mandag 31. mai 2010

Sommerlig blomsterkrans

I går samla eldstejenta masse løvetann så eg kunne lage ein blomsterkrans til ho. Eg har ikkje laga så mange sånne kranser, men eg får jo øvd meg litt kvart år. Og så lenge den heng sammen og ser nokonlunde ut så er den bra nok for dei små :)

søndag 30. mai 2010

Jentene elsker å ri

Jentene mine er lik ganske mange andre jenter; dei er glade i hester og kunne gjerne tenkt seg å ha ein eigen.

Derfor var der stor stas i dag, då barneforeningen vi er med på hadde avslutning på stølen og naboen hadde med seg hesten sin. Då stod ungane i kø for å få seg ein ridetur.

Det blei mange turer på hesten, spesielt eldstjenta som satt på hesteryggen heile ti gonger i dag.

lørdag 29. mai 2010

Ja, her bur det barn #7

På togbane-bordet har det lett for å også havne andre ting innimellom :)
Kanskje er dette to tigre som truer toga og ein sekk som var for stor til å ha med på toget?

Vi har hengt opp nokre lister med klesklyper der ungane kan henge opp kunstverka sine, desse heng på veggen utanfor barneromma. Innimellom må ting tas ned og nye ting henges opp.

tirsdag 25. mai 2010

Har dere Playmo i hus?

Eg har ein del Playmo frå då eg var lita, og desse leiker ungane mine med innimellom.

Eg synest ikkje det har vore så mykje snakk om Playmo dei siste åra. Det er kanskje ikkje så rart når det er så mykje anna flott å leike med. Men eg liker Playmoene, eg...


Når vi har vore på ferie, og vore innom butikker som sel ein del Playmo (sidan dei ikkje har hatt så mykje sånt heromkring- berre store pakker), så pleier eg å kjøpe med meg nokre småpakker som eg gir vekk til jul og bursdager (kanskje mest til mine eigne barn).

Det siste året har dei fått meir på butikkane her omkring også. Så kanskje har det begynt å bli meir populært igjen?



 No har vi litt nytt og ein del gammelt som dei små leiker med.



Hadde du Playmo då du var liten? Og har du eventuelt desse endå?

Leiker dine barn med Playmo?

mandag 24. mai 2010

På jakt etter gamle minner

I dag blei eg med pappa ein tur ut til bestemors hus. Ho døydde for 6 år sidan, og eg har lenge hatt lyst til å reise ut dit ein tur. For å sjå romma eg har minner fra, huset og uteområdet.

Sjølv om mange av møblane var vekke, og ting stod hutler i bulter, så var det fint å gå gjennom huset rom for rom. Fargane var der forsatt, og luktene... Luktene som minner meg om bestemor og huset hennar.

Nostalgisk å sjå gjennom bøker som kanskje er over 100 år gamle...

Fint å sjå minner som vi sjølve har bidratt med, bla. denne gipsfiguren som eg eller søstra mi har laga.


Dukke som eg pleide å leike med...


Kanskje er eg i slekt med nokre av desse på bildet? Det er mykje man skulle ha spurt om, hadde man berre brukt sjansen den gongen vi hadde den...

Kongehuset spela ei stor rolle i mange menneskers liv den gang da...

Ei nydelige, gammeldags barnevogn

Nydelige møbler som bestefar har laga (han døydde då eg var 1 år).

Det var godt å vere tilbake. Sjå på tinga og romma som eg kun har hatt eit minne om. No har eg tatt bilde av dei sånn at eg alltid kan sjå tilbake på dei når eg føler for det... og minnes.

søndag 23. mai 2010

Bilder fra dagen vår

Vi har tre små lam som ikkje får nok melk fra mammaen sin, og desse kjem nok til å bli holdt heime når alle dei andre sauene og lamma skal på "ferie" på fjellet. I natt var første natta at alle sauene låg ute, så i dag måtte vi opp til lamma med litt "mjøl" og melk.

Skjønne, lille Lilje 

Mann og barn testa den nye, lille båten vår.

