Mange er lei av regnet som har prega både sommeren og høsten, og eg synest også at alt er mykje bedre når det er sol og fint. Men det at det regner gjer meg egentlig ingenting (sjølv om eg liker opplett bedre). Eg tenker heller over kva ting som gjer meg glad, istedenfor å tenke på kva eg ikkje er fornøgd med.
I løpet av ein dag "stopper eg opp" fleire gonger, og tenker over dei små tinga som gjer meg glad og som eg set pris på. Berre i løpet av dagen i dag har det blitt mange små og store ting.
Dette er noko av det som har gjort fredagen min så fin:
♥ Jentekvelden som varte til over midnatt i natt
♥ Dei flotte hjortane som eg køyrer forbi
♥ Naturens mange nydelige farger
♥ Mykje god musikk på radioen når eg er ute og køyrer
♥ Fotoapparata mine
♥ Dei flotte kollegaene mine
♥ Dei skjønne ungane eg jobber med
♥ Merke at eg lærer dei små på jobben nye ting
♥ Ein stille og rolig pause, heilt for meg sjølv *nyte*
♥ Blomstrane eg fekk på jobben i dag (forsinka bursdagsgave)
♥ Handle litt på salg (til ungane)
♥ Nye scrappeblad
♥ Då eg henta jenta mi i ein bursdag, var vi innom den lokale matbutikken. Der kan vi forsyne oss med varm drikke. Og vi tok med oss kvar vår kopp med kakao då vi køyrte heim att. Er ikkje så ofte vi gjer det.
♥ Kom heim (var sliten og trøtt) og sette meg i godstolen, med ungane rundt meg. Såg pinocchio- filmen. Drakk kaffi av favorittkoppen. Og åt grandiosa-pizza. (Er sjelden vi et grandiosa, og sjelden at vi koser oss sånn på fredagskveldane- det blir mest sånt på lørdagskveldane-).
♥ Las alle dei fine kommentarane som dere har lagt inn i bloggen min dei siste dagane. Tusen takk!! Eg prøver å besøke alle som legg igjen kommentarer, men ligg litt etter med sånt for tiden. Men med tiden vil eg besøke dere alle!
♥ Akkurat no set eg stor pris på senga mi, som eg snart skal finne. Og ser fram til at eg kan sove lenge i morgon ♥