Eg liker å lage litt scrappepynt sjølv, og ved å lage desse papirblomstrane fekk eg brukt opp ein del restepapir som eg hadde liggande.
Til kvar blomst stansa eg ut 6 sirkler med ein sirkelpunch. Desse bretta eg litt og brukte brun cat's eye på kantane.
Eg la alle sirklane i ein plastboks sånn at eg lett kunne ta dei med meg og jobbe med dei i stova når eg td såg på tv.
Ein blomst i bruk. Eg satte sammen blomsten ved å bruke gluedots eller pistollim.
Tutorial fann eg hos Scrap A Little og ein lignande versjon i Reminisce sin blogg.
Kjempefine!
SvarSlett