lørdag 5. september 2009

Hampsmykker


Eg hadde tenkt å lære meg å lage hampsmykker i fjor sommer, og har hatt det eg trong til dette tilgjengelig i over eitt år no... og endelig, på teltferien vår i år, tok eg meg tid til å studere oppskriftene eg hadde. Så då lærte eg og eldstejenta oss å lage hampsmykker sammen.
Dette ovenfor har eg laga etter eldstejentas fargeønsker, så det har ho fått. Eg begynte på det i ferien, men det blei ikkje gjort ferdig før i forrige veke. Eg har lånt det eit par gonger, og brukt det til armbånd:



Dette laga eg på ferien (og no ligg det i mellomstejentas leiker ein stad)


Her sit eldstejenta med armbåndet sitt i ferien. Vi hekta kvart vårt smykke på samme bordbein, og satt og laga smykkene våre sammen.
Så får vi sjå om dei som har ønska seg sånne til jul, kanskje... kanskje får det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)