lørdag 21. mai 2011

Denne vekas bilder (til 365 prosjektet)

Eldstejenta øver til 17. mai

Eg prøver å ta eit bilde kvar dag, men er også åpen for at nokre dager blir det ingen bilder mens andre dager blir det fleire. Nokre av vekas bilder har med 17. mai å gjere.

Blåseting og anna må testes ut før 17. mai. Ungane får velge kva dei vil ha med seg på den store dagen (men må hugse på at dei stort sett må bære det sjølv).

Lamma er glade for å vere ute, der dei kan springe og danse som berre smålam kan.

Ein frydefull og bunadskledd gutt med pappas sko (som er littegrann for store).

Etter ein dag med mykje feiring er det godt å slappe av og fortsette feiringa med å sjå litt 17. mai på tv'en.

Det er også kjekt å komme heim til sitt kjæraste leiketøy

Det er fint at vi kan nyte jordbær igjen *nam*

1 kommentar:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)