onsdag 11. mai 2011

"Scrapping-on-the-go"- veska mi

Charms lett sortert etter tema, jentepynt, guttepynt, rondeller og anna småpynt.

Nokre gonger tenker eg at eg får ikkje scrappa ofte nok. I perioder kan det gå måneder mellom kvar gong eg får laga ei side. Og sånn er det jo berre, scrapping blir ikkje prioritert først, og når eg først gjer det så skal det jo vere fordi eg har lyst og ikkje fordi eg føler at eg MÅ. Men no har eg komt fram til at litt av grunnen kan vere at eg har så alt for mykje stæsj, og hobbyrommet føles fullt. Samtidig som at eg ikkje klarer å kvitte meg med noko, for det meste er jo kjøpt fordi eg ser det for meg på eit prosjekt.
Mykje av det eg har på hobbyrommet mitt er sortert etter tema, type og farger. Men i påska fann eg ut at eg skulle lage ein "mini-versjon" av det eg har. Noko som er lett å ta fram, lett å ha oversikt over, og lett å sette på plass igjen. Idèen om ei "scrapping-on-the-go"-veske blei til.

Denne veska kjøpte eg hos Panduro for litt sidan, og passa perfekt til formålet mitt.

5 små plastbokser med inndelte rom

Rødt, lilla og blått

Den øverste boksen (det øverste bildet) blei brukt til div småpynt. Mens eg i dei resterande boksane fann fram eit lite utvalg av pynten eg har og sorterte det etter farger. Eg fann bla. fram litt blomster, bånd, knapper, brads, chipboard, diecuts og anna.

Gult, oransj og grønt... farger det viste seg at eg ikkje hadde så mykje av

Rosa og brunt har eg derimot mykje meir av (og blått)

Kvitt og svart, og diverse tags.

Og no når dette er gjort ser eg for meg at det blir litt enklare å sette seg ned å scrappe, samtidig som eg har fått ein oversikt over kva eg faktisk har. Den er også lettvint å ta med seg om eg skal scrappe i stova eller heime hos venner.

1 kommentar:

  1. Så lurt!
    Jeg skulle på et scrappetreff for noen uker siden, og det var helt håpløst å vite hva jeg skulle ta med meg når jeg ikke visste akkurat hva jeg ville lage...

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)