Viser innlegg med etiketten Foto: Barnas bilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto: Barnas bilder. Vis alle innlegg

tirsdag 6. august 2013

Ungane på fotojakt

Då ungane ikkje heilt visste kva dei skulle finne på forrige dagen, foreslo at eg kunne lage ein fotojakt til dei, og det var dei med på. Dei var fem stykker, så eg delte dei inn i tre lag (eit lag med to jenter på 10 år, eit lag med gutter på 7 og 12 år, og eldstejenta på 13 fekk vere aleine på lag). Eg skreiv tre like lapper med ting dei skulle finne og ta bilder av. 

To av laga brukte mobiltelefonane sine, mens det siste laget brukte eit digitalt kamera.
Og jakten var ein stor suksess. Vi måtte ha to fotojakter til etter dette (nye lapper med nye ting å ta bilder av). Og dei var fortsatt ikkje lei...

Eg lager muligens kollasjer til familiealbumet med bilder av noko av det dei knipsa.



tirsdag 3. mai 2011

30 veker på veg- bilder

30 veker på veg, så eg tenkte det kunne vere kjekt med litt bilder fra denne tida i svangerskapet. Eldstejenta mi på 10 tok mange fine bilder. Her er eit par av dei...

Before you were conceived I wanted you 
Before you were born I loved you 
Before you were here an hour I would die for you
This is the miracle of Mother's Love.
~ Maureen Hawkins ~


lørdag 9. april 2011

Ein 5-årings syn på verden gjennom kameralinsa

Sokkane hans| Vedovnen vår| Bak mellomstejenta| Eldstejentas hår og tv'en vår| Beina på bordet sammen med glaset og fatet hans

I går fekk minstemann på 5 prøve kompaktkameraet mitt og har sidan då knipsa i veg både ute og inne. Tydelig at dette var noko han likte, og her er nokre av bildene han tok sett i fra hans ståsted...
(artig å ha bilder fra første gongen han fekk sjå gjennom kameralinsa)

Gravidmagen min| genseren hans opp-ned| Gråtassen hans| Barnebok-hylla| Føttene hans på veg inn til besta og bestefar


Vedstabelen som han har hjulpe til med å legge opp| Kjelken hans| Barnesenga som han hadde før, som no er komt på løa| Graset| Bålbrenning sammen med pappa

mandag 27. september 2010

Mellomstejentas bilder fra fjøsen

Mellomstejenta tok med seg fotoapparatet i fjøsen for å ta bilde av dei nye kalvane som har komt til verden. Vi printa dei på eit ark til ho som ho fekk ha med seg på skulen. No heng det på oppslagstavla i klasserommet. (Eg har kun redigert størrelsen på desse bilda, ingen fargeendring eller beskjæring)


Likte vinkelen på dette bildet. Sjekk dei augevippane!

mandag 6. juli 2009

Eldstejentas bilder og litt om ungenes fotografering

Jentene mine bruker eit av mine gamle digitale kamera; eit Nikon Coolpix- når dei tar bilder. Er veldig fornøgd med det kameraet, men pga at det blei veldig treigt etter nokre år, så investerte eg i eit nytt eit i fjor. Jentene elsker å ta bilder og bruker det også til å filme ein del (filmer kvarandre når dei syng og finn på andre morsomme ting).

Her er nokre av eldstejentas bilder:

Littlest Pet Shop'ene ute i snøen :)





Stor Skofusbamse


Villkatten vår (som ikkje er så vill lenger)


Bilde av lerreta som eg har på veggen (ungene mine då dei var 2-3 år gamle).

Har ikkje redigert bilda hennar, kun redusert størrelsen. Ho blir flinkere og flinkere til å ta bilder- og eg tenker at nokre (som bla. dei med Littlest Pet Shop'ene) hadde blitt kjempefine om eg hadde beskjært dei litt og gjort dei litt lysare. Men eg synest dei er fine akkurat som dei er også.


Jentene har fått bruke det gamle digitale kameraet som dei har hatt lyst til, det siste året. Ellers så har dei også pleid å få kvar sine engangskamera- iallfall når vi er på ferie og sånn. Men sist eg framkallte engangskameraene deira (forrige veke) kom eg fram til det at fra no av trur eg vi går over til kun å bruke det vanlige kameraet. Å framkalle eit engangskamera koster jo rundt 100 kr (pluss-minus)!! For berre (ca) 25 bilder!! Mens med vanlige digitale kamera så kan dei ta så mange bilder dei vil, og etterpå plukke ut dei bildene dei helst vil ha framkallt.... for berre 0,50-1 kr pr stk!!

Er ikkje så ofte eg framkaller bilder.. to-tre gonger i året kanskje. Er blitt mindre no når eg kun framkaller bildene som eg scrapper, og lager fotobok av resten. Men fra no av skal eg bli flinkare til å også framkalle jentene sine bilder, når eg framkaller til meg sjølv. Så kan dei sette bildene sine inn i album eller scrappe dei.