torsdag 8. oktober 2009

Så kjekt å få si eiga, lille handlevogn og litt andre små skatter



Minstemann fekk si eiga handlevogn i dag. Vi fekk denne vogna i barnehagen der eg jobber (fra ein butikk), og sidan vi har skikkelig oppryddning der no og ingen ville ha denne- så tok eg den med meg heim. Han syntest det var veldig stas å gå rundt om i huset med den. Først fyllte han den med verktøyet sitt, og deretter fekk Care Bears'ene seg ein liten køyretur :)
Kvifor kaste den når man istedet kan glede sine små?
Det må jo seiast at dette er langt fra det einaste eg har komt heim med fra barnehagen. Eg har store problemer med å kaste fullt brukelige ting. Spesielt når det er noko eg kan få brukt eller som eg veit at ungane vil ha glede av.

Her er andre småting eg fann:

Koppen med pusen på tok eg med meg som eit minne.
Tre-mosaikk- bitane har ungane allerede tatt i bruk, og har laga fine bilder med.
Nokre av spela kan brukes, men mange spel har diverse mangler- men eg tenker at det er mykje her eg kan bruke til scrapping! Mange synest nok at det høyres rart og merkelig ut (vi har hatt mykje moro på jobben pga alt det små og store eg vil ha med meg) , men eg ser små skatter overalt :) Og om eg ikkje får brukt det, så kan eg jo berre kaste det... sånn som egentlig var meininga.
Eg har også hatt med meg heim litt møbler som eg kanskje kan vise fram seinare ein gong... Mannen min laga bla. ein flott kommode til meg då eg kom heim med mange små skuffer :)

Ergo: Eg er ikkje flink til å kaste ting, og ser ein verdi i (kanskje alt for) mykje. Men det har litt med tanken om at kvifor skal ein kaste det når ein kan bruke det, og kanskje glede nokon med det? Og iallfall når det gjeld møblane- for om eg ikkje hadde tatt dei med meg, så måtte eg gjerne ha kjøpt nytt...
Gjenbruk er ein fin og bra ting, synest eg.

2 kommentarer:

  1. Så moro med sånne små skatter:-)
    Jeg var også altfor dårlig til å kaste ting, men fikk aldri tid til å bruke det til noe, så det ble kastet etterhvert allikevel... Godt at noen er som deg og bruker ting på nytt!!!

    SvarSlett
  2. hihi så godt å se noen som er på høyde med meg når det gjelder kaste problemer..
    Eller tror kansje du nesten er litt værre, meen du har til gjengjeld system så det veier opp. hihi

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)