torsdag 2. september 2010

Fint med sommerdager innimellom

På torsdager har eg og minstemann fri, så i dag har vi funne på litt kjekke ting ilag. Vi leika gjømsel ovanfor løa- det har vi ikkje gjort sammen før sidan han vanligvis har søstrene og kanskje søskebarn på besøk som han leiker dette med.

Vi laga oss ostesmørbrød som vi åt ute. Vi et ofte ute på terassen når det er fint vèr, men då sit vi med bordet og tar ut alt av mat og pålegg. Innimellom er det koselig å gjere som i dag (og det blir mykje mindre å rydde og vaske etterpå!); då lager vi oss nistemat inne og et den ute sånn at smulane lander på graset eller på grusen istedenfor inne på terassen.

Og så tok vi band på kaninen og gjekk tur med den. Det har vi heller ikkje gjort så mykje tidligare, fordi den har vore litt for liten til å gå i band. Men no er den stor nok, så då var det kjekt for minstemann å holde bandet litt uten å ha behjelpelige søstre rundt seg ;)


No i kveld gjekk eg og mellomstejenta ein liten tur oppi skogen. På veg ned att kosa vi litt med kalven som vi har gåande i beitet vårt, og plukka med oss sukkererter og gulrøtter fra eigen hage *nam*

1 kommentar:

  1. Namnam! Det så deilig ut!
    Her har høsten slått til for fullt...

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)