Viser innlegg med etiketten ♥Advent og juleforberedelser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ♥Advent og juleforberedelser. Vis alle innlegg

tirsdag 20. januar 2015

Project Life: Julefeiring

Denne sida er med bilder fra julefeiringa i 2013. Ungane liker å vere med på å legge julegavene under treet på ettermiddagen, og (forståelig nok) liker dei enda bedre å åpne gaver når mamma og pappa endelig blir ferdig med julemiddagen (ungane er jo ofte ferdige lenge før oss voksne).

Bilda eg tok er bla. pynta med klistermerker og overlays fra eit tidligare julekit fra Simple Stories. Der er også dei to midterste 4x6 korta fra.
(Beklager litt gjennskinn på nokre av bildene)


Julegavene er komt på plass under treet. Bildet er pynta med eit overlay.


Minstejenta blei glad for dei søte kaninsokkane som ho fekk :)


Mitt fine firkløver i julestasen sin. Eg redigerte bildet i Rhonna Farrers app før framkalling, så all pynten er derifra.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


tirsdag 13. januar 2015

Project Life: Vi baker til jul

Det å bake til jul er ein del av adventskosen. Ungane elsker å vere med, og etterkvart som dei har blitt eldre har dei bidratt meir og meir. Dei har alltid elska å stanse ut pepperkaker, kakemenn o.l. og ikkje minst å pynte det dei lager, og i fjor baka også dei eldste eit par sorter på eiga hand.

Når pepperkakehuset skal pyntast er alle ungane med. Tidligare var det eg som sprøyta på melisglasuren, mens ungane pynta og smakte. Men dei siste åra er det eldstejenta som har tatt over jobben min, og så har dei alle vore med og pynta.

På denne sida har eg brukt mønsterark, diecuts, ein jule-tag og det fine pepperkake-stempelet fra Magnolia. Eg skriv ofte dato på bilda mine, og på nokre skriv eg tekster også. Eg liker å sette sammen bilder i Photoscape (pc) eller PicStitch (app) før framkalling for å få med fleire bilder på ei side.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge.

søndag 16. desember 2012

Førjulsstemning

Førjulstida går fort. Fokuset blir på familien, koselige stunder, litt besøking, kjøp og innpakking av gaver, sending av gaver og julekort, og alt anna som høyrer denne koselige og litt hektiske tida til. Her er eit knippe instagram-bilder med førjulsstemning.

Kvart år har vi kalender-lys som vi teller ned dagane på

Juleverksted

Hjerter i boks

Kakebaking

På jobben min i barnehagen tegner og maler vi julemotiver på vindua. I år var det eg som blei satt på denne oppgåva på avdelinga mi.

Adventpynting

Ungane pynta huset heilt aleine i år, mens eg laga risboller

Koselige stemning på museet med hus fra gamle dager

mandag 16. januar 2012

Julestemning på etterskudd

Julebilder føles meir stemningsfullt og koseligere før jul- men då rekk man ikkje alltid å få vist dei fram. Derfor deler vi heller eit lite knippe no.

- Det er alltid koselig å finne fram blå/rød-nisse tallerknene og koppen. Eg kjøpte to av denne typen for ein del år sidan- då eg berre hadde to barn. Så no blir dei brukt av dei minste familiemedlemmane.
- Gutten min er kreativ og kan komme med mange ideer. Før jul laga han juletre av klinkekuler... Og i toppen måtte det sjølvsagt vere ei stjerne (penn).
- Tidligare år har eg alltid hjulpe ungane litt med pepperkakehus-pyntinga. I år fekk dei frie tøyler- og det var stor stas.
- Juledukka vår er like artig (spesielt for dei minste) å ta fram kvart år. Den lager musikk og danser.

Julepynt fra Walt Disney World

fredag 21. oktober 2011

Sånn går no dagan...

Så var høsten komt godt igang, og i går natt fekk bilen min det første snølaget på seg. Tida går jammen fort! Blogging skjer sånn innimellom når eg får roen på meg til det. Men ellers så har eg mange små og store ting som eg ønsker å få gjort. 

