mandag 17. januar 2011

Ja, her bur det barn #8

Årets første "Ja, her bur det barn"-bilder. Votter, hansker og luer har ein tendens til å fylle både golv og benk i gangen. Men sjølv om det kanskje ser litt rotete ut no, så kan det hende eg kjem til å savne dette om nokre år når ungane er blitt store og flytta ut...

Det kan vere vanskelig å finne plass til alt av uteklede no om vinteren, men heldigvis har vi ein utgang i kjellaren òg så vi kan oppbevare litt kle der også.

Å gjøre rent i huset mens dine barn vokser opp, er som å måke fortauet før det har sluttet å snø.
~ Phyllis Diller

Ungane pleier å få ha ein boks med leiker i stova (enten duplo, lego, togbane el.l.) og då blir det ofte laga byggverk som må stå nokre dager. 
Merkelig nok blir dei ikkje leika så mykje med etter at dei har blitt byggd, så når det er på tide å rydde det vekk, og motstanden mot dette er sterk (skjønner jo at dei vil at det dei har byggd skal få stå sidan dei har lagt ned mykje tid i det...) så er det godt å ha eit kamera tilgjengelig så dei kan få ta bilde av kunstverket sitt.

1 kommentar:

  1. Godt å se at andre også har ganger som bærer preg av at det bor barn der;) Kan til tider flyte over her, og spesielt om vinteren... Gleder meg til sommer med varme og unger i mindre klær;)
    Ha en nydelig kveld, klem♥

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)