Viser innlegg med etiketten * Familiefavoritter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten * Familiefavoritter. Vis alle innlegg

lørdag 17. mars 2018

Foto av favoritter

Fototips: Ta bilde av favorittkle som du sjølv eller ungene bruker mykje for tida

torsdag 31. mars 2011

Vi liker å spele spel

Eg har alltid likt å spele spel, og kanskje det er grunnen til at vi etterkvart har ganske mange? Det er ikkje sikkert vi speler kvar dag... eller kvar veke. Men i perioder speler vi mykje, og i andre perioder mindre.
Dette fargespillet har eg vore fascinert av sidan eg var liten, så det måtte vi jo selvfølgelig ha i hus då eg sjølv fekk barn.

Dette spelet tok eg med meg heim fra barnehagen eg jobber i då vi hadde storopprydding og mykje blei kasta. Den mangler eit par brikker, men pytt...

Koselig telle-prikker-spel vi fekk i gave ein gong

Gøy med litt nyere spel av og til, og dette er spelet om Prinsessa som ingen kunne målbinde.

No for tida går det mykje i kortspel. Eldstejenta har nettopp lært seg "lygaren" og har også lært søstra si dette. Eg kunne det ein gong for lenge sidan, og har no lært det på nytt igjen. Koselig.

torsdag 10. februar 2011

Den nye Disneyklubben

Vi har ein del Disneybøker, sidan både eg og eldstejenta mi var med i Disney-bokklubben då vi var små. Men det er jo komt nye eventyr sidan den gongen, og derfor har eg innimellom vurdert å melde ein av dei to minste inni Disney-bokklubben igjen. Men sidan det ikkje har vore sjanse for å kunne avbestille bøker der (trur eg), så har det ikkje vore aktuelt å melde dei inn- for då kunne eg jo risikere å få ein heil masse bøker som vi hadde fra før.

Men no har Sandvik/Goboken starta ein ny bokklubb; Disneyklubben og der er det mulighet til å avbestille bøkene. Derfor har eg meldt minstemann inn i denne, og vi har til no mottatt tre bøker som vi ikkje har fra før. I tillegg til bøkene så følger det også med eit Logolino-spel med nye aktivitetshefter kvar gong.-sjå bildet- Det minner meg om sånne spel som vi hadde på skulen då eg var liten  *gøy*

onsdag 2. februar 2011

Barnets første år- bøker

Sidan vi no venter ein til var det på tide å gå gjennom babybøkene til ungane for å sjekke at dei er mest mulig utfyllt. Eg liker bøker der det er mykje som skal fylles ut, men må likevel innrømme at eg var flinkest med den første, og grei nok med den andre og så har den minste si bok blitt litt mindre utfyllt. Men no tok eg eit tak og fyllte ut det eg klarte (har jo heldigvis gjort meg notater underveis som eg kunne slå opp i).

Eldstejenta har boka "Min egen minnebok" fra Sandvik.

Eg har lenge vore glad i Anne Geddes sine babybilder, derfor fekk mellomstejenta Anne Geddes' "Mine fem første år" då ho var lita.

Minstemann fekk boka "Da jeg var liten", kjøpt hos NotaBene i 2005. Eg har sett den no i seinare tid også, så eg vurderer å kjøpe denne til den lille i magen (viss eg finn den). Eller kanskje Babykrøniken...
Eg har egentlig vore fornøgd med alle desse bøkene, men liker nok best denne som minstemann har. Den kan også kjøpes i fargene blå og rosa.

Har dere hatt sånne bøker til deres barn? Kan dere anbefale andre bøker?

torsdag 27. januar 2011

Nye, søte t-skjorter til minstemann og isholdere


Då vi var i Bergen forrige helg fann eg eit par søte t skjorter, som eg berre MÅTTE ha :)

Denne øverste var den eg likte best, men dei hadde den desverre berre i str 1 år. Då eg kom heim var eg innom probat.no for å sjå om dei solgte den der, og det gjorde dei!! Så då måtte den bestilles, og den kom i posten i dag :) Ville aller helst hatt den i str 5-7 år, men dei hadde berre str 3-4 igjen. Ja, ja- vi skal no få brukt den godt.