Blomstrende blomster

Blomsten er plantens smil
~ Peter Hille ~

Løvetannbarn
Jeg så en ensom løvetann vokse
Blant gatetustene
I et hjørne
Det var som å se solen selv
Som har steget ned
For å vise
At disse varme og liv
Er sterkt nok
Til å betvinge og overvinne
Det som synes uovervinnelig
(ukjent)


Sørg for at du slår ut i full blomst. Nøy deg ikke med å luke i hagen.
(ukjent)

Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha
~ H.C. Andersen ~


Slik en blomst trenger solen for å bli blomst, slik trenger et menneske kjærligheten for å bli menneske.


~ Phil Bosmans ~ 

fredag 21. mai 2010

Vi har fått oss kanin ♥

Eg har lenge tenkt at det hadde vore kjekt med eit lite kjæledyr, i tillegg til katten (og dyra i fjøsen)... og no har vi fått det.... Ein nydelig, liten kanin ♥

Eg og ungane henta den hos ei veninne i går. Der fekk vi også kose med alle søskna den hadde.

Eg hadde trudd at den skulle virke litt redd og utrygg til å begynne med. Men sånn er ikkje denne ialfall-  den er rolig og tillitsfull, og også nysgjerrig og utforskande. 

Eg hadde tenkt at vi skulle vente litt med å introdusere selen, men det tok ikkje mange timane (i går) før jentene ønska å prøve. Så sidan kaninen virka trygg så fekk dei, til sin store glede,  prøve den i dag- og det gjekk veldig fint :)

torsdag 20. mai 2010

Floridaturen vår #3 Reisa begynner

Vi reiste mot Bergen ut på ettermiddagen 2. juledag. Julestemningen min hadde forsvunne pga at alle tankane mine hadde vore rundt pakking i det siste. Men då snøen la seg meir og meir på køyreturen vår, og julemusikken  høyrtes fra radioen, så kom julestemningen litt tilbake. Det ville bli spennane å sjå korleis USA pynta til jul.


Vi overnatta på hotell i nærheten av flyplassen, og ankom flyplassen kl 05.00 3. juledag. Der møtte vi resten av reisefølget vårt. Sidan vi har vore her nokre gonger før, så visste vi at dei har eit fint leikefly i ventehallen. Mens dei andre kjøpte seg mat før sikkerhetskontrollen, så gjekk vi gjennom sikkerhetskontrollen først. Så kunne vi kjøpe oss litt frukost innanfor, kose oss med den og ungane kunne leike i leikeflyet ei stund.

Først gjekk turen til Frankfurt. Der måtte vi vente nokre timer før vi skulle på den lange flyturen vidare til Orlando. Der slappa vi av, åt litt mat og fekk brukt litt av det vi hadde med oss som tidsfordriv.

Så forsatte vi turen, mot Orlando, i eit større fly. Her var det skjermer i setene, så ungane kunne sjå dei filmane dei ønska.. i tillegg til at det var ein del å velge mellom for dei voksne òg. Filmen "Up" gjekk konstant, om att og om att, etter barnas ønske :) Det gjorde ingenting at den var på engelsk...

Litt rart i grunn, at vi blei plassert sånn som vi blei... Eg skulle sitte på midtrekka, sammen med to av våre små. MEN mellom meg og ungane var det plassert ei anna! Heldigvis var ho villig til å sitte på den andre enden av rekka vår, sånn at eg fekk ha ungane ved sidan av meg. Det samme var situasjonen bak oss- der ei mor var blitt plassert sammen med sine 2-3 små... og pappaen var plassert ein heilt anna plass. 


Kjekt å ha litt tidsfordiv når flyturen er lang.

Etter ein lang flytur var vi alle litt slitne, men ved godt mot... for no var vi endelig nesten heilt framme!! Det var ein god følelse. Og sjølv om køa var lang då vi skulle hente leigebilane våre, så blei vi positivt overraska over dei flotte bilane vi fekk (skulle gjerne hatt denne typen heime i Norge også).



