Mellomstejenta begynte på fotball i vår, og etter forrige turnering fekk eg lyst til å scrappe bildene eg hadde tatt av ho i vår. Sidan sidene er ganske dekorative i seg sjølv så har eg ikkje brukt så mykje anna pynt.
På LO'en ovenfor: Laga rammer på bildene ved å tegne svarte streker på kantane. Brukte dymo-tape til å sette tekst på kvart av bildene. Og skjærte litt i fotballarket for å få ballane litt oppå bildenene.
Ho fekk seg nye fotballsko og leggbeskyttere.
På denne lage klippa eg ut mønster på kantane av fotballarket. Eg brukte også ein rund punch for å trykke ut rundinger av samme arket, sånn at det såg ut som rullende baller. Ellers så malte eg det litt grønt bakom bildene, tegna swirler som ramme på bildene og skreiv mykje av teksten rett på dei tomme felta på bildene.
Den første fotballturneringa
"Livet er morsommere for den som er glad i fotball" :)
Her skar eg også litt i arket sånn at graset på arket kom litt oppå bildet. Eit bilde satte eg midt i fotballen som var på arket, og skreiv ellers litt tekst i fotball-rutene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)