Viser innlegg med etiketten Blythe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blythe. Vis alle innlegg

lørdag 9. juli 2011

Hekla amigurumier og små luer

Desse hekla eg for mange måneder sidan, skilpaddene var det jentene mine som ønska seg. Og no endelig fekk eg satt meg ned og montert delane sammen (no mens eg likevel går heime og venter på at *lille* skal bli født). Ein del små feil er det alltids, men ikkje så gale til å vere mine første amigurumier...

Den gongen hekla eg også eit par luer, som blei litt mindre enn eg hadde tenkt meg. Men små dukker kan alltids bruke denne... I dag festa eg endelig trådane.

Denne lua blei litt større, og passer til litt større dukker. Eg brukte øyrene som egentlig var tiltenkt den mindre lua på denne lua istedet. Så har eg iallfall laga ei lue med øyre på -noko som var målet mitt.

torsdag 24. juni 2010

Eg og jentene på (foto-) tur i skogen - Del 2

Då vi gjekk tur i skogen traff vi på ein av kalvane våre. Den lille stakkaren hadde komt vekk fra dei andre og var no nesten komt heilt heim att. Seinare på kvelden prøvde mannen å få kalven med seg til skogs igjen, men då det ikkje var så enkelt fekk den heller gå sammen med sauefamilien som vi har i beitet.




Når man er på tur er det koselig å ha med seg niste, og så smaker maten ofte så mykje bedre når man er ute.

Litt kjeks hadde vi også med oss...




Bille på nært hold...

Jentene liker å ta bilde av leikane sine, og det er jo ekstra kjekt når man kan skifte litt på omgivelsane som man tar bildene i.





Så var vi på veg ned att til huset. Mellomstejenta med Blythedukka Angelica Eve på armen.

tirsdag 22. juni 2010

Eg og jentene på (foto-) tur i skogen - Del 1

Mandager pleier å vere fridagen min i veka. Dagen då dei andre i familien er på jobb, skule og i barnehagen- mens eg får gjort ekstra mykje husarbeid eller berre gjort ting eg sjølv har lyst til. Men no er sommerferien begynt, og derfor var jentene heime. Minstemann måtte i barnehagen, sjølv om vi var heime. For her er slåtten i gang for fullt, og minstemann er nesten "obsessed" av traktorkøyring og andre jobbeting og treng seg derfor ei pause fra alt dette ved å vere i barnehagen.

Eg og jentene tok med oss niste og kvar sine fotoapparat, og gjekk tur i skogen. Dukka vår og nokre av Little Pet Shop'ene til jentene fekk òg vere med.





Jentene har kvar sine kamera; eit av mine gamle og eit av mamma sine gamle- begge digitale. Sidan dei er nokre år gamle så er eg ikkje så redd for desse kamerane, og dei får bruke dei fritt. Og så er det mykje billigare å framkalle bilder fra digitale kamera enn engangskamera!!





Mens dei fleste sauer og lam er på fjellet, så har vi ein liten familien igjen på beite her heime. Tre flaskelam (som treng litt ekstra mat i sommer), mammaen deira og ein onkel :)


Lamma er ganske tamme, så det går an å kose med dei :)

Man kan bytte farge på augene til Blythedukker; Angelica Eve har blå, lilla, grønne og oransje auge.


Vi liker nok best dei blå eller lilla...


onsdag 2. juni 2010

Eldstejenta syr dukkekjole

Etter å ha blitt inspirert av diverse nettsider med Blythedukker, så ville eldstejenta gjerne sy kjole til dukka vår.

Ting gjerast klart til sying (den kvite kjolen var på dukka då vi kjøpte den).

Ho laga armbånd til dukka (strikk med figur-knapp på)

Og kjole med matchende hårbånd.

Etter at dukka hadde fått kjolen sin, gjekk vi ut for å ta bilder av ho. Her er mellomstejenta i aksjon.

Kjolen er lyseblå med kvite prikker på og med rosa bord nederst (litt vanskelig å sjå på dette bildet kanskje). I skrivende stund har det også komt belte på kjolen.
 Eg hjalp eldstejenta litt med syinga, men ellers har ho gjort alt sjølv. Og no ivrer ho etter å lage fleire.

Vi henter inspirasjon fra bla. barnebloggerne Emily og Bella

fredag 9. april 2010

Pakke i posten ♥

Så kom pakken eg venta på

Det er tydelig at den ikkje er sendt fra utlandet...