Vi hadde litt problem med å finne fram til huset, og spesielt den andre bilen som hadde feil på GPS'en sin. Dei bytta den, og fekk enda ein som det var feil på... men på tredje bytteforsøk så funka den, og vi kom oss etterkvart fram til huset.
Kan hende vi klarte å vekke heile nabolaget, då vi klarte å utløyse husalarmen. Men etter ei god stund med venting, samtaler med vaktselskap og nye koder vi måtte få... så kunne vi endelig komme oss i hus. Glade for å endelig vere framme, og glade for å kunne finne oss ei seng å sove i :)

Floridaturen vår #2 Linker om Florida, USA, WDW, cruise, Disneyscrapping m.m

Her kjem ei lang liste over linker som eg brukte.

Utifra ein del av linkane, så er det mange veier/linker vidare til anna info om WDW o.l
(sidan det er nokre måneder sidan eg brukte ein del av desse, så er det mulig at nokre ikkje virker lenger)


Usa
http://www.cbp.gov/  US Customs and border protection
http://www.landsider.no/en/landOld/usa/  Utenriksdepartementet- USA reiseinformasjon

Fly mm
http://www.orlandoairports.net/  orlando intl airport
http://www.orlandoairports.net/arrive/index.htm  orlando intl airport- arrival guide

http://www.aftenposten.no/reise/article2542094.ece  Aftenposten: Rundstjeler bagasjen

http://blogg.travelstart.no/webtech/  bærbare enheter, data, ipod på fly og i verden
Google iphone+ sikkerhetskontroll

 http://www.avinor.no/lufthavn/bergen/bagasjeoginnsjekking Avinor Passasjerguide: kva bør du huske når du skal ut å fly
http://www.dinside.no/831041/faa-bagasjen-frem-like-hel Din side: Få bagasjen frem like hel
http://www.aftenposten.no/reise/article2500267.ece Aftenposten: Dette kan du ta med på flyet
http://www.aftenposten.no/reise/article2176140.ece Aftenposten: Lufthansas bagasjeregler
http://www.tsa.gov/travelers/airtravel/holiday.shtm TSA: Traveling with food or gifts
http://www.aftenposten.no/reise/article2446066.ece Aftenposten: Dette kan du ha i håndbagasjen

http://www.luftfartstilsynet.no/security/article16032.ece Luftfartstilsynet: Kva kan eg ta med på fly?
http://www.aftenposten.no/reise/nyheter/article3424463.ece Aftenposten: Gavene kan bli beslaglagt



 Barn på ferie/reisedagbok:

Diverse

Leiebil/køyre i USA
http://www.route66usa.info/DefaultVerdtAVite.aspx Litt nyttig info om å køyre i USA (ein motorsykkelkøyrers blogg)

Hus:

Cruiset:
http://www.cruise.no Mykje om cruise
http://gallerycruise.blogspot.com/  Gallery cruise - best picture of cruise ships in the world

Tips om cruise:

Rccl.no

Miami:


Bagasje, Pakkelister, fly, toll og tips:
http://allears.net/pl/forgot.htm Mouseforless: what to pack
 https://startourreiseforum.no/?nid=39992&lcid=1044&pageId=10 Star tour: Kva har du i håndbagasjen?

http://blogg.travelstart.no/tips/ Travelstart: reisetips
 http://m.vg.no/artikkel.php?artId=574148  vg.no- slik pakker du smart til ferieturen

Florida:
http://www.placesaroundflorida.com/  Places Around Florida
http://www.floridathemeparks.com/  Florida Theme Parks
http://www.floridawaterparks.com/  Florida Water Parks
http://floridaxyz.com/  Floridaxyz- om Florida
http://www.dagbladet.no/dinside/2005/02/10/422986.html  Dagbladet: Florida er klar for deg
http://annjoridogmartin.blogspot.com/  Norsk blogg- På tur i Florida og på cruise

Orlando:
City Visitors Guide - Orlando  http://orlando.cityvisitorsguide.com
Orlando Attractions   http://www.OrlandoAttractions.com
http://www.dagbladet.no/dinside/2007/04/18/535548.html  Dagbladet- Orlando har det meste for barna

Shopping:


