I går gjekk eg og ungane tur. Eg har lenge hatt lyst til å gå ein tur og ta litt høstbilder, men så har det vore ein del regn i det siste- og då er det ikkje så godt å ha med seg fotoapparat. Men i går fekk vi gjort det, og vi utstyrte oss med fotoapparat alle mann (nesten). Eg brukte speilrefleksen, eldstejenta fekk låne kompaktkameraet mitt og så brukte mellomstejenta det gamle kompaktkameraet som dei har fått.
Vi er heldige og bur nær både skog og sjø, og i går gjekk vi ned til sjøen. Ungane kosa seg med å kaste steiner og pinner i sjøen, og eg kosa meg med å ta bilder og dele gleden deira :)
Så koselig! Og takk for mange fine kommentarer i dag :)
SvarSlettNydelige bilder! Så kjekt å ha så mye vakker natur i nærheten:) Ha en flott helg! Heidi
SvarSlettSå nydelege bilete!! Likte det plaskande vatnet!
SvarSlett