Det er ikkje tvil lenger... navnet står på eska...

Ei Blythedukke ♥  ved navn Angelica Eve ♥
Sidan den er ganske dyr, så er den mest mi. Men det er eldstejenta som har valgt den ut... denne var den finaste av utvalget vi såg på. Så vi har den litt på deling.

onsdag 31. mars 2010

Mars er snart over.. liten oppdatering på heim, familie og hobby

No går vi snart over til april, den siste månaden har jammen gått fort. Litt av grunnen kan jo vere at eg har jobba ein dag ekstra kvar veke; så no eg ser litt fram til å ha mandagane fri igjen. Då får eg kanskje gjort nokre av dei større ryddeprosjekta som eg har planer om.

Når eg ser tilbake på månaden som har gått, så har den jo vore fyllt med små og litt større opplevinger
To søndager har vi vore på basar- der vi bla. vann fargeblyanter og dukker begge gongane. Eit par familieselskap har vi vore i, og eg har vore på to heim-skule-samtaler.

Eg hadde klubb i forgårs (og serverte fruksalat med is), og har også vore på jentekveld sammen med søstra mi og ei veninne.

Eit større prosjekt som vi begynte på i helga som var, er å dele opp det store, gode barnerommet som dei to minste deler. Mellomstejenta har lenge hatt eit ønske om å få ha sitt eige rom. 
Det er litt synd å dele opp eit sånt stort og bra rom, men eg skjønner ho godt. Eg trur det blir enklare for ho å halde det ryddig når ho kun har sitt eige å halde styr på. Og eg trur det blir godt for ho å få eit rom der ho kan ha alle småtinga sine, og ordne det sånn som ho vil ha det.
I skrivende stund er veggen mellom romma komt opp, og mellomstejenta synest ho får det riktig så koselig. Mens minstemann lurte på kvifor denne veggen skulle vere der :)

Littegrann scrapping har det blitt, og no har eg eit par LO'er som venter på å bli ferdige (ein LO blir sjelden ferdig i full fart her i huset). 
Eg held på å rydde hobbyrommet og prøver å få det litt "lettare", men må ta det litt og litt når eg veit at eg har litt tid til å få ting gjort. Eg har ein liten ìde om å begynne å arrangere scrappetreff, der dei som kjem kan få bruke av det eg har. Kanskje eg kan lære vekk ein ting eller to viss det er ønske om det.
Eg har jo hatt venner på besøk, der vi har scrappa eller laga kort, og dei har fått bruke mitt utstyr og betalt for pynt/ark som dei bruker. Men dette som eg tenker på no blir kanskje større... 
Når rommet er rydda skal eg tenke litt meir på det og kanskje legge ein  plan...

4H har spurt meg om å halde kurs på eit arrangement som dei skal ha. Eg holdt kurs for dei i fjor også, og det gjekk veldig bra. Det var ein god følelse å høyre at ungdommane syntest dei lærte noko og at dei hadde det kjekt. Eg må handle inn det dei skal bruke på forhånd, så no har eg bla. handla litt småting på ebay og i nettbutikker til dette formålet.

Ungane baka boller nesten heilt aleine i dag- så vi har kosa oss med boller både til lunsj og kveldsmat :)


I høst skreiv eg eit innlegg om Blythe-dukker, og no er snart denne nydelige dukka på veg hitover. Sånne dukker står også høgt på eldstejentas ønskeliste, så det er mulig at vi kanskje må dele på denne.

tirsdag 6. oktober 2009

Skjønne Blythe dukker

Foto: Danieru_

Eg får lett litt dilla på nye ting, og spesielt viss dei er søte, fargerike og minner meg om då eg var lita.
Då eg kjøpte ny genser til mellomstejenta i sommer, kom eg på at eg hadde sett denne dukka før...

Mitt bilde


Mitt bilde
Denne genseren frista også, men eg klarte å la den henge (men måtte jo ha med meg eit bilde av den).

I kveld søkte eg litt på nettet for å finne ut meir om denne dukka, og det var ikkje få bilder som dukka opp!
Vil du sjå?
xoxoblythe blogg om dukkene, og med mange linker videre


Foto: erregiro




Foto: renata





Foto: ava111




Foto: Azuria~


Foto: J*me