Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg

mandag 27. februar 2012

Goodiebag fra barneloppis.no

Barneloppis er ein nytt nettstad for kjøp og salg av brukt og handlaga barneutstyr. Når eg (ein gong) får sett gjennom litt av alt eg har samla på i skap og kott av barnekle og barneutstyr, så kjem eg sikkert til å bruke denne nettstaden.

No har eg fått ein Goodiebag fra barneloppis.no med masse fint innhold:


Her var det bla. barnevitaminer, Gråtass-puslespel, gavekort fra Stena Line, refleks fra Dunderly, vareprøver på diverse kremer, flurotabletter, tannkrem, tannbørste og DVD fra Disney Junior :) Og nettet som det heile kom i kan bla. brukes som handlenett eller til kle som dei små må ha med seg i barnehagen eller på skulen.

Barnevitaminane blei populære i heimen, og gutten min pusla Gråtass og såg på DVD'en fra Disney Junior. Når ungane var på overnatting hos bestemor var det veldig greit å ha med seg sånne små pakker med fluortabletter, og refleks er eit must (!) når dei står og venter på bussen om morningen (iallfall om vinteren). Ei av jentene mine har lenge hatt ein favoritt-tannkrem, men no når vi fekk ei vareprøve på tannkrem så fekk ho seg ein favoritt til :)

Om du har lyst på ein Goodiebag så kan du få det her: Barneloppis' Goodiebag (du treng berre betale portoen).

tirsdag 16. februar 2010

Ja, her bur det barn #2 - fått hyller frå barnehagen

I fjor flytta barnehagen, der eg jobber, inn i nye lokaler, og dei gamle lokala blei reve ned. Vi som jobber der fekk ta med oss det som var til overs i gamlebygget, så eg fyllte opp bilen med praktiske hyller bla. desse som vi no har hengt opp i kjellaren. Her har vi ein ekstra inngang, ein plass til å henge alt det som det ikkje er plass til i gangen i hovudetasjen. Og no når mannen hang opp desse hyllene så fekk vi mykje meir system og lettare tilgang til kleda vi som vi har her.

mandag 8. februar 2010

Barskapet har fått ny funksjon

Etter at eg fekk bærbar pc, og då blir sittande i stua når eg sit med pc'en så har det ein tendens til å bli litt fullt rundt meg på bordet og i området rundt pc'en. Når eg rydder så tar det ikkje så lang tid før det er fyllt opp igjen (blader, papirer, eksterne hardisker, notatbøker, fotoapparat og ledninger, penner m.m).

Så då kom eg på ideen å rydde ut av barskapet vårt. Dette er eit gammelt skap som mamma fann på ein antikvitetsbutikk ein gong, og så kom det hitover. Vi har jo hatt litt diverse inni, men det er sjelden vi bruker det. Derfor er no alt innhold satt vekk, mens mine nødvendige kontorsaker har flytta inn.

No når eg ser det på bildet så ser det litt rotete ut, og det kjem antakeligvis av at det er speil i skap-veggen. Så kanskje eg må dekke den til litt, så det ser litt bedre ut :) Men det er iallfall godt å ha fått ein liten plass til tinga mine i stua (mens eg venter på den store reolen som eg ønsker meg, men som eg ikkje veit om dukker opp nokon gong). Og så kan eg berre late igjen døra når det ikkje er i bruk :)

torsdag 8. oktober 2009

Så kjekt å få si eiga, lille handlevogn og litt andre små skatter



Minstemann fekk si eiga handlevogn i dag. Vi fekk denne vogna i barnehagen der eg jobber (fra ein butikk), og sidan vi har skikkelig oppryddning der no og ingen ville ha denne- så tok eg den med meg heim. Han syntest det var veldig stas å gå rundt om i huset med den. Først fyllte han den med verktøyet sitt, og deretter fekk Care Bears'ene seg ein liten køyretur :)
Kvifor kaste den når man istedet kan glede sine små?
Det må jo seiast at dette er langt fra det einaste eg har komt heim med fra barnehagen. Eg har store problemer med å kaste fullt brukelige ting. Spesielt når det er noko eg kan få brukt eller som eg veit at ungane vil ha glede av.

Her er andre småting eg fann:

Koppen med pusen på tok eg med meg som eit minne.
Tre-mosaikk- bitane har ungane allerede tatt i bruk, og har laga fine bilder med.
Nokre av spela kan brukes, men mange spel har diverse mangler- men eg tenker at det er mykje her eg kan bruke til scrapping! Mange synest nok at det høyres rart og merkelig ut (vi har hatt mykje moro på jobben pga alt det små og store eg vil ha med meg) , men eg ser små skatter overalt :) Og om eg ikkje får brukt det, så kan eg jo berre kaste det... sånn som egentlig var meininga.
Eg har også hatt med meg heim litt møbler som eg kanskje kan vise fram seinare ein gong... Mannen min laga bla. ein flott kommode til meg då eg kom heim med mange små skuffer :)

