mandag 31. januar 2011

Venter eit lite sommerbarn ♥

Ein liten nyhet herifra: til sommeren får vi ein liten til i familien
I dag var vi på ultralyd, og alt såg ut til å stå bra til med den lille. Alt blir meir virkelig no når eg har begynt å kjenne spark, og no også har har høyrt hjertelyden og fått sjå den lille 

lørdag 29. januar 2011

Ja, her bur det barn #9

Eldstejentas settehylle, med bla. Hannah Montana-lys og Winx figurer. Ho har mala hylla sjølv.

Eit veldig typisk tegn på at vi har barn i hus; poser med klè som er for små til 7 åringen :)

torsdag 27. januar 2011

Nye, søte t-skjorter til minstemann og isholdere


Då vi var i Bergen forrige helg fann eg eit par søte t skjorter, som eg berre MÅTTE ha :)

Denne øverste var den eg likte best, men dei hadde den desverre berre i str 1 år. Då eg kom heim var eg innom probat.no for å sjå om dei solgte den der, og det gjorde dei!! Så då måtte den bestilles, og den kom i posten i dag :) Ville aller helst hatt den i str 5-7 år, men dei hadde berre str 3-4 igjen. Ja, ja- vi skal no få brukt den godt.

T skjorta nedanfor var også ganske skjønn. Litt usikker på om minstemann kjem til å like den når han blir 5-7 år (som er størrelsen eg kjøpte den i)- men vi får heller bruke den mykje no :)







Desse is-holdarane har eg tenkt på i heile sommer. Tenkte at eg burde ha kjøpt dei på nettet, men nokre ting blir berre utsatt og utsatt.... Til no, når dei dukka opp foran meg på butikken vi var innom :)
Perfekt for dei minste is-etarane (viss dei funker som dei skal)


Kopiert fra http://idepikene.no/ si nettside:

"Smekkis
Sommeren er ikke langt unna og mange gleder seg til å starte is-sesongen. Som småbarns-mødre har vi mye erfaring med is-spisende barn, som griser på klær og i bilen m.m. Dette ønsket vi en slutt på, og har derfor utviklet Smekkis.
Dette er en is-smekke i silikon som er lett å tre på pinnen. Den samler opp smeltet is - og vips ikke mere gris! Dette er et "må-ha" utover sommeren. "

(NB!! Dette er eit innlegg som eg skreiv for ei stund sidan, men som no la seg først då eg redigerte det litt)

Heimelaga gavekort

Eg har lenge tenkt eg skulle pynte ein "tag" med scrappepynt, og då eg laga eit gavekort (med gavekort-kode til ein scrappe-nettbutikk) så fekk eg prøvd ut dette.
Pynt: Gammeldags motiv, blondebånd, rund tag med stempla gratulasjonstekst på, blomster, diecut-swirl, lilla knapp, små perler og hjerte-charm.

søndag 23. januar 2011

LO: Prinsessekjole fra WDW (askepott)

Då vi var i Magic Kingdom fekk mellomstejenta velge seg ut ein prinsessekjole i tillegg til at ho fekk krone, hansker og vesker til. Ho valgte Askepotts prinsessekjole.

Detaljer:
3D klistermerke

Prima-blomst med "say it in crystals-bling" i. Og dekorativ journaling-ark

Sommerfugler stansa ut med punch, og pynta med bling.

Prima-swirl, div blomster, perler og Mikke-pynt

lørdag 22. januar 2011

LO'er: Som i en drøm (Disney)

Sjølv om heile turen var som ein drøm med mange fine opplevelser, så er det jo nokre inntrykk som sit igjen. Eit av desse var den store Disney-butikken i Downtown Disney. Dette er verdens største Disneybutikk, og den var så gjennomført og flott... og kjempestor.

Pynt på denne: Tegna kvit ramme rundt bildene, Tingeling-klistermerke, glitterprikker laga med stickles, dei kvite bokstavane glitrer og Mikke mus klistermerkene danner ordet "World of Disney".

Prinsesse-avdelinga var ikkje mindre imponerende, både for små og store prinsesser.
Pynt på LO'en: Tegna kvit ramme rundt bildene, og klistermerker med prinsessene og Minnie.

