Viser innlegg med etiketten Cute and Colourful. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cute and Colourful. Vis alle innlegg

tirsdag 2. august 2016

Kjekt med heimelaga hårklemmer

(Klikk på bilda for å sjå dei større)

Eg er glad i å holde på med ulike hobbygreier, men alt for lite flink til å prioritere det. Eg veit det gir meg glede og avkobling, di  meir man gjer det di meir kreativ blir man og det er også veldig kjekt å gjere ting sammen med ungene. Og kanskje det er derfor det har blitt mindre av dette...
Mine tre eldste er ikkje så glad i det som dei var tidligare. Men no er vesla blitt 5 og eg skal prøve å prioritere fleire kreative ting sammen med ho framover.

Då minstejenta var baby shoppa eg hårklemme-ting på nettet og eg pynta hårklemmer sammen med eldstejentene. Her kan du sjå kva vi laga den gongen: Heimelaga hårklemmer

I dag fekk eg lyst til å la minstejenta få velge sjølv korleis ho ville ha klemmene sine. Ho valgte farger og pynt, mens eg limte det sammen. Klemmene med farger på er kjøpt hos Panduro, mens resten er kjøpt på Ebay.
Ein rask og lettvint aktivitet for å lage noko som er forbruksvare her i huset :)

tirsdag 8. februar 2011

Garn-shopping

Eg var innom hobbybutikken forrige dagen for å kjøpe sånn som man kan fylle amigurumier med. Eg har hekla fleire deler no, så det gjenstår berre å fylle dei og sette dei sammen (når lysten og tida er der). Samtidig tenkte eg at eg berre skulle sjå litt på garnnøster for å sjå kva farger dei hadde inne... og endte opp med alle desse fordi det viste seg at dei var på halv pris *jippi*
Etter å ha hekla amigurumi-deler, hekler eg no på dukkeluer... som eg håper etterkvart kan bli store nok til ein baby :)

torsdag 21. oktober 2010

Fargerike og inspirerande perler

Eg er glad i farger, og smykkene mine har ofte farger i blått, svart, rosa eller lilla. Forrige dagen laga eg og minstemann smykker med desse barneperlene, og før eg kunne lage dei sånn som eg hadde tenkt så måtte eg sjå kva perler eg hadde flest av. Samtidig blei eg også inspirert av alle dei flotte og fargerike perlene :)










tirsdag 29. juni 2010

Fargerike barneperler

Fargerike barneperler er fine å sjå på, og kan gi både glede og inspirasjon :)
Nokre gonger liker eg å komme "tett inn på" desse herlige fargane og formene, og fylle bildet med alt dette fine.













Jentene har kvar sine smykketre, som ofte er fulle av fargerike smykker.

tirsdag 25. mai 2010

Har dere Playmo i hus?

Eg har ein del Playmo frå då eg var lita, og desse leiker ungane mine med innimellom.

Eg synest ikkje det har vore så mykje snakk om Playmo dei siste åra. Det er kanskje ikkje så rart når det er så mykje anna flott å leike med. Men eg liker Playmoene, eg...


Når vi har vore på ferie, og vore innom butikker som sel ein del Playmo (sidan dei ikkje har hatt så mykje sånt heromkring- berre store pakker), så pleier eg å kjøpe med meg nokre småpakker som eg gir vekk til jul og bursdager (kanskje mest til mine eigne barn).

Det siste året har dei fått meir på butikkane her omkring også. Så kanskje har det begynt å bli meir populært igjen?



 No har vi litt nytt og ein del gammelt som dei små leiker med.



Hadde du Playmo då du var liten? Og har du eventuelt desse endå?

Leiker dine barn med Playmo?

onsdag 5. mai 2010

Søte Hello Kitty'en

Denne fann vi på H&M forrige dagen, ingen tvil om at vi måtte kjøpe den med oss heim 

søndag 14. mars 2010

Ja, her bur det barn #5 Littlest Pet Shop har sin eigen plass

Eg synest Littlest Pet Shop- dyra er skjønne og fargerike. Av og til, når eg er på butikken og kjem over nokre som ser ekstra søte ut, så kjøper eg dei og legg dei i ei gave-eske som eg har. 
Og så får jentene dei når det dukker opp ein passande anledning (til bursdag, jul, i adventskalenderen eller som ein overraskelse i reisesekkane som vi har med oss på ferie)


Jentene fekk kvart sitt Littlest Pet Shop- hus i julegave eit år. Desse har fått sin eigen plass, på kvar sine kommoder i loftsstua. Då står husa og dyra lett tilgjengelig når ungane vil leike med dei.


Jentene er ekstra glade i LPS hestane

torsdag 11. mars 2010

Lotto frå den gongen vi var små

Dette er eit Lotto-spel som kanskje finnes rundt omkring i mange barnehager (og heimar) endå. Kanskje var det eit av dei første spela dei hadde i barnehagen? Iallfall har det nok vore der sidan den gongen eg var lita... for 30 år sidan..


Etter å eit lite søk på nettet ser det ut som at akkurat dette kom ut i 1981.

Her er det søte figurer og Miffy'er.. Er det noko rart at vi (iallfall eg) blir litt nostalgiske når desse figurane dukker opp på  bla. klesplagg og leiker no for tida?

