onsdag 25. mai 2011

Bilder til vårt 365/Project Life

Sjølv om vi ikkje har baby akkurat no så kjem denne bamsen fram innimellom. Her har den fått låne ei av jentenes headset.

Sit og tenker på at eg vil lage eit album til den lille som kjem, der eg tar eit bilde til albumet hennar/hans kvar dag. Ikkje berre bilder av den lille, men også bilder av babyens ting og tang som td klesplagg, leiker, utstyr og anna som kjem inn i kvardagen vår sammen med lillingen. Her er eit knippe av bildene til "Project Life"- familiealbummet vårt.

Det er koselig å sjå på lamma som spring og danser utanfor stoveglaset på denne tida av året. No er dei fleste sauene og lamma sleppt til skogs og kjem ikkje tilbake før til høsten.

Her om dagen fekk vi besøk av ei lita jente som syntest det var stas å få gi melk til flaskelammet vårt.

I dag regna det ute...

Då jenta mi si julestjerne "tok kvelden" planta ho ei anna plante i julekrukka

Barnetv tid

No når fotballtreningane har begynt igjen så trengs det nye sko

Det viktigaste innholdet i veska mi

Ein dag ba eg 7 åringen min om å ta "dagens bilde". Ho tok bilde av lillebror som skulle til å bære lammet sitt. Merkelig nok måtte lammet snu seg vekk då bildet blei tatt, men det gjer jo bildet enda artigere :)

Minstemann har mange ideer til kva traktoren hans kan gjere eller ha med seg- denne gongen lottobrikker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)