LO'er: Planlegging av Floridatur

Før jul blei hobbyrommet mitt brukt til div. juleaktiviteter som å pakke inn julegaver. Derfor var det deilig å få rydda ut jula derifra og kunne scrappe littegrann. No har eg begynt på bildene fra Floridaturen vår i fjor. Først ut laga eg eit par LO'er om planlegginga og To Do-listene mine.
Det blei mykje tekst på desse, og det ser kanskje litt rotete ut... men samtidig representerer dei ein stor del av  tida mi før turen. Masse tanker, masse nedskreve info og ting å hugse, masse lister og pakkelister (pakkelistene var for mange til at eg kunne lage ein LO av dei).

På LO'en ovenfor brukte eg bla. bilder eg fann på nettet (laga tankeskyer rundt desse) og dymotape med tekstane "glede", "spenning", "forventninger" og "a dream about to come true".

Nokre av To-do listene mine og eit bilde fra ein kveld på cruiset der eg skreiv om dagen som hadde vore og planla neste dag. Av pynt så har eg brukt eit Mikke Mus-diecut og reise-klistermerker.

torsdag 20. januar 2011

Bestemors historie og litt slektsgransking

Denne boka har eg kjøpt hos Sandvik og gitt til begge bestemødrene mine. Den heiter "Til mitt barnebarn" og inneheld mange spørsmål om besteforeldrenes historie. Farmor døydde for 4 år sidan og rakk ikkje å fylle ut heile boka, men det ho skreiv er interessant å lese og har hjulpe meg når eg har fyllt ut litt av slektstreet mitt.

Eg er nok litt fascinert av livet i gamle dager. Eg liker å høyre om korleis kvardagen var den gongen, for på mange måter er den heilt annleis enn det våre kvardager er.  Derfor besøkte eg mormor for å hjelpe ho å fylle ut boka og høyre litt av hennar historie. Dette resulterte i 7 tettskrevne A4 sider om ho og livet henner. Ho sa at det kan no ikkje vere interessant for meg å høyre på det ho forteller, men då svarte eg ho med eit spørsmål; om ikkje ho kunne likt å vite litt om sine besteforeldre og oldeforeldre? Og då sa ho ikkje noko meir om den saken :)

Denne boka kjøpte eg på tilbud for nokre år sidan; "Den store slektsboken". Her kan man fylle ut slektstre og litt anna info om slekt og familie. Tanta mi har lagt ut ein del av slektstreet til familien vår på myheritage.no så ved hjelp av denne fekk eg fyllt ut nokre av greinene. Eg har også lånt eit par bygdebøker som eg har leita i og slått opp i, og etterkvart fått fyllt ut ein del av dei andre greinene også. Interessant.

tirsdag 18. januar 2011

Hekler blomster og amigurumier

Eg har lenge tenkt at eg ville lære meg å hekle. Så i sommer tok eg med meg masse lær-å-hekle-oppskrifter på ipod og i bokform, då vi skulle på ferie. Merkelig nok blei det ikkje tid til å sette seg så mykje inn i hekling den gongen, og eg har prøvd eit par gonger i ettertid uten hell.
Men i jula fekk eg satt meg ned, og med god hjelp fra ei oppskrift i "Ett trykk" så klarte eg å hekle blomster! Kanskje ikkje verdens fineste, men det var heller ikkje meininga. Det viktigaste var at eg lærte meg det. Tanken er at eg skal bruke desse som pynt på scrapbooking-prosjekter.

I sommer kjøpte eg denne boka om korleis hekle amigurumier, og no endelig skjønner eg litt av oppskriftene som står i den. I går og i dag har eg hekla eit par hovud og ein kropp, så får vi sjå om eg får til resten.