Ergo: Eg er ikkje flink til å kaste ting, og ser ein verdi i (kanskje alt for) mykje. Men det har litt med tanken om at kvifor skal ein kaste det når ein kan bruke det, og kanskje glede nokon med det? Og iallfall når det gjeld møblane- for om eg ikkje hadde tatt dei med meg, så måtte eg gjerne ha kjøpt nytt...
Gjenbruk er ein fin og bra ting, synest eg.

tirsdag 6. oktober 2009

Ein veldig god klem


Ein LO til der eg har brukt "det eg har"- både scrap (rester), gamle ting og litt nytt. Denne har eg laga til Thats just so cute si gjenbruks-utfordring.
Den rosa bakgrunnen er rester fra ein gammel genser som eg limte på svart Bazzill kartong.

Detaljer:


Rosa blonder, limt på den rosa genser-biten (bakgrunnen). Deretter grønt ric-rac bånd, kvite blonder og fine hjerteperler på toppen (som eg fann i perleboksen til jentene).


Ei gammel puse-klemme (fra då eg sjølv var lita) og "sisters"-tag.



På thickers-bokstavane har eg markert kantane med brun stempelpute, sånn at dei skulle vise på det rosa stoffet som eg har brukt som bakgrunn. Og så har eg pynta dei med bling (diamanter).
Bak det eine bildet har eg brukt rester fra ei strømpebukse (med Hello Kitty på) som bakgrunn.
Og så satte eg på tre gjennomsiktige sommerfugler (ghost-shapes).



Ein liten pus som ei av jentene har laga med Hama-perler.
Og "ball-chain" med to hjerteperler i endane (også "lånt" fra jentenes beholdning).



Bildene har fått perle-rammer + at eg har tegna resten av ramma med kvit penn.
Nasse nøff datt av ein hårstrikk ein gong. Og den grønne Mikke Musen kjem fra eit godteri.


Hjerteperler. Kvit blondeserviett. Eit stykke stoff fra ein gammel og ødelagt kjole. Ei sikkerhetsnål med rosa bånd og engle-charms.



Denne pynten er egentlig eit strykemerke :)

torsdag 1. oktober 2009

Bruk merkelapper/tags som scrappepynt


Ein del av dei kleda (og andre ting) som eg kjøper har fine merkelapper. Istedet for å kaste dei, så sparer eg på dei (samler dei i ei lita eske) og tenker å bruke dei som scrappepynt.

Her er eit døme på ein LO der eg har brukt merkelapp som pynt:

lørdag 29. august 2009

Tips til oppbevaring av bæreposer

Det samler seg opp ein del bæreposer i huset, og no har eg søkt på nettet for å få tips til oppbevaring av poser. På kjøkkenet har eg ein "posepose" som eg sydde ein gong, men det frister ikkje noko særlig å sy sjølv (sjølv om dei er enkle å lage). Denne er iallfall veldig god å ha, men ikkje stor nok. Så på vaskerommet har eg hengt opp tre bæreposer, der eg samler resten av posane i. Ein pose til store poser, ein til dei vanlige og ein til dei små. Men eg ønsker noko som tar mindre plass.

Her er nokre av tipsa eg fann på nett:
Denne minnte meg om sånne bokser som eg kjøper til bla. gryn, makaroni o.l. Så det kan ein jo bruke. Les meir om denne boksen og oppbevaringsmulighetene her: http://organizerightnow.wordpress.com/2009/08/12/organizing-green-organizing-idea/

Her er det blitt brukt ei tom brusboks-eske. Les meir her: http://www.inspiremecrafts.com/inspireme_crafts/2008/04/gotta-make-it-1.html

http://www.myrecycledbags.com/2008/06/24/recycle-a-cup-into-a-plastic-bag-keeper/#more-409
Denne virker jo veldig grei å lage (av eit tomt (og stort) drikkebeger) :) Oppskrifta ligg på nettsida.


Andre tips eg fann:
  • Melkekartonger, lages på nesten samme måte som drikkebegeret. Lag eit hòl botnen, der ein kan dra ut posane.
  • Tomme kleenex-bokser (har eit par fine kleenexbokser faktisk- trur eg går for denne ideen! Spørs kor mange eg får plass til i ein boks ;) ). Ein kan også dekorere boksene med eigne papir.
  • Andre tomme bokser (td. dei ein har til baby-vaskeservietter)
  • Link til korleis sy posepose: http://www.marthastewart.com/goodthings/pretty-plastic-bag-organizer
Dette var eit av dagens nett-søk, og eg fann ein oppbevaringsmåte som eg likte :) Den skal testes ut i morgon.