Det nyaste hobbyprosjektet mitt no er å lage barnehage- og skulealbum til mine fire små. Album er kjøpt inn og eg held på å lage lister med info som eg skal ha i desse albumma. Eg er inspirert av bla. Becky Higgins' Project Life (atter ein gong) og Skolekrøniken.
Eg har også fått inn ei bestilling på heimelaga kort, så dei neste dagane må eg bruke litt tid på desse.

Og så nærmer det seg jo advent også! I forgårs tok eg meg eit dykk inn i "gave-lageret" mitt og fann ut at alle dei 24x3 kalendergavene er i boks. No gjenstår det å få pakka dei inn og henge dei på kalenderen (eg har 1 1/2 måned på meg). Minstejenta må nok vente eitt år eller to før ho får kalender.
Julegavene til nesten alle mine tantebarn og fadderbarn (15 stk) er i boks trur eg (bestillt i samme nettbutikk- kan ikkje sei meir..). For av erfaring veit eg at det er greit med alt som er gjort før desember- for då går det veldig fort fram mot jul- med bakekos, besøk, diverse avslutninger og andre koselige ting.

Så sånn går no dagan'... (når eg ikkje er opptatt med bebis, familie eller husholdning)

onsdag 29. desember 2010

Førjulsstemning

Denne tallerknen med krus kjøpte eg to eksemplar av då det var på salg etter jul for ein del år sidan (den gongen eg berre hadde to barn). Men sidan eldstejenta ikkje synest det er så stas med denne tallerknen lenger, så er det ingen problem at dei to minste får bruke desse. I midten av tallerknen står det ein liten blånisse som vises meir og meir etterkvart som dei små et opp grauten sin. *koselig*

Eg har endelig overført bilder fra kamera til pc, så då er det vel ikkje for tidlig å vise litt førjulsbilder :)

Vi hadde overnattingsbesøk av søstra mi og dattra hennar tidligare i desember, og då baka vi råmelkskjeks. Desse kjeksa likner litt på kakemenn, men er søtere og bedre :)


Risboller er jentenes favoritt

Og lussekatter (med safran) pleier vi også å lage.

Då vi pynta pepperkakehuset kom eg på at eg har liggande ein del farga smørkrem fra Wilton. Vi brukte mest melis, men brukte smørkremen til å få litt meir farge på huset vårt.

søndag 24. oktober 2010

Fin dag for julekort-fotografering

Når snøen først er her, kvifor ikkje bruke den til noko nyttig? Så i dag tok vi årets julekort-bilder.
Vanligvis tar eg julekort-bilder i slutten av november eller i begynnelsen av desember, enten fordi det er snø då eller fordi det haster med å få dei bestillt (uavhengig om det er snø eller ikkje). Men i dag kom vi på at vi kunne jo ta bilder i dag! Det at det er snø passer jo perfekt for julebildet eg ønsker å ha på årets julekort.

lørdag 26. desember 2009

Tid for ferietur


Eg hadde tenkt å blogge så mykje meir no i desember, men tida sprang ifra meg. No er julafta overstått, og roen har ikkje akkurat senka seg- for her pakkes og ordnes det før vi ganske snart skal reise til Florida. Men julekvelden i går var koselig- og alle var veldig fornøgd med gavene dei fekk. Minstemanns favoritter var gravemaskin og motorsag. Mens jentene endelig, etter å ha venta veeeldig lenge, fekk dei etterlengta ipod'ene sine. Mellomstejenta la sin elsk på besta sitt svarte skjerf og lue, og har gått med det i heile dag *skjønningen*


Minstemann har ved eit par anledninger laga sine eigne Mikke Mus- former (pølser på polarbrød og med peppernøtter), så han har nok fått med seg at det er noko i vente. Plutselig så kjem det fra han- "sjååå- mikke mus!". Så det er ikkje noko i veien med fantasien. I Walt Disney World har dei bla. mange sånne skjulte Mikke Mus former i alle fasonger og varianter, så det skal bli spennande om han klarer å oppdage nokre av dei.

