Sjå på denne flotte julestrømpen som eg fekk i posten forrige dagen! Den vann eg i konkurransen til Nytt & Shabby- gleder meg til å ta den i bruk til jul (kanskje minstemann får den, sjølv om han egentlig fekk ein anna strømpe i fjor... eller så kan eg jo kanskje henge den opp og ønske at nissen fyller den med gaver til meg hihi).
Eg og søstra mi hadde kvar vår strømpe då vi var små (eg legg sikkert ut bilde seinare ein gong). Og strømpen min har eldstejenta fått. Mellomstejenta har fått ein Tatty Teddy strømpe. Mens minstemann fekk ein som eg fann på KID i fjor.
Desse heng vi opp på lillejulafta, og så fyller nissen den med små gaver i løpet av natta :)
Eg er veldig glad i jula. Eg elsker å lage små og koselige tradisjoner for ungane, for det er jo det som er det beste med jula (synest eg); å ta del i ungenes glede og forventning i dagane fram mot jul :)
PT-pakker
for 4 måneder siden
Ååååh! Heldige du! Jeg vurderer å sy egen strømpe i år... Min har jeg arvet fra pappa, så den må vel gå videre til prinsessa i år...
SvarSlett