T skjorta nedanfor var også ganske skjønn. Litt usikker på om minstemann kjem til å like den når han blir 5-7 år (som er størrelsen eg kjøpte den i)- men vi får heller bruke den mykje no :)







Desse is-holdarane har eg tenkt på i heile sommer. Tenkte at eg burde ha kjøpt dei på nettet, men nokre ting blir berre utsatt og utsatt.... Til no, når dei dukka opp foran meg på butikken vi var innom :)
Perfekt for dei minste is-etarane (viss dei funker som dei skal)


Kopiert fra http://idepikene.no/ si nettside:

"Smekkis
Sommeren er ikke langt unna og mange gleder seg til å starte is-sesongen. Som småbarns-mødre har vi mye erfaring med is-spisende barn, som griser på klær og i bilen m.m. Dette ønsket vi en slutt på, og har derfor utviklet Smekkis.
Dette er en is-smekke i silikon som er lett å tre på pinnen. Den samler opp smeltet is - og vips ikke mere gris! Dette er et "må-ha" utover sommeren. "

(NB!! Dette er eit innlegg som eg skreiv for ei stund sidan, men som no la seg først då eg redigerte det litt)

søndag 2. mai 2010

Når ungane vil fargelegge så besøker vi ofte denne sida

Ein link vi har brukt mykje når ungane har hatt lyst til å tegne er:
Coloring Book

Her finnes det bla. mange kjente barnefigurer som man kan printe ut og fargelegge :)

fredag 23. april 2010

Ein middagsfavoritt

Dette har blitt ein familiefavoritt her i huset; kylling-nuggets (kjøpt på Rema1000).

Når vi ein sjelden gong har vore på McDonalds, så har det hendt at eg har bestillt nuggets til ungane ,istedenfor hamburger, fordi eg visste at dei ikkje kom til å ete hamburgeren likevel. Men dei har egentlig ikkje likt nuggets'ene heller.
Derfor var eg spent første gongen eg hadde desse nuggets'ene til middag her i huset. Kva kom ungane til å meine? ....Men dei elska denne middagen, og no er det stor stas når vi set dette på bordet :)

onsdag 17. mars 2010

Nytt og koselig familiespel

Eg og jentene er glade i å spele spel, og "Villkatten" med Disneyfigurer er det nyaste spelet vi har fått i hus. 
Innimellom speler vi når mistemann har lagt seg om kvelden, og nokre gonger bruker eg det som belønning når dei har måtta rydde ekstra mykje. Ryddinga går litt lettare når dei veit at vi skal spele eitt eller fleire spel etterpå.

"Villkatten" har blitt eit populært spel i heimen. Kvar av oss skal finne eit visst antall figurer, og den som først får nok figurer, den vinner. For at mellomstejenta også skal ha ein sjanse å vinne så må ho finne 10 figurer, mens eg og eldstejenta må finne 15. 

lørdag 6. mars 2010

Tid for å merke kle igjen (men stryking er ikkje noko for meg)


Så var det dags for å merke litt kle igjen. To gonger har eg bestillt strykbare lapper, og to gonger har eg strykt nokre av dei på jentene sine kle (trur det var då jentene mine begynte i barnehagen)- men det har blitt med desse to gongane. Det å stryke merkelapper på kle er ikkje heilt mi greie.


Då er merketusjer (berekna for kle) mykje bedre. Det går mykje fortare, og veldig enkle å finne fram når vi får nye klesplagg i hus.

Sidan eg jobber i barnehage synest eg at det å merke ungenes kle er viktig. Eg har ikkje tal på kor mange kle som samler seg opp i barnehagen fordi dei mangler navn. Og når vi legg dei fram, sånn at foreldra kan ta med seg heim det ungane deira eig, så ligg det ganske mykje igjen. Er det ingen som savner desse kleda? Men, men... dei kan no alltids brukast som ekstra skift når nokon i barnehagen mangler det.

