søndag 29. mai 2011

LO med eldstejentas tegna figurer på

For nokre år sidan ba eg eldstejenta tegne nokre figurer på syrefritt papir som eg kunne bruke på ein layout. Ting tar jo litt tid, men tegningane har eg spart på og no fekk eg lyst til å lage ein LO med figurane hennar på. Det er koselig å sjå kva figurer ho tegna på den alderen og det å bruke dei som pynt på ein LO er ein fin måte å få vist dei fram på. Eg har også med bilder fra ho var på den alderen, og teksten handler om kva ho likte og kva favoritter ho hadde då.

Detaljer:
Teksten skreiv eg på eit ark med bølgekanter. Til tittelen har eg brukt minibokstaver. Og i tillegg til dei tegna figurane så har eg også brukt fargerike knapper.




Miniknapper som pynt på eit av bilda

1 kommentar:

  1. Hei Linda takk for hyggelig kommentarer på bloggen :) Vi hadde det kjempe hyggelig ute i går! Finaly :)

    Så utrolig fin tavle eller LO ( aner ikke hva det står for) Nå tror jeg nesten jeg må lage noe lignende til vesla mi :) Ha en fin søndags kveld

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)