Viser innlegg med etiketten Printables og Freebies. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Printables og Freebies. Vis alle innlegg

lørdag 11. februar 2017

Freebie: Morsdagskort

Treng du eit morsdagskort til i morgon? Eg har laga eit kort du kan få.
Klikk på bildet, lagre det på eigen pc og print det ut.

Du kan td legge det inn i ei Word fil og skive det ut derifra, eller du kan skrive det ut som eit bilde. Du kan printe på vanlig papir, kartong eller fotopapir.
Del gjerne linken med andre som du kanskje kan ha nytte av dette.

søndag 6. juli 2014

DIY: Eigne pyntekort til Project Life

(Diverse pynt og mønsterark. Kronediesen er fra Provocraft/Cuttlebug, doily og ornament er stansa ut med Silhouette, og barnefigurane har nokon laga for meg. Den norske teksten har eg printa ut fra Word.)

Eg liker Project Life for det gjer det enklare og raskare for meg å få bildene mine i fine album. Core kit'ene har egentlig alle korta eg treng, men når eg skal gå gjennom albumet og fylle det med pyntekort så liker eg å ha litt andre kort også. Eg foretrekker å ha eit godt utvalg med pyntekort liggande sånn at prosessen med å få albumet ferdig går fortare.

(Hjort fra October Afternoon. Sommerfugl fra Crafty Individuals. Alv fra The Greeting Farm. Hus fra Autumn Leaves. Diverse Magnolia).

Pyntekort med stempeltrykk, og Magnolia-motiv som eg har fargelagt. Eg har mange stempel etterkvart, men mange av dei har blitt lite brukt. Derfor er det kjekt å kunne bruke dei i Project Life albuma mine.

Mange mønsterark er fine å bruke som dei er, uten ekstra pynt på. Så av og til deler eg opp nokre av mønsterarka mine i 3x4 og 4x6 størrelser og har dei liggande til eg har ei passande side å bruke dei på. (Det er ein fin aktivitet å holde på med mens eg ser på tv eller er sammen med familien i stua).

4x6 kort med diverse enkel pynt. To av korta har ungane tegna på, til feriealbumet vårt.

Kartong eg har delt opp i 3x4 størrelse og prega med embossingfoldere fra Cuttlebug. Desse er fra Provocraft/Cuttlebug.

(Alv og prinsesse fra Scrap and Tubes. Småjenter, traktor og bamse fra Digiweb Studio. Ugle fra PixelPaperPrints. Alv med tryllestav fra Babystar Design.)

Etter at eg begynte med Project Life er eg blitt glad i å kjøpe clip art på nettet (det fins også mykje gratis). Desse printer eg ut, enten ved å sette dei inn i eit Word dokument eller printe ut via printerens fotoutskrift-program (på 4x6 kort). Dei er også fine å bruke til vanlige kort og andre papirprosjekt.

(Kamera fra Sarah Hurley. Rosa og blått kort fra Lori Whitlock. "Family memories" og "It's a beautiful day.." fra Designer Digitals. Kaffikoppen er fra Etsybutikken Illustree. "Love this life" og "If you want to.." er freebies fra Becky Higgins.)

Eg kjøper også andre digitale element (som PL kort og -kits, digi stempel o.l) eller printer ut freebies eg finn på nettet. På Pinterest-boardet mitt Project Life cards & freebies samler eg mange gratis PL kort som kan skrives ut.

Nokre av bilda i dette innlegget har eg vist tidligare i bloggen min. I fjor la eg ut dette innlegget: Printer ut kort og pynt til Project Life, og i mars skreiv eg eit innlegg om Project Life korta eg laga i appen Rhonna Design.


Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.


torsdag 28. november 2013

Project Life - prosjekt

Eg har mange album som eg vil lage med Project Life metoden. Eit av dei skal vere med bilder og tekst fra mine forfedre. Eg har scanna mine bestemødre og mi oldemors gamle album, og så får vi sjå kva det kan bli til ein gong. Albumet ovenfor laga eg til bestemor med nokre av hennar gamle bilder + litt bilder med min familie år for år. Kvar gong eg besøker ho får eg høyre kor mykje ho verdset dette albumet og at ho ofte ser i det. Det er godt å høyre at eg laga noko som ho har glede av.
Sidene i albumet er laga med digitale Project Life kit, og deretter satte eg dei ferdige sidene inn i ei fotobok som eg framkalla.

Digitale Project Life Kit kan kjøpes hos digitalprojectlife.com og i skrivende stund er det 30 % avslag på alt i nettbutikken.

Hos digitalprojectlife.com kan man også finne freebies og i dag er det lagt ut eit gratis Project Life begynnersett! Perfekt for dei som ønsker å prøve å lage digitale sider, og man kan også printe ut dei gratis korta og bruke i eit vanlig PL album.