Eg setter ikkje av tid til å merke kle, eg merker dei heller den dagen dei skal ha dei med seg eller på seg i barnehagen (eller på skulen). Like greit det, synest eg. For dei får nye kle med ujevne mellomrom... og eg kunne jo merka dei då. Men for meg så fungerer det best å merke kleda når dei skal ha dei på seg.

I dag har eg funne fram skifte-kle til jentene mine som dei skal ha med seg på skulen. Dei fleste kleda merker eg med tusj. Då skriv eg som oftast berre etternavnet deira, sidan mange av kleda går i arv til søsken.

Strikka kle merker eg med bånd (?) fra sabo.no , og fester dei med enkle knapper som følger med. Er veldig glad i desse. Enkle å ta på, og enkle å ta av.

Desse bånda oppbevarer eg i zip lock posene som dei kom i. Ungane har kvar sin farge på navnet, med kvar sin figur på.


Eg har også bestillt nokre søte klistermerke-lapper med figur og navn på. Eg har nokre som er billigare også, som er uten figur. Men måtte ha nokre med figurer på også. Jentene fekk velge kva figur dei ønska, sjølv. Minstemann fekk bil og tog på sine lapper.
Eg trur desse kan festes i kleda også- men usikker på kor godt dei held i vask. Eg bruker dei mest til ting som matbokser, leiker, bøker o.l

NB! Dette innlegget posta eg egentlig i fjor høst, men av ein eller anna grunn så posta det seg på nytt igjen no når eg endra litt på det.

Rim og reglebøker vi liker


Desse to bøkene har eg brukt mykje, både heime og i barnehagen der eg jobber.
"Så rart" er ei samling med Inger Hagerups barnevers. Då eg var liten hadde eg ein kassett med nokre av desse reglene på, og det er kanskje ein av grunnane til at eg er spesielt glad i "Så rart å vere edderkopp" og "Lille persille". Desse har også blitt favoritter i barnehagen min.

"Andrè Bjerkes morovers" er ei bok ungane fekk i ein barnebokklubb ein gong. Eg hadde egentlig tenkt å avbestille den, fordi eg ikkje likte framsida så godt. Men då ei eg kjenner anbefalte den, så tok eg sjansen og kjøpte den. Og det er eg glad eg gjorde! Her var det mange flotte vers, nokre av favorittane er "Først kom et lass med lisser, ett lass med lakrislisser....", "Lille Tone Godtegryn" og "Det er sant at jeg fant i en sving fire ting..."

mandag 1. mars 2010

Ein ipod-app som minstemann liker

- kinetic balls -
Litt tidsfordriv for små og store

(Det einaste som er litt dumt er reklamen som er nederst. Den er lett å komme borti sånn at minstemann plutselig er komt innpå noko heilt anna. Men så lenge eg følger litt med, eller om han seier ifra når det dukker opp noko anna- så går det jo greit.)

torsdag 12. november 2009

Ei barnebok med nydelige bilder


Tippi fra Afrika er ei nydelig barnebok som eg fann på jobben ein gong. Den er fyllt med mange flotte og fantastiske bilder, og med historien om Tippi som vaks opp blandt dyra i Afrika. Foreldra hennar er naturfotografer, og derfor fekk ho oppleve desse dyra ,og også menneska som budde der, på nært hald.
Eg leita ei stund før eg fekk kjøpt denne sjølv,  men då eg søkte på nettet istad fann eg den på fleire plasser.

Jentene mine har hatt stor glede av denne boka, det samme har eg...

Eg fann også ulike videoklipp på nettet som eg gleder meg til å vise jentene. Det er jo litt artig å sjå denne ho live.. denne jenta som er med på alle desse fine bilda, og som har imponert oss med alt ho har fått vere med på og oppleve.




Her kan du lese meir om boka, og nokre anmeldelser:
Bokkilden- Tippi fra Afrika

onsdag 19. august 2009

Dagens barnespel

I full fart på veg mot mål!


I kveld spelte eg og jentene eit gammelt og kjær spel; Jakten på den forsvunne diamant. Dette spelte eg og søstra mi då vi var yngre- og dette er like populært no, for både små og store :)