Jentene liker å perle med Hama perler. No i høstferien har vi hatt besøk av ei av jentenes kusiner, og ho liker også å perle. Innimellom kjøper eg eit nytt perlebrett eller to, for det er jo litt kjekt med nye former. Det eg kjøpte sist var det brettet som er forma som eit hus.
Eg kjøpte også ein pakke med bilde av mange køyretøy utanpå, men eg blei litt skuffa då eg såg at det kun var store firkanta brett inni pakken og så måtte man sjå på eit bilde for å klare å perle traktoren eller bilen. Eg tenkte at no skulle minstemann få nokre brett sånn at han enkelt kunne perle det han liker best... men, men... då får vi heller spare pakken til han blir litt eldre.
Vi har jo hatt liknande sett med Disneyprinsesser og andre jentefigurer, så eg burde jo tenkt meg at det var sånn i denne pakken også. Og det er jo bilde uttapå pakken av kva brett som fins inni, men når ein handler på nett så er det ikkje alltid man får sett korleis desse pakkane ser ut.
Eldstejenta derimot ønsker litt nye utfordringer. Nye figurer ho kan perle, og nye oppskrifter å følge- så derfor søkte eg litt på nett i går for å finne ny inspirasjon til ho. Og eg fann mykje fint her:
Beadmerrily
Beadmerrilys Flickr gruppe
Perlerbeads (ta turen innom galleriet)
Littlecraftybugs - perl gutter med ulike fotballdrakter
Eg har ofte tenkt at eg skulle ha lage nokre søte figurer som eg kunne bruke i scrapping, og med all denne inspirasjonen så frister det enda meir.
For nokre år sidan kjøpte eg plastringer som eg tenkte at eg skulle henge jentenes perle-kreasjoner på, for å lage uroer- men merkelig nok så har eg aldri komt så langt at eg har fått laga dette. Men det er aldri for seint ;)
PT-pakker
for 4 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)