige kit. Men eg trur at eg for enkelhets skyld (for få faktisk få det gjort, og ikkje utsatt) skal lage eit fotobok, med ei dobbeltside for kvar veke. Kanskje eg må lære meg å  bruke templates i photoshop (det er jo sikkert ein enkel sak, berre man tar seg tid til å lære det) eller at eg finn fine montasjer i det gratise programmet Photoscape (det er jo veldig enkelt å bruke både til redigering og til å lage montasjer/collager) og legg montasjane rett inn i fotoboka. Eg må tenke litt meir på dette...

Eg planlegg også å lage eit liknende album til babyen når h*n kjem til verden. No tenker eg over kva bilder eg vil ta og kva eg vil minnes, spesielt om den første tida sammen med h*n. Kanskje eg skriver om dette ved ein seinere anledning :)

Eldstejenta har laga bursdagskort| Minstemann har brukt mange bukser i det siste pga. været| Jentene gjer lekser på golvet (dei pleier egentlig å gjere dei ved bordet)| Mellomstejenta med dyra i fjøsen| Mellomstejenta og eg lager brownies

Linker til inspirasjon:
Capture your 365
Ali Edwards- Project Life
Becky Higgins ("grunnlegger" av Project Life)
Creating Keepsakes: 365 days, 365 ideas for photos(pdf fil)

Minstemann høgg "ved" med motorsaga si| Minstemanns nintendo ds lite1 Rydder vekk barnekle som er blitt for små| Eg har ein liten i magen min| Ungenes tanntråd-holdere

søndag 16. januar 2011

Nytt prosjekt på gang: Project Life

I love Project Life by Becky Higgins

Eg sit og lager fotobok av bildene som eg tok til "A Week In The Life"-prosjektet mitt. Riktignok blei bildene tatt i mai, men sidan eg heldigvis noterte litt kvar dag så gjer det ingenting at det går litt treigt å få bildene og tekstane i bok.
Her kan du lese det eg skreiv om dette:
Nytt prosjekt: scrapper "A Week In The Life"
Week In The Life- bilder

Mens eg sat og las på ideer og tips til dette prosjektet tidligare i dag, fekk eg lyst til å begynne på eit nytt prosjekt; "Project Life". Dette kjem til å bli eit år med mange små og store begivenheter, og kanskje litt små og store forandringer i livet vårt. Og desse vil eg ta bilde av. Eg begynner i morgon :)

Meininga er at eg skal ta eit bilde (nesten kvar dag), og notere meg nokre ord om kvifor eg tok akkurat dette bildet (det kan td. vere eit ord, ein tekst, eit dikt/sitat, ein samtale, ein tanke...). Når eitt år har gått skal eg sette desse i album (enten ved å lage fotobok, eller kanskje kjøpe det digitale kit'et til Becky Higgins).

Eg tenker å ta bilder av kvardagslige ting, men har også laga meg ei liste med ting eg MÅ ta bilder av og tips til andre ting eg kan ta bilder av.

Kvar veke tenker eg at eg td. skal ha minst eitt bilde av personer.
Kvar måned skal eg ha minst eit bilde av årstida vi er inne i.

Andre døme på ting eg kan ta bilder av:

  •  Rutiner/vaner i familien vår
  • Ting vi/barna lærer
  • Favoritter (td. kle, mat, på tv, leiker...)
  • Ting og tang (mat, hus, rom, leiker, elektroniske duppedingser)
  • Dyr og natur
  • Aktiviteter
  • Venner, skule og jobb

Har du holdt på med noko liknande så skriv gjerne ein kommentar om det :)
Du kan lese meir om dette på Becky Higgins si nettside og i bloggen hennar.