Dette spelet har eg fått i hus. Vi hadde det i barnehagen der eg jobber, og då vi hadde storopprydding i fjor (før vi flytta inn i nye lokaler) så var dette spelet havna i kastes-haugen.  Derfor holdt eg nøye auge med denne haugen, for eg er så glad i sånne gamle og (og for meg) minnerike skatter. Spelet er komplett, og eg og minstemann har spelt det eit par gonger.

tirsdag 9. mars 2010

Vi tegner søte kawaii figurer

Kawaii er det japanske ordet for søt, og eg har alltid vore litt svak for japanske kawaii-figurer (deriblandt Hello Kitty, Miffy og Pikachu). Mange figurer virker så enkle å tegne, men når eg sjølv skal sette seg meg ned og tegne sammen med ungane så kjem eg sjelden på nye ting å tegne.

Derfor satt eg litt i helga og fann bilder av desse søtingane på nett (det er ikkje første gongen det skjer). Men det eg også gjorde var at eg brukte Evernote (som eg skreiv om i går) til å legge denne grafikken inn på ipoden min- for å ha min eigen lille ide-tegnebank der.

Jentene syntest dette var ein veldig god idè, og det tok ikkje mange minuttane før dei måtte låne ipoden min for å prøve å tegne desse figurane. Og kanskje det også gir ideer og inspirasjon til at dei etterkvart kan tegne sine heilt egne kawaii-figurer?

Her er nokre av dei som eldstejenta tegna. Eg har tenkt at eg kanskje skal bruke desse figurane i bla. fotoalbum og scrapbooking.

Linker til kawaii-figurer:
All things kawaii
Bukubuku
Flickr- Kawaii
Etsy.com- Kawaii

Les om kawaii i wikipedia

Eg har forresten blitt spurt om å vere gjesteblogger for Foreldremanualen, noko eg med glede har sagt ja til.
Mitt første gjesteblogg-innlegg handler om å forevige barnas byggverk.

lørdag 27. februar 2010

Skjønne, kalde barnesko i gangen

Utedressen til minstemann har (merkelig nok) blitt litt mindre i det siste, så i dag fekk han bruke storesøsters leggvarmere uttapå skoa sånn at det ikkje skulle komme snø nedi dei.

Eg har to par heimestrikka skisko-gamasjer ein eller anna plass (frå då eg sjølv var lita), men sidan dei sikkert ligg på ein lur plass så fann vi dei ikkje i farten. Men storesøsters leggvarmere fungerte heilt fint til dette formålet, og minstemann var tørr og varm på beina då han kom inn att (mens leggvarmarane var fulle av snø).

mandag 21. desember 2009

5 fargerike bilder



♥ Farger gjer meg glad ♥

Why do two colors, put one next to the other, sing?  Can one really explain this?  No. 
 ~Pablo Picasso







lørdag 7. november 2009

~Eit glimt frå vår lille Duplo-verden~



Eg og dei to minste laga ein liten duplo-dyreverden i kveld.


mandag 12. oktober 2009

Så mange fargerike og flotte




Av og til, eller faktisk ganske ofte når eg titter innom ein favorittblogg, så finn eg ein link til ein ny blogg som eg vil besøke. Ofte fører dette til at eg også derifra vandrer vidare til ein anna blogg, for så å komme til enda ein ny og spennande blogg (mens minutter og timer fyker avsted). Det er ikkje alltid like godt å sei kva som får meg til å like ein blogg eller ikkje, men ofte kan det vere at det som står i bloggen blir skreve på sånne fine og vakre måter, og så har jo bilder mykje å sei.. Bilder har veldig mykje å sei! Om bloggen er fyllt med flotte farger og mønster, og gjerne litt søte figurer-så legg eg dei ofte blandt mine favoritter. Det er noko med dei som får meg til å stoppe opp og ville ha med meg litt av all den fargegleden dei deler...



Derfor har eg i dag måtta lage enda ein bloggroll, ein med fleire inspirerande & fargerike blogger som eg liker å besøke og få litt fargeglede og idèer ifra.

Det begynner å bli ganske mange bloggroller her hos meg no, men eg bruker dei for å holde meg litt oppdatert på bloggane eg liker og som eg gjerne stikk innom. Eg kan desverre ikkje la alle vise på ein gong, så eg har måtta redusere listene til å vise kun nokre få om gangen. Men klikk gjerne på vis alle, så får du sett linken til alle dei flotta bloggane som eg har i listene mine :)
(Og ofte finn ein og anna ny blogg veien inn på ei av listene)



Alle bildene er fra www.sxc.hu

tirsdag 6. oktober 2009

Skjønne Blythe dukker

Foto: Danieru_

Eg får lett litt dilla på nye ting, og spesielt viss dei er søte, fargerike og minner meg om då eg var lita.
Då eg kjøpte ny genser til mellomstejenta i sommer, kom eg på at eg hadde sett denne dukka før...

Mitt bilde


Mitt bilde
Denne genseren frista også, men eg klarte å la den henge (men måtte jo ha med meg eit bilde av den).

I kveld søkte eg litt på nettet for å finne ut meir om denne dukka, og det var ikkje få bilder som dukka opp!
Vil du sjå?
xoxoblythe blogg om dukkene, og med mange linker videre


Foto: erregiro




Foto: renata





Foto: ava111




Foto: Azuria~


Foto: J*me