Miami:
http://gomiami.about.com/ About.com: Miami travel
http://wikitravel.org/en/Miami  Wikitravel- Miami

Div om parker i Orlando
http://mouseforless.com/ god oversikt over offers og tilbod
http://www.floridaamusementparks.com/  Florida amusement parks
http://traveler.nationalgeographic.com/2007/11/free-city/orlando-text  National Geographic- Free Things to do in Orlando

Sea World

WDW
Desse brukte eg mykje, veldig informative og med mange gode tips:

http://www.wdisneyw.co.uk/  Disney World & Orlando unofficial guide online
http://www.guide2wdw.com/ Complete guide to WDW (her kan du også laste ned gratis "pocketguide")
http://land.allears.net/blogs/jackspence/  masse info om attraksjoner og div
http://allears.net/pl/ticket.htm  Ticket Faq, mykje info om billetter
http://www.mousesavers.com/freestuff.html  FREE and Cheap Stuff to Do at Walt Disney World
http://www.disboards.com/  Disney World forum
http://www.hiddenmickeysguide.com/  Hidden Mickeys guide
http://www.thedisneytraveler.com/  The Disney traveler
http://www.touringplans.com/tp2/UG2_index.php?PageID=0   The Unofficial Guide to Walt Disney World
http://kingdommagictravel.com/  Kingdom Magic Travel
http://www.disneyfrontier.com/  The Disney Frontier blog

http://forums.wdwmagic.com/showthread.php?t=322614  Foruminnlegg: "I took the kids to WDW by myself...and survived!

http://allears.net/tp/fur.htm  Allears: Character meet& greet faq

Magic Kingdom
http://www.gaustad.com/2008/07/7-juli-magic-kingdom.html  norsk blogg- Ein dag i Magic Kingdom
http://blog.mailasail.com/thea/48  Norsk blogg (Thea's web diary): Magic Kingdom, here we come
http://usa2007.hockeydb.no/#post11 - Norsk blogg, Magic your way

Epcot
http://blog.mailasail.com/thea/47  Norsk blogg (Thea's web diary): Epcot og "et lite stykke Norge"

Bibbidi Bobbidi Boutique
La dei små bli til prinsesser, noko vi hadde lyst til men ikkje tok oss tid og råd til:

Om Walt Disney:

Disneyfoto og fototips :
http://land.allears.net/blogs/stevebarrett/  Steve Barrets blogg med massevis av Hidden Mickeys- bilder.
http://www.flickr.com/photos/8674970@N04/  Disney Grandpa's photostream (Flickr)
http://disney.rocket9.net/index.htm    Disneyworld & Disneyland Desktop Wallpaper Site
http://www.wdwmemories.com/index.html  WDW memories- fotogalleri

Scrapbooking


Disney digi-scrapping:
http://seebeesfreebies.blogspot.com/  Kits og andre Disneyfreebies
http://mickeyavenue.com/fonts/disney-fonts-list/  fonter

http://www.addletters.com/disneyland-sign-generator.htm  - Lag ditt eige, personlige "Velkommen til Disney"-skilt.


Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

Floridaturen vår #1 Forberedelse og pakking

x
Eg har lenge tenkt at eg skulle ha skreve litt meir om Floridaturen vi var på i desember- januar. Men etter turen var det ein del ting som måtte gjerast, og eg vart etterkvart litt lei av å sjå gjennom alle bildene eg hadde, om att og om att. Men no har eg tenkt å begynne litt...

I tida før, under og også etter Floridaturen vår laga minstemann ofte Mikke-figurer på forskjellige ting- ofte mat :)

I mai i fjor fortalte eg at vi hadde bestemt oss for å reise til USA , og vi begynte å planlegge. Vi skulle reise saman med familien min og var då eit reisefølge på 6 vaksne og 4 barn (dei to eldste på 9 og 6 år, og dei to minste på 3 år). Vi høyrte med ulike reisebyrå om kva dei kunne tilby oss, og endte etter kvart opp med eit tilbod frå USAeksperten. Servicen var god, og eg fekk for det meste svar på alt eg måtte lure på.  Gjennom USA eksperten bestillte vi hus i Kissimmee, flyreise Bergen-Orlando og returen Miami-Bergen,  cruise i Karibien og ei hotellovernatting i Miami.