Takk for alle koselige kommentarer eg har fått i det siste. Eg vil ønske alle som er innom ei forsatt riktig god jul. No reiser vi snart på ferie og så kjem eg sterkare tilbake om ein liten måneds tid, tenker eg.

fredag 11. desember 2009

Heimelaga julekort


Det blir nok ikkje laga heimelaga julekort i år, men her er nokre eg har laga tidligare år:






søndag 6. desember 2009

Bruk familiebildene som skjermbeskytter på pc'en

Eg har tenkt å lage fotobøker av bildene mine. Foreløpig har eg kun laga ei, i tillegg til eit par påbegynte... Etter jul og ferietur skal eg virkelig ta meg tid til å få laga desse fotobøkene (det er forresten desse som eg lager i eit program og får tilsendt fiks ferdig med bildene inni). Men åra har gått, og eg har så mange bilder som skulle ha vore vist fram. Derfor kom eg på at eg kunne vise dei fram ved å bruke dei som skjermbeskytter på pc'en! Eg tar jo bilder både titt og ofte, og då bør jo ungane få sjå litt av alle desse bildene som eg tar av dei.

Årets nye julepynteting; snømann som eg kan oppbevare kaker oppi

Eg kan ikkje vise fram alle bildene, så då må eg gå gjennom bildemappene og velge ut dei bildene eg vil vise fram. Desse kopierer eg til ei eiga mappe for skjermbeskytterbilder.
Deretter går eg gjennom og redigerer og evt. snur bilda riktige veien.

Sånn går eg fram for å velge denne bildemappa som skjermbeskytter:
Eg høgreklikker på skrivebordet (på pc'en) og velger innstillinger.
Så klikker eg på skjermbeskytter- og der kan eg velge at eg ønsker å bruke ei valgt mappe som skjermbeskytter. Framgangsmåten er litt ulik alt etter kva operativsystem (?) ein bruker.

Ungane elsker å sjå på desse bildene, iallfall når dei ikkje har sett dei før. I dag laga eg ei ny mappe med julebilder fra tidligare år. Blir koselig å ha ein juleskjermbeskytter no i førjulstida.

Fine Coca Cola-traileren ♥ (og reklamepåvirkning)

Då eg skulle innom butikken forrige dagen såg eg til mi store glede at Coca-cola traileren stod der! Coca cola har hatt mange fine julereklamer dei siste åra, og spesielt den med traileren som kjem køyrande i vinterlandskap gir meg ein god julefølelse 





Det er kun få dager sidan eg kom på denne reklamen. Eg kom òg på at eg såg denne traileren for nokre år sidan, men desverre ikkje fekk tatt bilder av den den gongen. Eg mimra litt ved å sjå på youtube-filmer, òg blei påminna om at Coca Cola hadde fine julereklamer med isbjørner i òg.
Derfor fekk eg ein god magefølelse då eg såg denne traileren foran butikken forrige dagen. Endelig fekk eg tatt litt bilder av den.


Nissen var òg på besøk. Ungane fekk ta bilder sammen med han (nokre tok òg familiebilde med nissen), og etterpå fekk dei kvar sin overraskelse. Eg spurte fint om eg kunne få med meg sånne overraskelser heim til mine små, og det fekk eg.

Minstemann fekk traileren  ♥ denne skal vi ta godt vare på
(nissen hadde ikkje så mange av denne, derfor satte eg stor pris på at minstemann fekk ein sånn)



Jentene fekk snøkuler (med ei colaflaske inni), og så var det eit rødt lys inni. Koselig.

Eg fekk lyst til å vise ungane mine alle desse koselige Coca Cola reklamane, gjerne fleire gonger. Men så kom eg på eit program eg såg på for nokre år sidan. Korleis fleire produsenter påvirker oss alle, både bevisst og ubevisst gjennom reklame. Dei sniker det inn overalt, sånn at vi alle får eit naturlig forhold til produkta deira og gjerne velger deira produkt framfor andres nettopp pga all reklamen dei har vist overalt.

Men så kom eg på at når vi drikk brus, så er det gjerne Cola. Det er ein populær drikk, og er gjerne eit av førstevalga for nokre av familiemedlemmane her i huset.
Så eg skal forsette å la meg fascinere av dei koselige reklamane, og eg skal også la ungane glede seg over dette... viss dei sjølv ønsker det. Men det er likevel greit å vere litt bevisst på det heile.
Ein vil aldri bli kvitt all reklame- og då kan eg jo liksågodt nyte den reklamen som er fin. Og når eg ser Coca Cola reklamen så gir den meg faktisk ikkje så lyst på Cola, den gir meg berre veldig god julestemning.

