lørdag 25. september 2010

Hello Kitty- tags (steg for steg)

Eg liker å innimellom lage pynt som eg kan bruke til scrapbooking, gjerne mens eg sit og ser på tv. Denne gongen laga eg tags med Hello Kitty stempel.

Først stempla eg Hello Kitty figurer på rosa og brun kartong. (Stempelsettet kjøpte eg i den Japanske butikken i Epcot, WDW)


Deretter stansa eg dei ut med ein punch for å få dei runde.

Eg stansa også ut sjølve tags'en med ein anna punch (for å få "scalloped" kant). Limte stempeltrykket på, og pynta kantane med glitterlim (stickles, type: frosted).

Mellomstejenta ville også lage sånne som mammaen laga.

Ho stempla i vei, og brukte punchen for å lage tags'ene sånn som ho ville ha dei.

Ho var litt meir kreativ i fargebruken enn det eg var ;)

1 kommentar:

  1. Så smart!
    Jeg har en plan om noe lignende til julegavene i år...

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)