 Bil bestillte vi sjølv, og då hos selskapet holidayautos.no. Vi måtte ha ein bil til 8 personer + ein bil til 5 personer. 

Det var deilig å få alle bestillinger i boks. Etter det brukte eg mykje tid på å lese på nettet og finne ut det eg måtte lure på (og det var ikkje lite).

Eg forberedte etter kvart også ungane på det som venta oss. Noko av det som var mest spennande på turen var jo at vi skulle til Walt Disney World. Derfor las vi mykje Disneybøker og gjorde oss kjent med fleire av Disneyfigurane.  Vi såg også DVD'er og filmklipp fra parker, parader og Disneyfilmer på youtube.
Vi snakka om parkane vi skulle i, og også ting som sikkerhet og kva dei måtte gjere om dei kom vekk fra oss.

Eg fortalte eldstejenta litt om kven Walt Disney var som person og opprinnelsen til Disney-konseptet. Vi brukte internett og såg på bilder frå parkane og andre som hadde besøkt plassane som vi skulle til. Bla. bilder av barn og dei store Disney-figurane, sånn at dei ikkje skulle bli skremt av størrelsen på dei.

Desse prinsessene har jentene spart på i mange år no, og er veldig kjekke å ha med seg når vi reiser på ferie og lengre turer. Fine gaver til jul og bursdag. Og til denne turen passa dei perfekt!

Dei er å få kjøpt i sånne pakninger og er ganske spennande, for oppi pakken er det ein papirpakke med eit slags brusepulver oppi. Denne pakken må legges i vatn... det bruser... og så kjem det fram 2-3 prinsesser :)

Ungane hadde med seg kvar sin sekk med aktiviteret til fly- og biltur. Oppi jentene sine var det bla:
  • Nintendo ds (som dei fekk til bursdagen sin ifjor)
  • Ipod nano (som dei kjøpte for penger dei fekk til jul)
  • Nokre leiker som dei sjølve fekk velge
  • Aktivitetsbøker og fargeblyanter
  • Eit par bøker/blad
  • Litt snop og kjeks
I minstemanns sekk var det bla:
  • Småbilder og småtraktorer
  • Eit par bøker/blad
  • Tegnebok og blyanter
  • Litt snop og kjeks
  • Ein liten mp3 spiller (som han arva fra eine søstra si då ho fekk seg ipod)
  • Og så hadde vi med ein bærbar DVD spiller som han fekk til jul +  litt barnefilmer.
Pakkelistene var klare god tid i forvegen. Pakkeliste til meg, pakkeliste til ungane, kva vi måtte ha med oss på sjølve reisa til Orlando (som varte i nesten eit døgn), oversikt over kva reiseapoteket måtte inneholde, kva mat vi kunne ha med oss. Og det var jo ein del å tenke på sidan vi skulle både vere på cruise og på land, og så er det jo ikkje alt som er lov til å ha med seg i håndbagasjen- så det måtte også tenkes litt gjennom.

Andre ting vi måtte tenke på:
  • Fornye pass
  • Sjekke at vi hadde dei rette forsikringane
  • Ordne med papirer man må ha i orden før USA reiser, og vi sjekka inn på cruiset FØR vi reiste fra Norge.
  • Ha med strøm-omformer (det var også lurt å ha med ein kontakt med fleire hol i- så kunne vi og dei andre lade fleire ting samtidig)
  • Ekstra batterier og minnekort
  • Ha med litt dollar til dei første timane i USA og til bommane vi måtte køyre gjennom for å komme oss til huset vårt.
  • Eg måtte lære meg korleis ipod nano og ipod touch fungerte, for å få best mulig nytte av desse nyinnkjøpte tinga på reisa. Eg fann mykje informasjon om Florida, WDW og cruise som eg lagra på min ipod touch. Og eg la også inn ein del youtube filmer fra WDW på jentene sine ipoder, så dei kunne sjå på dei mens vi var på reise.