torsdag 20. januar 2011

Bestemors historie og litt slektsgransking

Denne boka har eg kjøpt hos Sandvik og gitt til begge bestemødrene mine. Den heiter "Til mitt barnebarn" og inneheld mange spørsmål om besteforeldrenes historie. Farmor døydde for 4 år sidan og rakk ikkje å fylle ut heile boka, men det ho skreiv er interessant å lese og har hjulpe meg når eg har fyllt ut litt av slektstreet mitt.

Eg er nok litt fascinert av livet i gamle dager. Eg liker å høyre om korleis kvardagen var den gongen, for på mange måter er den heilt annleis enn det våre kvardager er.  Derfor besøkte eg mormor for å hjelpe ho å fylle ut boka og høyre litt av hennar historie. Dette resulterte i 7 tettskrevne A4 sider om ho og livet henner. Ho sa at det kan no ikkje vere interessant for meg å høyre på det ho forteller, men då svarte eg ho med eit spørsmål; om ikkje ho kunne likt å vite litt om sine besteforeldre og oldeforeldre? Og då sa ho ikkje noko meir om den saken :)

Denne boka kjøpte eg på tilbud for nokre år sidan; "Den store slektsboken". Her kan man fylle ut slektstre og litt anna info om slekt og familie. Tanta mi har lagt ut ein del av slektstreet til familien vår på myheritage.no så ved hjelp av denne fekk eg fyllt ut nokre av greinene. Eg har også lånt eit par bygdebøker som eg har leita i og slått opp i, og etterkvart fått fyllt ut ein del av dei andre greinene også. Interessant.

1 kommentar:

  1. Så spennende :) Sånn bok til bestemoren til ungen kunne jeg tenkt meg :)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)