torsdag 23. april 2009

Tid for trening

Har trent litt i dag.
Det var først etter å ha blitt mamma for tredje gong og då eg runda 30 at eg egentlig skjønte kor bra trening er for kroppen. Eg har aldri av dei som har trent masse... i perioder har eg trent litt, og i perioder ingenting. Eg har hatt om helse og trening på skulen då eg var yngre, og lest mykje om det- men det er først når eg begynte å bli hemma av ein litt dårlig trent kropp at eg fann ut kor bra det egentlig er. (Spesielt merka eg tyngda på kroppen etter fødselen med minstemann. Då var eg 10 kg tyngre, og 100 cm større i ulike kroppsmål enn det eg er no... og sidan eg ikkje er heilt normalvektig no, så hadde det ein del å sei den gongen når eg var enda større).

Eg trener ikkje hovudsaklig for å bli slankere, men for å bygge opp kroppen så den skal bli sterkare i kvardagen. Eg trener ikkje for å holde meg ung, men for at eg skal vere i god form når eg blir eldre.

I fjor fekk eg litt problemer med eit kne. Og gjekk til kiropraktor for å få det i orden. Det gjekk bra. Då eg hadde min siste behandling for kneet tenkte eg at eg kunne no nevne det lille ryggproblemet eg har hatt sidan min andre fødsel. At eg lett blir sliten og blir stiv i korsryggen om eg bøyer meg mykje. Og at eg ikkje kan ligge på magen i senga om morningen- for då blir eg stiv utover dagen.

Det første eg fekk vite var at eg ikkje måtte ligge på magen... Eg meinte at eg fekk ein "knekk" i ryggen under andre fødsel som har fulgt meg sidan då, og kom tilbake for fullt under min tredje fødsel. Han meinte at årsaken var at eg hadde ligget mykje på magen (ikkje under svangerskapet, men ellers). Om eg ville ligge på magen, så burde eg iallfall ha ei pute under magen/hoftene.
Og det blei til at eg forsatte å gå til kiropraktor for å rette opp igjen det som var bak i ryggen.

Eg begynte å trene hos kiropraktoren. Eg har alltid hatt lyst til å trene i studio, men har ikkje funne muligheten til det sidan eg bur langt ifra det. No trente eg der, ein gong i veka, i løpet av fleire måneder. Til slutt valgte eg å gi meg, sidan dette var den fridagen eg hadde sammen med ungane- og istedenfor å bruke dagen på køyring og trening, ville eg heller vere sammen med dei. Men eg fekk med meg eit treningsopplegg som eg kunne følge.

Det gjekk eit par måneder, november og desember (sydentur og juleforberedelser), uten noko særlig trening. Treningssykkelen eg hadde fått til bursdagen, var forsatt lite i bruk sjølv om den stod lett tilgjengelig.

Etter nyttår måtte eg ta grep. Eg hadde merka effekten av trening... Tidligare var eg alltid meir eller mindre stiv i skuldrane. Men ved hjelp av kiropraktor og trening blei dette mindre og mindre av. Og kjente eg at stivheten meldte seg, så hjalp det ofte med ei lita treningsøkt.

Eg kom fram til det at noko måtte gjerast. Eg måtte få rutine på treninga mi og sette av tid til dette- ellers var det vanskelig å få det gjort. Dei små fristundene eg hadde, når ungane var litt ute med pappaen sin eller bestefar (som bur i nærheten)... blei brukt til husarbeid eller kanskje kun berre til å slappe av og nyte stillheten.
Eg burde kunne trene litt om kveldane, sånn som eg hadde gjort tidligare (etter at eg fekk barn nr 1 og 2).... men dei 2-3 timane eg hadde om kveldane blei brukt til litt rydding etter dagen, tv/data, og kanskje ein gong innimellom; scrapping.

Eg fekk hjelp av svigermor og svigerfar. Eg jobber kun 2 dager i veka, og har resten av veka fri (sammen med ungane). Vi avtalte at på to av fridagane mine skulle dei passe dei ein times tid, så eg fekk satt av tid til å trene. Dei liker å ha ungane litt, og er veldig flinke til å hjelpe til- om vi ikkje hadde hatt dei i nærheten hadde kvardagen vore eit større puslespill å få til. Så vi er utrulig heldig som har dei så nær.
Om kveldane tenkte eg at i stedet for å sitte i stolen og sjå tv, så kan eg heller sitte litt på sykkelen mens eg ser tv.

Sånn har vi hatt det sidan januar. Som eg skreiv tidligare, har eg hatt lyst til å begynne å trene i studio. Men det er vanskeligere å få til.
Trening heime er lettare å få til, sjølv om det kanskje ikkje er like kjekt.
På januarsalget kjøpte eg meg litt treningsutstyr, som treningsmatte, håndvekter, ball o.l. I ettertid har eg også gått til innkjøp av fleire forskjellige treningsvideoer. Veldig kjekt å prøve ut nye måter å trene på!! Eg har lenge vore på utkikk etter meir danse-prega treningsvideoer. Og har funne nokre. Nokre har eg prøvd, men ikkje alle.
Etterkvart som eg bruker dei, tenkte eg at eg kanskje innimellom skulle skrive om dei her.

I dag har eg brukt desse:
Video Vitamin 4 med Kari Jaqueson. Ein DVD som eg har hatt i mange år, uten å bruke den. Men no er den tatt i bruk. Og sjølv om det ikkje er den mest fengande, så er det iallfall bra trening!

Eg prøvde også ein heilt ny DVD i dag, ein eg har vore spent på, for den innheld ein del dans. Ein treningsmåte som eg alltid har likt, sjølv om eg aldri har kunna å steg og "moves" innafor desse dansemåtane.
Denne DVDen heiter
Dance Extreme the workout. Med disco, hip hop, pop, latin og house. Den virka veldig kjekk- ein morsom måte å bevege kroppen på. Eg fekk prøvd halvparten av den før kidza kom inn, og so far so good. Denne likte eg, og eg trur nok at eg skal få med eldstejenta mi på å prøve ut denne ein gong. Ho elsker å danse :)

I tillegg fins det massevis av info og treningstips ute på nettet.



1 kommentar:

  1. Den trenings-DVD`en hørtes gøy ut ja :) Burde sikkert prøve litt nye treningsvideoer eg også, er litt lei av Kari kan du sei, hehe. Men er mest styrketrening eg er ute etter, sidan eg går mykje turer ellers liksom.

    Kjekt å endelig kunne kommentere litt i bloggen din. I like! :D

    Jannike.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)