Eit instagrambilde fra ein dag eg holdt på med Project Life, mens vesla leika med storebrors lego ved sidan.

Når bildene er framkalla så skriv eg dato på dei... På pc'en er bildene delt inn i ukentlige mapper, så det er enkelt å finne fram til dei riktige bildene og datoene.

Eldstejenta tok mange bilder fra det siste skuleåret sitt på barneskulen. Spesielt då dei hadde mange utflukter på slutten av året. Derfor fekk ho eit album, Project Life kit og plastlommer til bursdagen. Her set ho bildene inn i albumet.


Søstra mi fekk også eit Project Life kit, album og plastlommer til bursdagen. Dei første sidene laga eg med bilder av familien og hennar nyfødte sønn (bilder som eg sjølv har tatt). Så kan ho fylle ut resten av albumet med sine eigne bilder.



Eg abonnerer på Project Life kit fra Studio Calico. Dette var det første kit'et eg fekk i sommer.

Lillepusen liker også å vere der det skjer :)

tirsdag 26. juni 2012

Tekst- og pyntekort til familiealbumet (Project Life)

Då eg fekk nytt hobbybord for eit par måneder sidan kunne eg bruke ei av skuffene til tekst- og pyntekort til albuma mine.

"Glimt fra veke .. - tekstkort"
Tekstkort + tekstbanner til vekesoppsummeringer


Ferdig utfyllte kort. Desse brukte eg til nokre av vekene i familiealbumet for 2012. Men no har eg heller laga vekeplaner (alà timeplaner) som eg foretrekker å bruke.


Kjøpte digi-tekstkort
Desse Project Life - korta har eg kjøpt og lasta ned fra JessicaSprague.com, og deretter printa ut. Desse kan brukes til digi-scrapping også. Dei har forresten bursdagssalg i nettbutikken denne veka, og det meste er nedsatt i anledning dette.





Gratis digi-tekstkort
Dette er kort som eg har lasta ned gratis fra nettet, og deretter printa ut. Linker til nokre av desse har eg på pinterest tavla mi: Daily life- photographing & scrapbooking.



Diecuts-kort
Eg har også skreve ut litt fra silhouette-maskina min:

Små banner til overskrifter på tekstkorta

polaroid-rammer som passer til lommane i albumet

Tekstkort med bakgrunn

Desse hadde eg tenkt å bruke til tittelkortet for kvar veke, men no bruker eg dei i babyalbumet istedet. Eg har eit bilde der eit er i bruk her: I minstejentas babyalbum del 3


Pyntekort
Nokre av pyntekorta har eg skjært ut av mønsterark i størrelsen ca. 10,2 x15 cm. Eg bruker dei som dei er, eller så pynter eg dei med bla. klistermerker, diecuts o.l



onsdag 11. april 2012

Babyshower, cupcakes og gravidbilder

For nokre veker sidan laga vi Babyshower for søstra mi. Alt blei gjort i hemmelighet og heldigvis blei ho veldig overraska då ho såg kva vi hadde stellt i stand. Ho som arrangerte festen gjorde dei fleste forberedelsane og så hjalp vi ho litt med pyntinga då vi kom. Vi hadde alle med oss litt mat og gaver.

Veninna mi laga cupcakes, og eg spurte fint om eg kunne få lage papirpynt til dei :)
Eg fann dette søte motivet hos Accent the party (gratis nedlasting), og brukte punch for å trykke ut motivet og  den blå kartongen.

Eg forminska motivet littegrann sånn at det passa størrelsen på punchen min.

Gavene



Eg ga ho boka "Babykrøniken". Eg synest den er så fin- med mange punkt å fylle ut om den lille.

Fleire bilder eg tok av ho og magen då dei var her på besøk:

Liker dette fordi både hunden og den kommende storesøstra er med. Og fordi det viser at barn og dyr gjer som dei sjølv vil, og ser den veien dei helst føler for :)

Mammaen og den lille babyens UGGs :)


mandag 20. februar 2012

Vår familieregler og andre flotte ord-tavler

Det fins så mange flotte ord-tavler/skilt på internett (mykje på pinterest), så eg blei inspirert til å lage ein liten plakat med våre eigne familieregler (på norsk, så ungane kan skjønne den). Mange av orda som eg såg på tavlene var ord som eg synest er viktige i ein familie. 
Eg har lese den for ungane eit par gonger, og både dei og eg har begynt å minne kvarandre på ein eller fleire av reglane når det behøves.

Her er nokre av dei flotte tavlene/skilta eg har sett på nettet:
Kilde:  The Idea Door


Kilde: simplecrafter.com (free printable)


Kilde: Sweetly Scrapped Freebies (Freebie)









Rules for mothers of sons (Freebie)


Kilde: Technology rocks.seriously (Freebie)




Playroom rules


Classroom rules