Linker om reklamepåvirkning:
Wikipedia- reklamepåvirkning
Propaganda- Makten og påvirkningen
Dagbladet- Usunn reklame rettet mot barn
... og enda meir finn du ved å ta eit søk på nettet.

torsdag 3. desember 2009

Når en pepperkakebaker baker pepperkaker... og litt pepperkakeformer

No er dette riktignok kakemenn da, men pytt.... Denne koselige kakebakinga fann stad for litt over ei veke sidan då vi laga kakemenn hos mamma. Jentene overnatta der og laga pepperkaker etter at eg og minstemann hadde reist heim.

Kjekt å prøve ut litt eigne vri'er før dei voksne får sleppe til

Eg er veldig glad pepperkakeformer, og har ein del frå den gongen eg var Cacas forhandler. Desse som er på bildet er riktignok ikkje frå den tida. Den gule (hestehovud) har mamma liggande frå den gongen eg (eller søstra mi) var med i Pennyklubben for mange år sidan.
Dei rosa formene fekk jentene i adventskalendaren i fjor (prinsessekrone og sommerfugl).

Jada... denne frøkna veit kor tjukk kakedeigen skal vere... men det er morsomt å lage nokre kakemenn som er litt utenom det vanlige av og til...

Kakebaksten i ovnen; bla. nisse med sekk på ryggen, engel, mikke mus (måtte ha mange av denne sidan vi snart skal til Disney World), juletre og jente med hestehaler.
Nam nam... det blei tatt meir enn ei smaksprøve etterpå...

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hos Foreldremanualen.

Bak dagens adventsluke


I dag blei det åpna tre små pakker med crocspynt (jibbitz)  inni. Jentene har kvar sine armbånd som dei kunne sette sine inni, mens minstemann tok med seg sine i barnehagen og så satte vi dei på crocsa han har der. Eg hadde ein del sånne liggande, sidan eg kjøpte mange på eit opphørssalg eg var på ein gong - kjekt å ha :)

mandag 30. november 2009

God hjelp med kakebaksten


Jentene elsker å få vere med på å lage mat, derfor var det stor stas å få vere med på å lage årets ristopper. Eldstejenta var på juleverkstad, og då fekk mellomstejenta den gøyale oppgåva. Ho var med på dette i fjor også- og med dreven hand piska ho egg og sukker, og fyllte muffinsformene med sjokoladedekkte gryn.



Når ho står sånn så ser eg kor høg ho er blitt. Det er sånn innimellom... at eg tenker at no har ho (eller søskna) blitt så store. Det føles som om dei veks i rykk og napp (noko dei gjerne gjer). Småbarnspreget forsvinn meir og meir, og den lille ungen blir meir og meir ei JENTE.


lørdag 28. november 2009

Nissen i grautskåla


Dette skjønne settet med tallerken og krus kjøpte eg til jentene for 5-6 år sidan (på januarsalg). I fjor fekk vi ikkje brukt dei, men no i år har vi tatt dei fram igjen. Eldstejenta og mellomstejenta fekk eitt sett kvar, så i år må vi la det gå litt på rundgang sånn at også minstemann kan få prøve det.
I dag var eldstejenta på juleverkstad, og det var derfor stor stas for dei to minste å få ete av desse tallerknane då vi åt graut i dag.
..og midt i fatet står ein liten nisse som viser meir og meir etterkvart som dei små et opp grauten sin.

Adventsstemning på kjøkkenet



Med julegardinene og juleduken på plass, kjem også den koselige førjulsstemningen ♥
Eg er veldig glad i julegardinene mine (kjøpt hos Ellos for nokre år sidan), og juleduken er også akkurat sånn som eg vil ha den (rød med snøfnugg).


Veggen oppanfor benken har vore tom sidan vi fekk nytt kjøkken for nokre år sidan, og eg har lurt sånn på kva eg skulle ha der. Men då eg hadde Casa-party fann eg denne hjerte"ramma" som passer perfekt til bilder og kort. No når eg ser den på dette bildet kunne den kanskje ha vore plassert litt annleis- men pytt. ..Den fungerer fint der den er- og eg er så glad for å endelig ha fått noko på denne tomme plassen.
I morgon kjem også adventsstaken og eit lite juletre på plass.