Lær å hekle-linker:
(man kan finne mykje på youtube også)

Hekle blomster-link:

Her er blogger og nettsider med gratis amigurumi-oppskrifter:
Hos mamma.no finn du oppskrift på korleis hekle amigurumier.
Amy's Odyssey
Crochet mama's blog
BitterSweet
Suncatchereyes
Nimoe's blog
hekleoppskrift.com (norske og engelske)
Ami List
Aminas animals
Crochet pattern central (massevis av oppskrifter)

mandag 17. januar 2011

Ja, her bur det barn #8

Årets første "Ja, her bur det barn"-bilder. Votter, hansker og luer har ein tendens til å fylle både golv og benk i gangen. Men sjølv om det kanskje ser litt rotete ut no, så kan det hende eg kjem til å savne dette om nokre år når ungane er blitt store og flytta ut...

Det kan vere vanskelig å finne plass til alt av uteklede no om vinteren, men heldigvis har vi ein utgang i kjellaren òg så vi kan oppbevare litt kle der også.

Å gjøre rent i huset mens dine barn vokser opp, er som å måke fortauet før det har sluttet å snø.
~ Phyllis Diller

Ungane pleier å få ha ein boks med leiker i stova (enten duplo, lego, togbane el.l.) og då blir det ofte laga byggverk som må stå nokre dager. 
Merkelig nok blir dei ikkje leika så mykje med etter at dei har blitt byggd, så når det er på tide å rydde det vekk, og motstanden mot dette er sterk (skjønner jo at dei vil at det dei har byggd skal få stå sidan dei har lagt ned mykje tid i det...) så er det godt å ha eit kamera tilgjengelig så dei kan få ta bilde av kunstverket sitt.

søndag 16. januar 2011

Nytt prosjekt på gang: Project Life

I love Project Life by Becky Higgins

Eg sit og lager fotobok av bildene som eg tok til "A Week In The Life"-prosjektet mitt. Riktignok blei bildene tatt i mai, men sidan eg heldigvis noterte litt kvar dag så gjer det ingenting at det går litt treigt å få bildene og tekstane i bok.
Her kan du lese det eg skreiv om dette:
Nytt prosjekt: scrapper "A Week In The Life"
Week In The Life- bilder

Mens eg sat og las på ideer og tips til dette prosjektet tidligare i dag, fekk eg lyst til å begynne på eit nytt prosjekt; "Project Life". Dette kjem til å bli eit år med mange små og store begivenheter, og kanskje litt små og store forandringer i livet vårt. Og desse vil eg ta bilde av. Eg begynner i morgon :)

Meininga er at eg skal ta eit bilde (nesten kvar dag), og notere meg nokre ord om kvifor eg tok akkurat dette bildet (det kan td. vere eit ord, ein tekst, eit dikt/sitat, ein samtale, ein tanke...). Når eitt år har gått skal eg sette desse i album (enten ved å lage fotobok, eller kanskje kjøpe det digitale kit'et til Becky Higgins).

Eg tenker å ta bilder av kvardagslige ting, men har også laga meg ei liste med ting eg MÅ ta bilder av og tips til andre ting eg kan ta bilder av.

Kvar veke tenker eg at eg td. skal ha minst eitt bilde av personer.
Kvar måned skal eg ha minst eit bilde av årstida vi er inne i.

Andre døme på ting eg kan ta bilder av:

  •  Rutiner/vaner i familien vår
  • Ting vi/barna lærer
  • Favoritter (td. kle, mat, på tv, leiker...)
  • Ting og tang (mat, hus, rom, leiker, elektroniske duppedingser)
  • Dyr og natur
  • Aktiviteter
  • Venner, skule og jobb

Har du holdt på med noko liknande så skriv gjerne ein kommentar om det :)
Du kan lese meir om dette på Becky Higgins si nettside og i bloggen hennar.

lørdag 15. januar 2011

Fleire frostige bilder

Det er fint å zoome inn frostkrystaller, og sjå kor flotte dei egentlig er.

På avstand er det ikkje like enkelt å sjå kor fine dei er, men dei kan vere fine sammen også. Her på nokre strå som heng ned fra eit tak.

Frostig gjerde

Edderkoppens kunstverk vises også bedre med frostkrystaller på.

Mammablogg awards 2011

Foreldremanualen skal også i år kåre fjorårets beste mammablogg, og dei nominerte i dei ulike kategoriane skal snart offentliggjerast. Eg var så heldig å vere nominert blandt dei kreative mammabloggerne i 2009, og det å bli nominert ser eg på som ei stor ære for det fins jo så mange andre utrulig bra blogger der ute. No er eg spent på kven som blir nominert denne gongen, både i denne kategorien og i alle dei andre. 

