mandag 12. oktober 2009

Kvardagslige ting i 2009


Eg er jo litt over gjennomsnittet (trur eg)  interessert i det å dokumentere dei små tinga i livet til familien min og også ta vare på det eg får av små historier og minner frå mine besteforeldre og eldre generasjoner. Kun fordi eg veit kor kjekt det er å høyre om og sjå bilder frå tida som har vore fram til no, og fordi kvardagen vår no er heilt annleis enn korleis den var då td. bestemor mi voks opp.

I dag tok eg eit bilde av maten eg handla på butikken. Eit bilde tar jo ikkje så stor plass blant dei andre digitale filene og bildene mine, og eit framkalla bilde tar heller ikkje så stor plass i eit fotoalbum. Grunnen er at eg ser for meg bilder eg har sett frå då eg sjølv var lita. Kor artig det er å legge merke til små detaljer som ein ikkje tenkte på at ein fekk med på bildet den gongen, men som får meg til å smile fordi eg tenker at "åå det var sånn den såg ut den gongen". Det kan vere ting som ein melkekartong, osten, fata vi brukte, bordet eller andre ting.

Og kanskje, om 3, 10 eller 50 år frå no, så ser vi på bildet som eg tok i dag og tenker "ååå var det sånn desse tinga såg ut den gongen i 2009". Og så mimrer vi litt ♥

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)