Dette innlegget er med i månedens tema  Ordning og reda, hos Foreldremanualen.

søndag 9. august 2009

Ingen MÅ-ting på lista i dag, eskene er klare til å gis vekk og jenteturen er over

foto: GettyImages
Det er så deilig å ikkje ha noko på MÅ-lista mi i dag! Det er nok av store og små prosjekt på BØR-lista, men det er fint å kunne gjere dei uten å måtte tenke at dei skal vere ferdige innen ei viss tid. Då vi kom heim fra ferie for 2-3 veker sidan tenkte eg at eg skulle bruke dei siste feriedagane til å rydde vekk ferie-bagasjen og vaske kle, for så å begynne å lage fotobøker. Og eg begynte... så vidt.. men så dukka det opp eit par nye "prosjekt". Eg skulle sende alt overflødig av kle til barn og unge som treng det i Russland, og eg og nokre veninner planla jentetur til Bergen. Vi skulle også ha med eit par små overraskelser til ei veninne som snart har bursdag, og feire ho litt på forhånd.
Over 20 maskiner med sende-vekk kle har blitt vaska. Då var det godt å ha tørketrommel! Eg pleier egentlig berre å bruke tørketrommelen til sengetøy og handkle, men i denne perioden har den også blitt flittig brukt til massevis av klesplagg. Forsatt ser loft-stua ut som om det er "bomba", med alle kleda eg har valgt å beholde, men det får stå i nokre dager til. No skal det bli godt å få rydda vekk alle dei små haugane med dill og dall som har samla seg opp på stort sett alle rom i hovudetasjen :)

Photobucket
Her er eskene eg skal sende vekk, og no er dei blitt plassert i ein hengar for å bli køyrt vekk i morgon. Dette er jo ca eit halv kott med kle- godt å få det vekk, og så håper eg at det også blir godt for nokon å få det. Eg hadde ikkje hatt hjerte til å kaste det for alt er fullt brukandes. Men mykje er fra då eg sjølv var liten, og når det ikkje har blitt brukt av ungane (sjølv om eg har vaska det opp til dei)- så håper eg dei forsatt komme til nytte ein annen plass.
Photobucket
I forrige veke begynte eg på fotoalbummet som vi skulle gi til veninna vår. Eg fekk god hjelp ein dag i forrige veke, då ei veninne kom på besøk med sine to små, for å gi meg ei hjelpande hand med albummet. Ungane leika fint sammen med mine heile dagen, og vi mammaene fekk gjort masse. Eg såg gjennom alle åra eg har med venne-bilder, mens ho la mønsterark på alle sidene og laga eit par sider.
I dagane etterpå redigerte eg og printa ut bilder for fullt, og denne veka har gått med til å få albummet ferdig.
Vi har hatt ein super jentetur til Bergen, med shopping og litt uteliv. Kjekt å ta litt "fri" fra mammarollen innimellom. Men litt prat om våre søte små blir det jo alltid likevel, og shoppinga mi er veldig prega av at eg har unger. Og sjølv om vi berre var vekke i 1 1/2 døgn, så føltes det som om det var lenge sidan eg hadde sett mine små- og det var godt å komme heim til dei i går kveld.

torsdag 21. mai 2009

Scrapping: Har brukt det eg har i hus

I dag rydda eg litt på hobbyrommet, og begynte å sortere på dill og dall som eg har samla i eit syltetøyglass. Ting som er blitt ødelagt eller som eg ville ha for å bruke på ei side med bilder. Eg tenkte på alt eg hadde lyst til å lage med desse tinga, og bestemte meg for å heller sette igang med å lage ein LO der og da (istedet for å berre tenke at eg ein gang skulle det):

Ein fargerik LO. Fargene er egentlig mykje sterkare i virkeligheten, og raindropsa viser bedre.

Glansbilde, blå blomst (crocs-pynt), nasse nøff (fra eit hårstrikk).
Mønsterark og kartong på tekst-rundingen er restepapir fra noko eg har laga tidligare. Og ein blondeserviett.

Glansbilde, pus (pynt fra ei klemme), hjul (fra ein bil) og ein blomst inni hjulet (fra eit hårstrikk)




Bokstavperler i tråd og ein hjertebinders som eg har hatt sidan den gongen eg gjekk på ungdomsskulen.



Bånd, treperler (som ungene har hatt) og ei rosa klemme (som jenta mi brukte då ho var mindre)



Perler fra ungenes beholdning, glitterlim i ein primablomst, og blomst med bling i i håret (sidan kittyen på t-skjorta hennar også hadde blomst i håret).



Her er litt anna stæsj og dill dall (=scrap)



Eit ødelagt smykke, og ein delfin som også er fra eit smykke.
Mynter, øredobber, perle, hengelås til ei dagbok, raindrops...

Knapper, pyntesmokker (til høgre) og ein bamse eg har fra då eg var yngre, treperler, div blomsterpynt fra ødelagte ting m.m Her er også glasset som eg har samla alt dette oppi.


Knapper, bling, pusen (fra hårklemme), tigergutt (spillbrikke), mikkemus figur (fra ein ispinne?), nasse nøff (fra eit hårstrikk), blå blomst (fra crocspynt) og "princess"-tag (fra noko eg kjøpte på princess)


Og eit hjul som har fallt av ein bil.