Eit lite utdrag fra det Foreldremanualen har skreve om konkurransen:
"Responsen på Mammablogg Awards har vært mye større enn i fjor, ikke så rart med tanke på hvor mange mødre som har startet å blogge det siste året! Hele 90 forskjellige blogger ble nominert, og 30 av disse går altså videre til morgendagens avstemming.
Vi spår at det også i år kommer til å bli knivskarp konkurranse i kategorien “Årets morsomste mammablogg”, og vi håper på like festlige “valgkampanjer” som i fjor! ;-)
Vi håper dere stikker innom alle bloggene som er nominert i hver av kategoriene, da vi kan skrive under på at det absolutt er en grunn til at de er nominert som Norges beste mammabloggere!"

torsdag 13. januar 2011

Bilder fra ei istid

Man kan vel ikkje akkurat kalle den kalde perioden i desember for ei istid, men det var jo kaldt, og is og spesielt frost la seg på det meste som var å finne utendørs. Eg kan ikkje hugse sist det var snø og kulde så lenge, men i fjor hadde vi to perioder med dette. Ein på begynnelsen av året, og ein på slutten. Så då kan jo også våre barn kanskje tenke tilbake på barndommen sin når dei blir eldre, og tenke at det var mykje snø og kulde då dei var små...

Eg synest det er fascinerende å sjå korleis frosten legg seg overalt. Snø hadde lagt seg på plassane der den dala ned, men frosten legg seg inn i alle krinkelkroker uten å tenke på vinkler og posisjon.

Fuglen på dørkransen vår kunne man knapt sjå

Minstemanns trillebår slapp heller ikkje unna, der også håndtaka blei dekka av den kvite frosten.

Og all denne frosten består egentlig av tusenvis, og kanskje millionvis, av små og unike frostkrystaller.
*Nydelig*

mandag 10. januar 2011

Dåpskort til ei lita prinsesse

Dette kortet laga eg til ei vi var faddere på.
Av pynt så har eg brukt: blondebånd, kvite perler, rosa perler, rosa roser, kvite blomster, hjerte-charm, stempla tekst på vellum og blondeserviett.

På baksida av kortet limte eg på ein stor diecut og eit stempel med navnet mitt på.

torsdag 6. januar 2011

Kveldstur med fakler og pølsegrilling

Nest siste kvelden i 2010 pakka vi med oss pølser og kakao, og gjekk opp til ishuset vårt for å ete kveldsmat. Vi tente fakler for å lyse opp vegen oppover i skogen.

3 barn = 3 tente fakler som lyste opp den snøbelagte stien oppover mot målet vårt.

Det var ein fin og stemningsfull tur. Og sjølv om røyken fra bålet av og til kunne bli litt intens i ishuset som vi satt i, så er jo kanskje det litt av sjarmen med å grille pølser ute i naturen :)

mandag 3. januar 2011

Ishuset vårt

Ein dag i Desember skulle eg og minstemann gå i møtings med mannen og jentene som hadde vore til skogs og henta juletre. Minstemann hadde knekkt ei nøtt før vi gjekk oppover, og tok med seg halve nøtta - for den skulle pappaen få.

Under denne store steinen er det fint å sitte, og nokre gonger har vi pleid å ta med oss lunsjen opp hit (på varmere dager). Men i dag var det ikkje mulig å komme seg under steinen, for stien var dekka av is. Minstemann måtte gå utanfor hula for å komme seg på andre sida, der han møtte pappaen og søstrene.

På veg nedover att måtte vi innom ishuset, som er på innsida av all denne isen.

Ungane har kvar sine "rom" inne i ishuset, her er minstemann på veg inn til sitt.

Her er to av inngangene til vårt flotte ishus.

Eit tilfrossent gjerde

Vi har vore heldige å oppleve ishuset to gonger i året som var; i januar/februar og i desember. Det er mange år sidan det har vore kaldt nok til å bli danna så mykje is.

Her er eit par innlegg eg skreiv i februar om ishuset vårt: