lørdag 5. september 2009

Blafre Design og Byggmester Bob


Byggmester Bob er ein av minstemanns favoritter. Vi har eit par klesplagg og ei bok med denne figuren på, men eg har ikkje komt over så mykje anna. Derfor var det ikkje tvil om at minstemann måtte få denne matboksen i dag då eg gjekk forbi ei som solgte Tupperware. Eg har egentlig sagt at vi ikkje skal ha fleire matbokser og drikkeflasker i hus, for vi har mange nok... men ingen regel uten unntak :)
(Når eg tenker over det har vi jo også filmer, blad, tog og duplo med Byggmester Bob på òg).

Blafres produkter har vore ein av mine favoritter lenge no (spesielt hjorten), men eg har ikkje kjøpt noko.... før no :) No var tida inne. Matboksane var veldig fristande, men som eg skreiv ovanfor så har vi nok av det. Derfor blei det til at eg kjøpte eit par mindre bokser med hjorten på, og tre små kort med desse søte figurane på. Eg klarer ikkje å gi dei fra meg, så tanken er å bruke dei til scrapping eller berre ha dei framme på hobbyrommet som inspirasjon.

1 kommentar:

  1. Kjempefine bokser fra Blafre design, de har mye fint syns jeg.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)